Studieplanar, emne og pensum

Sett deg inn i studieplan, emneplanar og pensum for ditt studium. Her finn du òg informasjon om korleis vi arbeider for auka kvalitet i utdanningane.

Kan du ikkje finne ein gammal studieplan, kan du òg prøve gamle studieplanar frå Sogndal og Førde eller gamle studieplanar frå Stord og Haugesund. Du kan òg søke direkte i vårt arkiv for emne frå tidlegare år.

Pensum

Frå emnesida kan du klikke på lenka pensum-/litteraturliste for å finne pensum. Du kan òg logge på Canvas og velje pensumlenka under det aktuelle emnet.

Få tak i pensum

Pensum kan lånast frå biblioteka på campusane, eller skaffast gjennom ulike bokhandlar. 

Campus Bergen

I Bergen er det ikkje eigen bokhandel på campus. Du kan sjekke med Akademika på Studentsenteret, andre lokale bokhandlar, eller ein nettbokhandel.

Campus Sogndal, Stord og Førde

Her er det ikkje bokhandel på campus. Du kan nytta ein lokal bokhandel eller ein nettbokhandel.

Campus Haugesund

I Haugesund kan du skaffe pensum gjennom dei lokale bokhandlane Ark og Norli.