Informasjonsteknologi | Haugesund

Bachelor

Vil du planlegge, programmere og drifte datasystem eller utvikle nye digitale løysingar? Då ei IT-utdanning i Haugesund vere noko for deg!

Haugesund

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Søknadskode i Samordna opptak

    203436

    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2)

    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere informasjonsteknologi?

    Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Med ei IT-utdanning kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida, og med ein bachelor i informasjonsteknologi er arbeidsmoglegheitene mange.

    Datasystem blir brukt på dei fleste område, for eksempel i helse og omsorg, finans og media, handel og energiforsyning. Med ei IT-utdanning vil du ofte jobbe i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk.

    Gjennom studiet i informasjonsteknologi lærer du om korleis datamaskiner fungerer. Du lærer å programmere og å utvikle programvare til alt frå enkle appar til store IT-system. Ei rekkje tema knytt til konstruksjon og drift av IT-system er også ein viktig del av studiet.

    Du lærer

    • grunnleggande programmering
    • korleis ein kan samarbeide om større programmeringsoppgåver
    • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
    • om databasar og web-baserte system

    I siste del av IT-studiet kan du spesialisere deg innan web- og mobilteknologi og kunstig intelligens og algoritmar. 

    Vi tilbyr denne utdanninga på heiltid i Bergen, Førde og Haugesund. Det kan vere lurt å søke fleire stader. 

    Studentjobb i Haugesund 

    Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar. 

    Kva er forskjellen på dataingeniør og informasjonsteknologi?

    Utdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som dataingeniørutdanninga ved HVL. Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er dermed den same. Hovudforskjellen ligg i nokre av matematikkfaga og opptakskrava.

    Korleis er undervisninga?

    IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.

    Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalab, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium og gruppearbeid.

    Ein del av emna har nettundervisning saman med studentane på informasjonsteknologi i Bergen, supplert med fysisk rettleiing på campus.

    I siste del av studiet skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar, der de skal utvikle eit lite datasystem. Tema for prosjektet blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og det kan også utførast utanlands.

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Praksis på informasjonsteknologi

    I 3. studieår kan du ha praksis i ei lokal bedrift i haugesundsområdet. Du deltar aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, og får verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i siste del av utdanninga.

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i informasjonsteknologi kan du søke deg inn på følgande program på HVL:

    Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

    Andre utdanningar du kanskje vil like