Tekniske retningslinjer for oppgåveskriving

Her finn du tekniske retningslinjer for oppgåveskriving for studentar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap som skal skrive og levere inn obligatoriske arbeidskrav og heimeoppgåve eller eksamen.

Retningslinjene gjeld for deg som skal skrive og levere inn obligatoriske arbeidskrav og oppgåve eller heimeeksamen i studier ved Fakultet for helse- og sosalvitskap (FHS). 

Oppsett:

  • Margane har 2,5 cm på topp-, botn-, venstre-, og høgremarg
  • Linjeavstand har 1,5 – ved sitat er det linjeavstand 1
  • Skrifttype - 12 punkt enten Times New roman, Arial eller Calibri
  • Innhaldsliste med kapittelinndeling og sidetal
  • Avsnitt skal markerast med to linjeskift slik at det blir ei tom linje før neste avsnitt. Neste avsnitt byrjar frå venstre marg
  • Sidetall oppgis både ved direkte sitat og indirekte sitat og i andre tilfelle kor det synast til ein avgrensa del av ei større kjelde
  • Direkte sitat skal vere klart markert med hermeteikn eller innrykk
  • Siteringar og referanseliste følger standarden til American Psychological Association
    (APA7th), slik den er skildra i Søk og Skriv (https://sokogskriv.no/referansestiler/apa-7th.html)
  • Som hovudregel bør ein unngå bruk av sekundærtilvisning. Visst ein unntaksvis viser til ei kjelde ein ikkje sjølv har lest, skal dette komme klart fram i siteringa og i litteraturlista, sjå eksempel på sekundærtilvisning i Søk og skriv
  • Figurar og tabellar skal settast opp og bli omtalt i den fortløpande teksten, bli nummerert og gjeven eigen tittel. Oversikt over figurar og tabellar skal førast på liste som skal plasserast etter Innhaldslista.
  • Vedlegg skal leggast etter referanselisa og nummererast og førast opp i Innhaldsliste. Vedlegg som har fleire sider skal påførast sidetal.

Sjå også: Bachelor- og masteroppgåver