Ofte stilte spørsmål om opptak

På denne sida har vi samla svar på ofte stilte spørsmål om å søke opptak.

Om å søke

Når kan eg søke høgare utdanning?

Du kan søke frå 1. februar.

Når er fristen for å søke?

Fristen er 15. april for dei aller fleste utdanningane, men du bør sjekke fristen som står på siden til studiet. 

Kor søker eg?

Samordna opptak søker du opptak til bachelor- og integrert masterutdanning, samt årsstudium og fagskuleutdanning.

I vår lokale Søknadsweb søker du opptak til masterutdanning, etter- og vidareutdanning, PPU, halvtårsstudium, kurs, enkeltemne, og meir.

Sjå utfyllande informasjon om dei ulike opptaka våre.

Kva skal eg søke?

Det er det berre du som kan svare på, men vi har samla nokre gode tips her.

Poenggrenser

Kva er poenggrense?

Poenggrenser blir bestemt ut frå tal søkjarar og poengsummen til søkjarane, i tillegg til tal studieplassar. Poenggrensene varierer frå år til år, og det er ikkje mogleg å vite kva poenggrensene blir før opptaket er avslutta.

Poenggrenser Samordna opptak

På Samordna opptak finn du poenggrensene frå tidlegare år til årsstudium, bachelor- og integrerte masterprogram.

Poenggrenser lokalt opptak

Sjå poenggrenser frå tidlegare opptak. 

Dokumentasjon

Kva meinast med dokumentasjon?

Dokumentasjon er det som viser at du er kvalifisert for studiet du har søkt på. For at vi skal kunne behandle søknaden din, må du dokumentere at du dekker opptakskrava. 

Kva må eg dokumentere?

Du må dokumentere at du dekker alle opptakskrav for studieprogrammet du søker opptak til. Du finn alltid opptakskravet på nettsida til det aktuelle studieprogrammet.

Her finn du utfyllande informasjon om dokumentasjon og kva du må laste opp.

Har dere fått dokumentasjonen min?

Viss du har søkt gjennom Samordna opptak kan du sjå kva for dokumentasjon som ligg i søknaden din under "Elektroniske vitnemål og dokument". Viss det er noko du ikkje finn her, så må du laste det opp. Vi kan berre sjå det same som du kan sjå. 

Viss du har søkt gjennom lokalt opptak (Søknadsweb), kan du sjå dokumenta dine under "Mine dokument". Viss det er noko du ikkje finn her, så må du laste det opp. Vi kan berre sjå det same som du kan sjå.

Viss du har sendt noko i posten, kan du gi beskjed på opptak@hvl.no

Er dokumentasjonen min godkjent? 

Ein saksbehandlar vil gå igjennom dokumentasjonen du har i søknaden din. Viss det skulle være noko feil eller manglar vil vedkommande ta kontakt med deg. Det er derfor viktig at du følgjer med på e-posten din. 

Når er fristen for å laste opp dokumentasjon?

Dokumentasjonen skal du laste opp når du registrerer søknaden din. Som regel er fristen den same som søknadsfristen, men det er nokon unntak. 

Viss du har søkt Samordna opptak og du fullfører utdanninga di same våren, så er fristen 1. juli. 

Viss du har søkt master gjennom Søknadsweb og du fullfører bacheloren din same våren, så er fristen 1. juli. 

Svar og ventelister

Når får eg svar på søknaden min?

Gjennom Samordna opptak får du svar i hovudopptaket 20. juli. Du finn svaret i nettsøknaden din. Viss du har søkt ledige studieplassar vil du få svar så fort søknaden din er ferdig behandla. 

Ved lokalt opptak finn du svar på opptaket på kvitteringssida i SøknadsWeb og kvitteringa du fekk tilsendt på e-post når du registrerte søknaden din. Viss du har søkt ledige studieplassar vil du få svar så fort søknaden din er ferdig behandla. 

Eg står på venteliste. Kva er sjansen for å komme inn?

Dessverre er dette vanskeleg å svare på. Det kommer an på kor mange som takkar ja til plassen eller om nokon seier frå seg plassen sin. Siden dette er opp til kvar enkelt person, er det vanskeleg for oss å forutse. Kor mange vi tar inn frå ventelisten vil derfor også variere frå år til år. 

Kan eg få studieplassen til studentar som ikkje møter opp første dag?

Nei. Dersom det blir aktuelt å gi tilbod til fleire søkjarar følgjer vi alltid ventelistene, også etter studiestart. 

Meir om svar og ventelister på Samordna opptak

Kan eg reservere studieplassen min til neste år?

