Kvalitet i studieprogram

Høgskulen skal legge til rette for utvikling og forbetring av kvalitet i emne og studieprogram gjennom god organisering og leiing.

Målet er at studentane våre i løpet av avtalt tid skal få eit læringsutbytte som held høgt fagleg nivå, og som samtidig er relevant for eit yrkesliv prega av livslang læring.

HVL innhentar og brukar informasjon i årleg og periodisk vurdering av kvalitet i emne og studieprogram. Valet av ordningar for systematisk kontroll er tilpassa HVL sin eigenart, skal fremje deling av erfaring og god praksis, og sørge for dokumentasjon av resultat og tiltak.

Prosess-skildringar og årshjul knytt til råd, utval og sentrale roller i arbeidet med kvalitet sikrar at sviktande kvalitet vi oppdagar blir retta opp innan rimeleg tid.

Kvalitetskoordinator Lene Borgen Waage fortel om arbeid med kvalitet i studieprogram.

Årleg forbetring og utvikling av studieprogrammet

Alle studieprogram ved HVL skal kvart år vurderast og evaluerast i studieprogramrådet.

Roller og ansvar

Studieprogramansvarleg

  • Legge fram sak om oppfølgingsform på emne, rulleringsplan for anonym evaluering og ekstern sensur for studieprogramrådet.
  • Sørgje for at det blir valt studenttillitsvalde.
  • Følgje opp valt form for avsluttande evaluering: Kalle inn til og gjennomføre avsluttande dialogmøte med emneansvarlege/faglærarar og sørge for at det vert skrive referat, eller følgje opp emnerapport(ar) frå emneansvarleg(e).
  • Oppfølging av studentevalueringar og kandidatundersøkingar på emne- og studieprogramnivå (t.d Studiebarometeret)
  • Følgje opp rapportar frå ekstern sensor i tråd med rulleringsplan
  • Utvikle og revidere emne- og studieplan i tråd med gjeldande rutine
  • Følgje opp data og dokumentasjon, gje tilbakemelding om resultat og planlagte tiltak og gjere dette tilgjengeleg i Canvas og Sharepoint/ Public 360

Dekan

  • Oppnemne studieprogramråd
  • Godkjenne reviderte studieplanar for eksisterande studieprogram

Studieprogramråd

Alle studieprogram på bachelor- og masternivå skal knytast til eit studieprogramråd som har ansvar for forbetring og utvikling av studieprogrammet.

For campusovergripande studieprogram, skal dekanen sikre at det finst kontaktpunkt for studentar og tilsette på alle campus.

Val av studentillitsvalde og opplæring av studentar

Studieprogramansvarleg har ansvar for at studentane vel studenttillitsvalde og vararepresentantar for desse på alle kull. Har eit studieprogram fleire studiestader, skal det veljast éin studenttillitsvald per kull på alle studiestadene.

Alle dei studenttillitsvalde høyrer til eit av studentråda ved Høgskulen på Vestlandet, medan utvalde studenttillitsvalde representerer studentane i studieprogramrådet.

I starten av studieprogrammet kan ein også gjennomføre samling for studentane med forventningsavklaring, opplæring i systemet for kvalitet, og aktivitetar for at studentane, faglærarar og studieprogramleiing blir kjent.

Oppfølgingsform studieprogram og emne

Studieprogramansvarleg skal kvart studieår leggje fram ei sak for studieprogramrådet, som skal bestemme korleis dei ulike emna skal vurderast og evaluerast. Saka skal innehalde følgjande vurderingar:

Val av oppfølgingsform på studieprogram- og emnenivå

  • Rulleringsplan for anonyme undersøkingar
  • Rulleringsplan for ekstern sensur
  • For studium med praksis: Krav til førebuing, avtalar, vurdering og oppfølging av praksis
  • Vurdering av om det er behov for særskilt oppfølging på enkeltområde med bakgrunn i resultat og tilbakemeldingar frå studentar, fagtilsette og arbeidsliv/praksisfelt.

Sjå elles informasjon om kvalitet i emne. 

Årleg revisjon av studie- og emneplanar

Alle emne- og studieplanar skal vere i tråd med Forskrift for studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, og godkjennast av dekan.

Når studieplan skal reviderast, skal studentar, tilsette og representantar frå praksisfelt/arbeidsliv høyrast og involverast. Medverknad er studieprogramansvarleg sitt ansvar, og skjer via Studieprogramrådet.

Oppfølging av student- og kandidatundersøkingar

Tilbakemeldingar via studentundersøkingar er viktige for å få informasjon om korleis studentane trivst og korleis dei opplevde utbyttet av læringa. Høg svarprosent er naudsynt for å kunne nytte kunnskapen som kjem fram.

