Eit studium med gode jobbmoglegheiter

Maksim utdannar seg til dataingeniør ved Høgskulen på Vestlandet. Gode jobbmoglegheiter ventar den som utdannar seg til dataingeniør i dag.

Navn: Maksim Ohvrill
Campus: Bergen
Utdanning: Bachelor i dataingeniør

– Kvifor valde du dataingeniør?

– Eg har alltid vore interessert i data og har skrudd på pc'ar og all slags elektronikk så lenge eg kan hugse. Eg har eigentleg bakgrunn som matros, og hadde ikkje erfaring med programmering før eg starta på studiet. Men eg hadde lyst til å lære meg å utvikle datasystem og var motivert for ein jobb innan IT. 

- Kva er det kjekkaste med studiet og kvifor?

– Å lære seg ny teknologi og få forskjellige system til å fungere ilag er kjekt. Undervegs kan du møte på mange utfordringar, men det er det som gjer det litt gøy også. Men det aller kjekkaste er definitivt folka på studiet - vi har eit veldig bra miljø her! Folk er veldig opne og hjelpsame, og ein kjenner seg aldri åleine om ein støyter på eit problem. 

– Kven passar denne utdanninga for? Er det spesielle interesser ein bør ha?

–  Vi som går på dataingeniørstudiet har forskjellig bakgrunn og utdanninga passar i utgangspunktet for mange. Men om ein skal halde på motivasjonen i lengda, er det kanskje ein fordel om ein har interesse for elektronikk, data, matematikk og algoritmar. Samtidig kan det jo også skje at ein oppdagar nye interesser etter at ein har begynt på eit studium, så ein må absolutt tørre å prøve!

- Kva drøymer du om å jobbe med i framtida?

– På sikt har eg lyst til å starte opp noko for meg sjølv, så får vi sjå om det kjem til å skje. Akkurat no synes eg alt som har med blockchain å gjere er gøy, så førebels er drøymejobben å begynne som blockchain–utviklar. 

- Kva likar du best ved å studere ved campus Bergen?

–  Valet fall på Bergen sidan det ikkje er så langt frå der eg kjem ifrå. Men eg angrar ikkje på valet. Det er veldig hyggelege folk, og i Bergen er ein by der alt er sentralt og nærme. Dessutan er HVL sin campus i Bergen ganske ny og fin. Det er alltid noko som skjer her, og om du følgjer litt med er det alltid noko kjekt å finne på! 

Kva kan ein dataingeniør jobbe med?

Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er difor stort. 

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar, samt alle greiner av det offentlege. En dataingeniør kan for eksempel jobbe som systemutviklar, IT-prosjektleiar, datanalytikar, IT-adminisitrator eller sikkerheitsrådgjevar.

Å arbeide med IT er svært varierande og omfattar arbeidsoppgåver som programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt. Webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande er aktuelt i dei fleste bransjar, og mange vil arbeide med å utvikle slike system. Innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare er også typiske arbeidsoppgåver.

Les meir om bachelor i dataingeniør