Kvalitet i emne

Å sikre jamleg vurdering og utvikling av kvalitet i emne er eit sentralt mål med kvalitetssystemet.

Målsettinga til HVL er at utdanningane våre skal vere attraktive og relevante, med læringsutbytte som er utvikla i samarbeid med arbeidslivet.

Vi skal sikre forbetring og utvikling av kvalitet i emna med utgangspunkt i erfaringar frå undervising og vurdering, dialog med studentar og arbeidsliv/praksisfelt.

Utviklingsarbeidet skal dokumenterast, og vi skal formidle korleis tilbakemeldingane blir fulgt opp. 

Kvalitetskoordinator Lene Borgen Waage fortel om arbeid med kvalitet i emne.

Roller og ansvar

Studentar:

  • Gje tilbakemeldingar og delta i evalueringar, både fortløpande og midtvegs eller avsluttingsvis i emnet. 

Faglærar og emneansvarleg:

  • Gjennomføre undervisning og vurdering i tråd med emneplan
  • Kontrollere og drifte rom i læringsplattforma

Emneansvarleg:

  • Evaluering av emne i tråd med sak om oppfølgingsform vedtatt i studieprogramrådet:
    • Gjennomføre referansegruppemøte eller møte med heile klassen
    • Gjennomføre anonyme undersøkingar i tråd med rulleringsplan
    • Delta på avsluttande dialogmøte i lag med studieprogramansvarleg og/eller skrive emnerapport og sende studieprogramansvarleg
  • Utvikle og revidere emneplan
  • Sørge for at det blir utarbeidd sensorrettleiing
  • Praksisemne: Gjennomføre vurdering og oppfølging av praksis
  • Utveksling: Førehandsgodkjenning av emne for studentar som skal på utveksling
  • Gjere dokumentasjon frå evalueringane tilgjengeleg i Canvas

Studieprogramansvarleg:

Årlege oppgåver:

  • Legge fram sak om oppfølgingsform på emne, rulleringsplan for anonym evaluering og ekstern sensur for studieprogramrådet.
  • Sørgje for at det blir valt studenttillitsvalde.
  • Følgje opp valt form for avsluttande evaluering: Kalle inn til og gjennomføre avsluttande dialogmøte med emneansvarlege/faglærarar og sørge for at det vert skrive referat, eller følgje opp emnerapport(ar) frå emneansvarleg(e).
  • Oppfølging av studentevalueringar og kandidatundersøkingar på emne- og studieprogramnivå (t.d Studiebarometeret)
  • Følgje opp rapportar frå ekstern sensor i tråd med rulleringsplan
  • Utvikle og revidere emne- og studieplan i tråd med gjeldande rutine
  • Følgje opp data og dokumentasjon, gje tilbakemelding om resultat og planlagte tiltak og gjere dette tilgjengeleg i Canvas og Public 360

Periodiske evalueringar:

  • Gjennomføre periodisk evaluering i tråd med rulleringsplan vedteken i Utdanningsutvalet og prosess-skildring
  • Følgje opp resultat og tiltak på studieprogrammet

Dekan:

  • Godkjenne nye og reviderte emne

Ekstern sensor:

Utvikle og revidere emneplan

Alle emne- og studieplanar skal vere i tråd med Forskrift for studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, og godkjennast av dekan.

Ved oppretting eller revidering av eit emneskal studentar, tilsette og representantar frå praksisfelt/arbeidsliv høyrast og involverast. Medverknad er studieprogramansvarleg sitt ansvar og skjer via studieprogramrådet.

Førebu og gjennomføre undervisning og vurdering

Undervisning og vurdering skal bli gjennomført i tråd med emneplan. 

Forbetre og utvikle med utgangspunkt i erfaringar, dialog og resultat

Studieprogramrådet behandlar kvart år sak om oppfølgingsform som fastett kva evalueringsform dei ulike emna skal bruke. 

Informasjon om dei ulike metodane:

Referansegruppemøte eller klassemøte

Seinast midtvegs i gjennomføringa av emnet skal emneansvarleg anten gjennomføre referansegruppemøte med minimum to valde studentar som representerer klassa eller organisere møte med heile klassa (med eller utan emneansvarleg til stades). Det skal førast referat frå møta. Meir om referansegrupper.

Anonyme undersøkingar

Studieprogramansvarleg skal sette opp rulleringsplan for anonyme undersøkingar på emnenivå, som sikrar at desse blir gjennomført minimum kvart tredje år.  Emneansvarleg sørger for at planlagde emneevalueringar blir gjennomførte innan ei veke etter siste undervisningsøkt.

Anonyme evalueringar vert gjennomført i Survey Xact. Det er lagt inn malar med døme på spørsmål som kan bearbeidast og tilpassast. Bruksanvisning for korleis ein lagar evaluering.

Avsluttande evaluering av emnet

For kvart einskild emne har emneansvarleg og studieprogramansvarleg tilgang til data om aktivitet og resultat. Kombinert med dialog med studentar, praksisfelt, faglærarar og eventuelle eksterne sensorar i løpet av emnegjennomføringa, dannar dette grunnlag for den avsluttande evalueringa av emnet.

Avhengig av studieprogrammet og emnet si eigenart skal studieprogramansvarleg velje om det skal gjennomførast eit avsluttande dialogmøte på studieprogramnivå, eller om emneansvarleg skal skrive ein sluttrapport for emnet. Dersom det er ønskeleg, kan ein velje å gjere begge deler.

Meir om dei to alternativa: 

  • Avsluttande dialogmøte: Studieprogramansvarleg kallar inn til avsluttande dialogmøte på studieprogramnivå (eventuelt på andre nivå dersom det er formålstenleg) der emneansvarlege (og eventuelle andre faglærarar) diskuterer gjennomføring og resultat knytt til emnet, om ein bør gjera endringar i emne- eller studieplan eller sette i verk andre tiltak. Det skal førast referat frå møtet.Sjå døme på mal for referat.
  • Emnerapport: Emneansvarleg skriv sluttrapport for emnet, som skal sendast til studieprogramansvarleg. Sjå døme på mal for emnerapport.

Tilbakemelding om resultat og tiltak

Emneansvarleg har ansvar for at sentral dokumentasjon knytt til emnet inneverande studieår skal gjerast tilgjengeleg for studentane i Canvas.

Dokumentasjon frå kvalitetsarbeidet i HVL vert også lagra i Sharepoint.