Opptakskalender

Her finn du informasjon om viktige datoar knytt til søknad om studieplass ved HVL.

Avhengig av kva type utdanning du søker på, skjer opptaket anten i Samordna opptak eller i vår lokale Søknadsweb

Samordna opptak

I Samordna opptak søker du til bachelor- og integrert masterutdanning, årsstudium, og fagskuleutdanning i yrkesdykking. Sjå all info om tidsfristar hos Samordna opptak her:

Universitet og høgskule Fagskule

 

Lokalt opptak

I det lokale opptaket i Søknadsweb søker du på blant anna master- og vidareutdanning, PPU, realfags- og forkurs, tresemester, y-veg, overflytting, og enkeltemne.

Fristar kan avvike frå denne oversikta. Sjekk alltid heimesida til studieprogrammet for gjeldande frist. Sjå oversikt over viktige datoar og fristar:

Viktige datoar i lokalt opptak

 

1. februar

Søknadsweb opnar for søking til studieprogram som har oppstart i haustsemesteret.

1. mars

Søknadsfrist går ut for:

  • Masterstudium innan helse- og sosialfag
  • Masterstudium innan andre fagområde som har krav om praksis
  • Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y)
  • Internasjonale masterstudium for søkarar frå EU/EØS
  • Tolking i offentleg sektor

Er du usikker, står alltid søknadsfristen stå på heimesida til det aktuelle studieprogrammet.

20. april

Søknadsfristen går ut for:

  • Masterstudium utan krav om praksis
  • Vidareutdanningar 
  • Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag (PPU-A)
  • Internasjonale masterstudium for søkarar frå Noreg
  • Forkurs, realfagskurs, yrkesveg, tresemesterordning
  • Nautikk
  • Overflytting

Er du usikker, står alltid søknadsfristen stå på heimesida til det aktuelle studieprogrammet.

Ordinært er denne fristen 15. april, men grunna påskeferien blir datoen flytta i 2022.

Veke 18

Svar på søknad blir sendt til søkarar til:

  • Masterstudium innan helse- og sosialfag
  • Vidareutdanningar innan helse- og sosialfag

Veke 18 er 2.–8. mai. Fristen for å takke ja til eventuelt tilbod blir som regel 7 dagar etter publisering. Supplering frå ventelister vil skje i veke 20.

Veke 20

Svar på søknad blir sendt til søkarar til yrkesveg eller tresemesterordning.

1. juni 

Svar på søknad blir sendt til søkarar:

  • Alle resterande masterstudium 
  • Alle resterande vidareutdanningar 
  • Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), både yrkesfag og allmennfag

Midten av juni

Svar på søknad blir sendt til søkarar til overflytting

Månedskiftet juni/juli

Svar på søknad blir sendt til søkarar til Tolking i offentlig sektor

 

1. juli 

Dokumentasjonsfrist for tilbod på vilkår. Viss du fullfører kvalifiserande utdanning det semesteret du søker lokalt opptak, kan du få tilbod på vilkår. 1. juli er fristen for å dokumentere at du har møtt vilkåra.

Uke 28

Svar på søknad blir sendt til søkarar til forkurs og realfagskurs