Yrkesveg (y-veg): For deg som har relevant fagbrev eller sveinebrev

Har du yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev? Då kan du ta ingeniørutdanning eller nautikkutdanning gjennom y-vegen.

Hopp til

    Kva kan du søke?

    Du kan søke om y-veg i Førde eller Haugesund. I Førde kan du bli ingeniør. I Haugesund kan du bli ingeniør eller ta nautikk.

    Slik søker du

    Du registrerer din søknad i vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.

    For deg som vil ta ei ingeniørutdanning

    I tillegg til dei ordinære faga har du ekstra undervisning i realfag og norsk. Du fullfører utdanninga på ordinær tid (3 år).

    Du startar med eit mattekurs sommaren før du begynner på utdanninga.

    Undervisninga går over 6-7 veker på sommaren (måndag-fredag), og blir avslutta med eksamen. 

    Oppstart for sommarkurset i Haugesund er tysdag 17. juni. Eksamen er tysdag 5. august.

    Oppstart for sommarkurset i Førde er tysdag 23. juni. Eksamen er fredag 1. august.

    Du tar fysikken første semesteret, og norsk i løpet av det første året.

    For deg som vil ta nautikkutdanning 

    Ved oppstart av studiet tar du et forkurs i matematikk og norsk. Dette forkurset vil være uka før ordinær semesterstart, og det er obligatorisk å delta på forkurset. Du tar også fysikk første semesteret. Resten av utdanningen går du sammen med studentene på bachelor i nautikk.

     

    Passar ikkje y-veg deg? Sjekk andre tilbod vi har!