Kiosken
Her er ein nettportal der tilsette og studentar kan finne relevant programvare som kan nyttast både til PC og MAC.

På Kiosken.hvl.no finn du som student programvare til bruk i undervisning og læring, i tillegg til programvare du nyttar i kvardagen. Her kan du sjå om du må laste ned programvara eller kan nytte ho i nettlesaren. Kiosken vil også fortelje deg om det er programvare som er lisensiert eller fri for alle.
Kom i gang med Kiosken:
- Skriv kiosken.hvl.no i nettlesaren din og logg inn
- Når du er logga inn vil du kunne søkje fram program, leggje dei til som favorittar og/eller leggje dei du nyttar mykje på framsida
- Det er ikkje uvanleg å oppleve litt ventetid første gong ein hentar ny programvare, avhengig av om programvara skal lastast ned eller nyttast i nettlesaren. Nokre program er store, og då vil nettverket du sit på spele ei rolle for kor lang tid det tek. Andre program er små og krev lite nettverk.