Opptak til vidareutdanningar og halvtårsstudium

Her finn du utfyllande informasjon om søking og opptak til våre vidareutdanningar.

Slik søker du

Du søker opptak til halvtårsstudium og vidareutdanning i vår lokale Søknadsweb. Viktige datoar i opptaket er:

1. februar: Søknadsweb opnar
20. april (gjeld 2022): Søknadsfrist 

Fristar kan avvike frå denne oversikta. Sjekk alltid heimesida til studieprogrammet for gjeldande frist.

Sjå fleire viktige datoar og fristar her.

Opptakskrav

Opptakskrava avhenger av kva nivå utdanninga er på. På lågare grads nivå, er det i hovudsak krav om generell studiekompetanse. På høgare grads nivå, er det som regel krav om fullført bachelorgrad eller anna høgare utdanning.

Fleire studieprogram har spesifikke opptakskrav i tillegg, som fordjupingskrav, karakterkrav eller praksiskrav. Du finn alltid det fulle opptakskravet på nettsida til det aktuelle studieprogrammet.

Praksiskrav

Ved nokre studieprogram er det krav om relevant praksis. Dette vil stå i opptakskravet. Det vil og stå kva type praksis og kor lang erfaring som er krevd.

Praksis må vere relevant for utdanninga du søker, og vere gjennomført etter fullført kvalifiserande utdanning. Praksis vert rekna frå datoen som står på vitnemålet frå den kvalifiserande utdanninga.

Eitt år praksis tilsvarar 12 mnd i heiltidsstilling. Deltid vert rekna om til heiltid – eksempelvis vil to år i 50% stilling telle som eitt år fulltid.

Nyttig informasjon

Poengutrekning og poenggrenser

Poengutrekninga tar utgangspunkt i karakterar frå den utdanninga som opptakskravet baserer seg på. Den kan vere anten utdanning frå vidaregåande skule, eller høgare utdanning. Sjå meir om korleis vi reknar ut din poengsum her.

Poenggrensa seier noko om kor vanskeleg det er å få plass på eit studieprogram. Grensa blir ikkje satt på førehand, og kan variere frå år til år ut. Du finn poenggrensene frå forrige opptak på studieprogramsida for studiet. Eldre poenggrenser finn du her:

Sjå tidlegare poenggrenser

Dokumentasjon og elektroniske dokument

Dokumentasjon er det som viser at du er kvalifisert for utdanninga du har søkt opptak til. I søknaden må du dokumentere at du møter det fulle opptakskravet ved utdanninga. Mykje kan dokumenterast digitalt.

Sjå meir om kva som er gyldig dokumentasjon for ulike krav, og korleis du lastar dette opp i søknaden:

Meir om dokumentasjon

Tilbod på vilkår

Fullfører du utdanning etter søknadsfristen går ut, må du fortsatt søke om studieplass innan ordinær frist. Då konkurrerer du med karakterane du allereie har fått. Svar på opptaket kan bli sendt ut før du har fått vitnemålet ditt. Då kan du få tilbod på vilkår.

Når du søker
Når du søker opptak må du skrive i merknadsfeltet i søknaden kva utdanning du held på med, og når du fullfører denne.

Etter du har fått tilbod
Dei konkrete vilkåra vil stå i tilbodsbrevet ditt. Du har ansvar for å dokumentere at vilkåra er møtt innan fristen som er gitt. Dette gjer du ved å sjekke om digitale resultat er tilgjengeleg i søknaden din – viss ikkje må du laste opp dokument i søknadsweb. Krav til gyldig dokumentasjon finn du her.

Utdaninning frå utlandet

Generell studiekompetanse
Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse. Det inkluderer norsk- og engelskunnskapar på godkjent nivå. Les meir om korleis du søker med utdanning frå utlandet hos Samordna opptak.

Bachelorgrad
Du må dokumentere at møter krav til generell studiekompetanse, og høgare utdanning tilsvarande norsk bachelorgrad på 180 studiepoeng. Utdanning frå land utanfor Norden blir vurdert etter kriteria i NOKUT sin landdatabase

Dokumentasjon
Dersom du har dokumentasjon som ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du få det oversatt av translatør eller tolketeneste. Du må laste opp dokument både på originalspråk og oversettelse innan søknadsfrist.

