Hopp til innhald

Autonomous University of Madrid

The Autonomous University of Madrid (UAM) er eit spansk offentleg universitet som vart stifta i 1968. Det har heilt sidan starten vore eitt av Spanias høgast ranka institusjonar. Hovudcampusen ligg 15 kilometer nord for Madrid.

Madrid er hovudstaden i Spania, og er, med sine 3,2 millionar innbygjarar, også den største byen. Madrid er ein moderne storby, og kan tilby det meste av det ein er ute etter når ein besøker slike. Men byen har også teke vare på utsjånaden og opplevinga av dei mange historiske nabolaga. Byen huser også det kongelege palasset, nasjonalteateret og operaen.

Gjeld for

Campus Bergen

Erasmus+

Dette er ein Erasmus+ avtale. Som Erasmusstudent deltar du i verdas største utvekslingsprogram og kan studere på gode europeiske universitet utan å betale skulepengar. Gjennom Erasmus+ får du ekstra stipend som gir deg meir pengar til å nyte opphaldet.

Språk

Det er krav om B1 i spansk eller engelsk på bachelornivå, og B2 for master- og ph.d.-studentar.

Alle som reiser på Erasmus+ utveksling må ta språktest på nettet før dei reiser, og får tilgang til eit språkkurs gjennom denne tenesta. Avdeling for Forskning, Internasjonalisering og Innovasjon (AFII) informerer deg før testen.

Kan du dokumentere at delar av studiet vert undervist på spansk, kan du få stønad frå Lånekassen til eit 4 ukers språkkurs som tas i Spania i forkant av semesteret.

Studieavgift

Du betaler ikkje skulepengar ved denne institusjonen, og får Erasmus+ stipend i tillegg til støtte frå Lånekassen. Frå Lånekassen vil du få same støtte som når du studerer i Norge, i tillegg til reisestøtte. Du må betale semesteravgift til HVL for å få lån og stipend frå Lånekassen i utvekslingsperioden.

Faglig godkjenning

For å kunne søke om utveksling må du ha fått søknaden din godkjend av studieprogrammet ditt ved det fakultetet du høyrer til. Ein godkjend søknad inneber blant anna at du har fått ein fagleg førehandsgodkjenning av kurs eller praksis som du skal ta i utlandet. Den faglege førehandsgodkjenninga spesifiserer kva du skal gjere medan du er på utveksling og at desse aktivitetane vert fullt ut godkjend som ein del av din utdanningsplan ved HVL.

Kva kan du studere?

Bachelor i ingeniørfag, data

Det er lagt til rette for utveksling i 5. semester. Ta kontakt med faglig kontaktperson for meir informasjon.

Felles masterprogram i programvareutvikling

Ein kan legge til rette for utveksling i løpet av mastergraden, anten for å ta teoretiske emne eller i forbindelse med arbeidet med masteroppgåva. Snakk med studierettleiar og fagleg kontaktperson for å finne ut når i studieløpet det passar best å dra.

Bachelor i informasjonsteknologi

Det er lagt til rette for utveksling i 5. semester. Ta kontakt med faglig kontaktperson for meir informasjon.

Ph.d.-program i Datateknologi; programvareutvikling, sensornettverk og berekningsorientert ingeniørvitskap

Du kan reise på utvekslingsopphald i løpet av doktorgraden din. Avtal med rettleiar og ph.d.-koordinator når det passar å dra på utveksling og lengde på oppholdet.