Fjerne forfattarinformasjon i filer
Her finn du informasjon om korleis du fjernar forfattarinformasjon i filer som skal leverast på eksamen i WISEflow.
Vi tilrår at du fjernar dette i Word før du lagrar som PDF.
Det er ikkje nødvendig å fjerne forfattarinformasjon i i innleveringar som ikkje er anonyme.
For Windows -fjerne forfattar i Word for Office 365
Trykk på fana Fil øvst til venstre i dokumentet ditt.
Trykk på Informasjon -> kontroller for problemer -> Undersøk dokument
Vindauget Dokumentinspeksjon dukkar opp. Trykk på Undersøk nedst i ruta.
Informasjonen i boksen bli oppdatert, og der det finst varsel vil dette bli markert med utropsteikn. Trykk på Fjern alle i ruta der problem(a) har blitt funne.
No er namnet ditt fjerna, og du kan lagre fila som PDF utan at forfattarinformasjon er med.
For Windows - fjerne forfattar i Excel
Trykk på fana Fil øvst til venstre i dokumentet ditt.
Trykk på Informasjon -> kontroller for problemer -> Undersøk dokument
Vindauget Dokumentinspeksjon dukkar opp. Trykk på Undersøk nedst i ruta.
Informasjonen i boksen bli oppdatetert, og der det finst varsel vil dette bli markert med utropsteikn. Trykk på Fjern alle i ruta der problem(a) har blitt funne.
No er namnet ditt fjerna, og du kan lagre fila som PDF utan at forfattarinformasjon er med.
For Mac - fjerne forfattar i Word for Office 365
Trykk på verktøy frå menylinja øvst i dokumentet og velg Beskytt dokument.
Kryss av alternativet Fjern personlige opplysninger ved lagring og trykk OK for å behalde denne innstillinga i dette dokumentet.
Dokumentet er no utan forfattarinformasjon og kan lagrast som PDF for innlevering.
For Mac - fjerne forfattar i Excel
Trykk på Excel frå menylinja øvst i dokumentet og velg Innstillinger.
Velg så Sikkerhet
Huk av alternativet Fjern personlige opplysninger i denne filen ved lagring og trykk OK for å behalde denne innstillinga i dokumentet.
Fjerne forfattar i PDF
Dersom du har lagra PDF utan å fjerne forfattarinformasjon i Word, kan du også fjerne forfattarinformasjon direkte i PDFen.
Høgreklikk på PDF-fila. Velg Åpne i og deretter Google Chrome.
Klikk på printaren oppe i høgre hjørne i Chrome.
Velg Lagre som PDF under Destinasjon. Trykk Lagre.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.