Problem ved søknad

Finn ikkje studieprogrammet

  • Sjekk at du er i riktig søknadsportal.
  • Sjekk at du er innanfor søkeperioden. Kanskje er du for tidlig ute, eller har fristen gått ut?
  • Sjekk vårt studietilbod for å vite sikkert om studiet skal gå.

Problem med innlogging

Du må ha elektronisk ID for å logge inn i Søknadsweb. Du treng ikkje Feide for å søke. Dersom du opplever problem med innlogging og det er god tid til søknadsfrist, kan du prøve å logge inn igjen litt seinere. Ved stor pågang kan det ta litt tid.

Har du problem med å registrere søknaden som du ikkje får løst, må du sende oss ein e-post før søknadsfristen er gått ut, med info om kva feil som har oppstått og kva slags studium du ønsker å søke på. Ta skjermdump av eventuelle feilmeldingar og legg dette ved i e-posten.

Svarreglar

Dei som får tilbod om studieplass må takke ja i Søknadsweb innan svarfrist. Svarfrist vil stå i tilbodsbrev og inne på Søknadsweb når resultat av opptaket er sendt ut. Dei som gløymer å svare innan fristen, mister studieplassen.

Det same gjeld tilbod om å stå på venteliste. Ein må takke ja til tilbodet for å kunne bli med i eventuelle suppleringsopptak.

Studiespesifikk info

Kompetanse for kvalitet

HVL tilbyr mange studieprogram under Kompetanse for kvalitet. Dette er Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing på vidareutdanning av lærarar.

Sjå informasjon om søknadsprosessen hos Udir.

Høgskulen har ansvar for det formelle opptaket av studentar, der opptakskontoret mellom anna sjekkar at du fyller opptakskrava til studiet du har søkt. Om du har søkt eit tilbod i Udirs studiekatalog, og søknaden vert godkjend av Udir, må du hugse å søke opptak hos HVL og laste opp nødvendig dokumentasjon innan fristane som vert gitt. 

Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvikast på nokre studium om ein berre manglar faget det søkast på, for å få fullført si lærarutdanning. Viss ein søker dispensasjon frå opptakskravet, må det liggje føre ein stadfesting frå tidligare studiestad om at studiet det søkast opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.

Høgskulen kontaktar søkere til tilbod i Udirs studiekatalog tidlegast i starten av mai, etter at Udir er ferdig med fordeling av midlar til stipend- og vikarordning.

Tolking i offentleg sektor

Opptakskravet til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. I tillegg må du ha godkjent statsautorisasjon som tolk eller godkjent Tospråktest

Har du generell studiekompetanse frå utlandet, på sida finn du ditt land og gjeldane reglar for landet. Du må dekke krav til norsk, men trengs ikkje for engelsk.

Poengutrekninga er gjort på bakgrunn av tilfredsstillande resultat frå tospråktesten. Tospråktesten er ein munnleg prøve i norsk og eit tolkespråk, kor begge må ha eit resultat over 80 poeng for å få tilfredsstillande resultat. Poengutrekninga for opptaket er eit gjennomsnitt av poenga frå begge prøvene. Frå og med 2022 blir ikkje resultat frå Tospråktesten gitt med to desimalar. Søkjarar som nyttar resultat på Tospråktesten frå før 2022 vil grunna omsyn til lik handsaming få resultat avrunda etter vanlege avrundingsreglar.  Ved fleire kvalifiserte søkarar enn det er plassar, blir søkarar rangerte etter poengberekninga. Ved lik poengsum skal eldre søkjarar rangerast framfor yngre, ref. Forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet §4-2 (2).
Andre poeng som til døme tidlegare høgare utdanning blir ikkje tatt med i poengutregninga.
Det er 30 studieplassar på studiet fordelt på 4 språk.

Poenggrenser frå tidligare opptak finn du her.

Viss du har spørsmål om resultata dine frå Tospråktesten, må du ta kontakt med OsloMet. Resultat på Tospråktesten kan ikkje påklagast, men kandidatane kan be om grunngjeving. E-post: tospraktesten@oslomet.no

 


Opptakskontoret
Telefonen er open 10.00 - 13.00