
Byggingeniør | Førde | y-veg
Bachelor
Byggingeniører planlegg, prosjekterer og leier arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett og infrastruktur. I Førde kan du ta byggingeniør-utdanning gjennom y-vegen. Da kan du gå frå fagbrev til ingeniør på 3 år!
Kvifor bli byggingeniør?
Vil du bidra til å skape nye tekniske løysingar og utforme omgjevnadane i samarbeid med andre? Som byggingeniør vil du få eit spennande yrke med mange moglegheiter.
På studiet lærer du å:
- planlegge og gjennomføre bygg- og anleggsprosjekt
- vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
- jobbe i tverrfaglege grupper og gjennomføre prosjektarbeid
Byggingeniør-utdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og noko samfunnsfag. I tillegg til dei obligatoriske faga kan du velje mellom ulike valfag.
I 2. studieår kan du velje å spesialisere deg innan prosjekt- og byggeleiing.
Kva er y-vegen?
I Førde kan du bli byggingeniør gjennom den såkalla y-vegen. Dette passar for deg som har yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev.
Du startar med eit mattekurs på 6 veker (måndag-fredag) sommaren før du begynner på utdanninga. Sommarkurset 2023 startar måndag 26. juni og har eksamen 4. august. Du tar fysikken første semesteret, og norsk i løpet av det første året.
Ved å ta y-vegen blir du ingeniør på 3 år.
Ønsker du å ta y-vegen, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak.
Studentjobb i Førde
Få jobb mens du studerer! I Førde har du moglegheita til å få ein relevant deltidsjobb ved sida av studia. Les meir om studentjobb.
Kva kan du jobbe med?
Som byggingeniør har du eit stort spekter av jobbmoglegheiter. Byggingeniøren kan mellom anna arbeide i:
- entreprenørbedrifter
- rådgjevande ingeniørbedrifter
- tekniske etatar i stat og kommune
- private eigedomsfirma
- eigedomsforvaltarar
- byggeindustrien
- byggevarefirma
- bransjeorganisasjonar
- forsking og undervisning
Du jobbar både ute på anlegg og inne på kontor med administrative oppgåver.
Lønn: Kva tener ein byggingeniør?
I følge utdanning.no tener ein byggingeniør i gjennomsnitt 700 000 kroner i året.
Korleis er undervisninga?
Arbeidsformene varierear mellom forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing.
Ein del av emna har nettundervisning saman med studentane på byggingeniørstudiet i Bergen.
Den avsluttande bacheloroppgåva blir som regel utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet i førderegionen.

Praksis
Det er moglegheiter for å få godkjend praksis om sommaren mellom 4. og 5. semester.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i løpet av studietida.
Vidare studium etter fullført utdanning
Etter fullført bachelor i byggingeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:
- Master i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping
- Master i areal og eigedom
- Master i berekraftig energiteknologi (sivilingeniør)
- Master i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap (sivilingeniør)
- Master’s in Fire Safety
Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.