Ja. Ved innkalling til militær- eller sivilteneste, graviditet eller andre tungtvegande grunnar, kan du reservere studieplassen din til neste år. 

Utanlandsk utdanning

Eg har utdanning frå utlandet – kan eg søke studium ved HVL?

Du finn informasjon om kva krav som blir stilt for å vere kvalifisert til studium i Noreg på Samordna opptak sine nettsider.

Eg har bachelorutdanning frå utlandet – må eg dokumentere norsk- og engelskkunnskapar?

Du må enten dokumentere at du har tatt generell studiekompetanse i Noreg, eller dokumentere norsk og engelsk etter gjeldande regelverk for søkjarar med utanlandsk utdanning. Enkelte masterstudium i engelsk kan ha høgare krav til engelsk. Det vil gå fram av opptakskravet til kvart enkelt studium.

Eg har dokument på eit anna språk enn norsk

Dokumentasjon på eit anna språk enn skandinavisk eller engelsk må oversettast. Oversettinga skal gjerast av translatør eller tolketeneste. Du må levere kopi av både originalen og oversettinga innan søknadsfristen.

Overflytting og godskriving

Korleis søker eg om godskriving/innpass av tidlegare utdanning?

Etter at du har fått studieplass kan du søke om godskriving (fritak) av tidlegare utdanning. Godskriving blir normalt innvilga dersom det faglege innhaldet og omfanget av emnet tilsvarar fagleg innhald og omfang av det emnet du søker innpass for. Det blir ikkje gitt innpass for emne frå ein annan høgskule dersom det berre dekkjer delar av emne ved HVL.

Sjå meir informasjon om godskriving og innpass.

Eg er student ved HVL. Kan eg søke overflytting til ein annan HVL-campus?

Studieretten din er knytt til eit studieprogram eller emne på den campusen du har fått opptak til. Viss du ønskjer å bytte campus, må du søke overflytting.

Du søker om overflytting gjennom vår lokale SøknadsWeb, og finn opptaket som heiter "Overflytting, innpass og direkte opptak til HVL"". Dersom du ikkje finn studiet du ønskjer å søke overflytting til her, må du søke på vanelg måte gjennom Samordna opptak. Etter at du eventuelt har fått studieplass, kan du søke om godskriving av tidlegare utdanning.

Meir om overflytting

Eg er student ved HVL. Kan eg ta delar av utdanninga min ved ein annan HVL-campus?

Studieretten er knytt til eit studieprogram eller emne på den studiestaden du har fått opptak til. Dersom du vil ta delar av utdanninga di ved ein annan campus må du sjekke med den aktuelle campusen om det er mogleg å søke opptak til emnet/emna du ønskjer å ta. Deretter må du følgje vanlege opptaksrutinar. Du er sjølv ansvarleg for å sikre at utdanninga du tar ved ein annan campus kan godkjennast som del av den utdanningsplanen du følgjer. Viss du har spørsmål, kan du ta kontakt med studierettleiaren din

Andre spørsmål

Når er det studiestart?

Vi har samla informasjon om studiestart på denne nettsida

Må eg møte opp ved studiestart?

Du må ikkje møte opp fysisk, men du må bruke koden du får på SMS studiestartdagen for å registrere deg ved oppstart. Vi treng dette, fordi vi ønskjer å gi plassen vidare dersom du har ombestemt deg. Dersom du ikkje registrerer deg, mister du studieplassen din.

Må eg levere politiattest?

Dersom du får opptak til eit studium der du kan komme i kontakt med mindreårige som del av praksis eller klinisk undervisning, skal du levere politiattest. 

Meir om politiattest, korleis du søker og når politiattesten skal leverast.

Eg er allereie student ved HVL, men ønskjer å søke på eit anna studium. Mister eg studieplassen min dersom eg søker?

Nei. Du kan registrere søknad både i Samordna opptak og i SøknadsWeb ved ulike utdanningsinstitusjonar utan at du mister studieplassen din ved HVL. Dersom du ikkje har semesterregistrert deg innan 1. september mister du studieplassen din.

Eg ønskjer å si frå meg studieplassen. Kva gjer eg?

Viss du har søkt Samordna opptak, kan du logge inn i søknaden din og takke nei til plassen. 

Viss du har søkt lokalt opptak (Søknasweb), sender du ein e-post til opptak@hvl.no. Hugs å ta med søkjarnummeret ditt. Dette finn du i e-postane du har fått frå oss eller viss du loggar inn i Søknadsweb.

Viss du ikkje er ny student, skal du ta kontakt med studierettleiaren din.