Studieprogram med særskilte krav
Her finn du oversikt over kva utdanningar som har særskilte krav, og kva desse krava er.
Bachelor i nautikk
Bachelor i nautikk skal oppfylle krava som er gitt i rammeverket knytt til kvalitet i emne og studieprogram. I tillegg har HVL ei eiga godkjenning frå Sjøfartsdirektoratet som blir fornya kvart femte år.
Meir informasjon om dei særskilte krava for nautikkPh.d.-program
Ph.d-programma ved HVL skal oppfylle krava til kvalitet i emne og studieprogram på lik linje som studieprogram på bachelor- og masternivå. For å møte dei særskilte krava til akkreditering og oppfølging av ph.d.-program, har HVL eit eige system for arbeid med kvalitet i ph.d.-programma.
Dette inneheld omtale av organisering, tilsetting, opptak, opplæringsdelen, rettleiing, evaluering, midtvegsevaluering, rapportering, avhandlinga og godkjenning av doktorgradsprøva.
Meir informasjon om regelverk og rutinar for ph.d.Fagskuleutdanning for yrkesdykkarar
Fagskuleutdanninga for yrkesdykkarar skal oppfylle HVL sine krav til emne og studieprogram. Fordi kandidatane mottar dykkebevis og -sertifikat, inneheld kvalitetshandboka også særskilte krav for desse.
I tillegg skal det utarbeidast prosesskildringar og malar som sikrar at fagskuleutdanninga for yrkesdykkarar oppfyller krava.
Krav | Kjelde | Dokumentert |
|
|
QM+, arkiv, fagplanar |
|
Forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utførelse av arbeid) |
QM+, arkiv |
Krav til inspeksjonsdykking | CSWIP 3.1U (eller ekvivalent) | |
Tryggleik og HMS-arbeid med og for studentar | Forskrift om arbeidsmiljølovens anvendelse for personer som ikke er arbeidstakere. | QM+, eksamensforskrift for DU |
Forklaringar til tabellen
- QM+ er Dykkarutdanninga sitt interne kvalitetssystem med hendingsrapporting, styrande dokumentasjon og modul for risikovurdering.
- Arkiv er funksjonar som papirarkiv og FS
- Arbeidstilsynet har tilsyn med dei regelverk som gjeld dykkebevis A og B, operasjonelle, administrative og tekniske krav for dykking innaskjers samt opplæring for dykkeleiar innaskjers.
- Petroleumstilsynet har tilsyn med dei standardar og regelverk som gjeld Dykkarsertifikat klasse I.
- Utanom fagskuleutdanninga har Petroleumstilsynet og tilsyn med standardar og regelverk som gjeld Dykkeleiar for petroleumsanlegg. For dykkeleiar offshore gjeld typisk sett internasjonale standardar.