Eksempel på nasjonale student- og kandidatundersøkingar:

I tillegg gjennomfører HVL undersøkingar retta mot alle søkjarar og nye studentar, samt kandidatundersøking annakvart år.

Oppfølging og tilbakemelding om data og dokumentasjon

Studieprogramansvarleg har ansvar for å følgje opp dokumentasjonen frå det systematiske arbeidet med kvalitet og data på studieprogramnivå gjennom å

  • komme med forslag til endringar i studieplan med tilhøyrande emneplanar
  • legge fram saker for studieprogramrådet med drøfting av behov for tiltak og effekten av desse
  • komme med innspel til tiltak i årsplanen for fakultetet
  • gjennomføre relevante tiltak på studieprogramnivå

Studieprogramansvarleg har ansvar for at relevant dokumentasjon frå kvalitetsarbeidet blir lagt i Canvas og sharepoint.

I tillegg kan ein velje å gjennomføre kullsamlingar for å formidle og diskutere tilbakemeldingar, tiltak og resultat med studentane.

I webrapporteringsverktyet Tableau finn du ein rapport på studieprogram under HVL sine prosjekt.  Alle med feide-brukar kan logge på med kortnamn@hvl.no og feide-passord. Sjå nærare informasjon i brukarrettleiinga.

Periodiske evalueringar av studieprogram

HVL skal gjennomføre periodiske evalueringar av studieprogramma minimum kvart femte år. Det kan også bli gjennomført evalueringar på tvers av studieprogram på utvalde tema.

I løpet av 2019 vert det gjennomført pilotar med periodisk evaluering av fire studieprogram. 

Roller og ansvar

Periodiske aktivitetar 

Studieprogramansvarleg

  • Gjennomføre periodisk evaluering i tråd med rulleringsplan og prosess-skildring
  • Følgje opp resultat og tiltak på studieprogrammet

Studieprogramrådet

  • Handsame rapport frå periodisk evaluering

Utdanningsutval på fakultet/ fakultetsråd:

  • Handsame rapport frå periodisk evaluering
  • Følgje opp resultat og tiltak på institutt- og fakultetsnivå

Utdanningsutvalet ved HVL:

  • Fastsetje rulleringsplan for periodiske evalueringar
  • Følgje opp resultat og tiltak på institusjonsnivå
  • Reakkreditere studieprogrammet

Tidspunkt for periodiske evalueringar

Utdanningsutvalet ved HVL handsamar kvart år ein rulleringsplan for periodiske evalueringar etter innspel frå fakulteta.

Dersom det oppstår særskilte behov, kan høgskulestyret, utdanningsutval eller dekanat be om periodiske evalueringar utover det som er fastsett i rulleringsplanen.

Innhold i evalueringen

Vurderingar av kvalitet knytt til ulike område skal vere med i evalueringen. Internasjonalisering er ein integrert del av kvart område

  • kunnskapsbase
  • læringsbane
  • startkompetanse
  • læringsutbytte
  • utdanningsfagleg kompetanse
  • samfunn og arbeidsliv
  • læringsmiljø
  • programdesign og -leiing

Sjå meir informasjon i dokumentet NOKUT: Kvalitetsområde for studieprogram. Versjon 12.12.16

Gjennomføring av evaluering

Evalueringa skal bli gjennomført i tråd med prosess-skildringa

Rapport med forslag til tiltak skal handsamast i studieprogramrådet  og utdanningsutval på fakultet/fakultetsråd, før Utdanningsutvalet ved HVL kan godkjenne re-akkreditering av studieprogrammet.

Opprette, samordne og legge ned studieprogram

All oppretting, samordning og nedlegging av studieprogram har særskilte krav til medverknad og prosess, som er omtala i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Ved oppretting og samordning av studieprogram, er det dekanen som har ansvar for å sikre at prosessen og innhaldet i studieprogrammet er i tråd med forskrifta.

Ved nedlegging av studieprogram skal dekan sikre medverknad både frå fagmiljø og samfunn- og arbeidsliv. Høgskulestyret skal vedta nedlegging i tråd med forskrifta.

Oppretting av studieprogram:

  • Prosess-skildring/rutine for godkjenning av nye studieplanar (under revisjon etter ny forskrift om studium og eksamen)
  • Lenke til prosesskart
  • Prosess-skildring/rutine for  etablering av studieprogram (under revisjon etter ny forskrift om studium og eksamen)
  • Lenke til prosesskart

Samordning av studieprogram

Nedlegging av studieprogram

  • Prosess-skildring under utvikling

Roller og ansvar

Dekan