For sensorar ved HVL

Som sensor ved HVL må du gjere deg kjend med retningslinjene under.

Logg på WISEflow
  • Vilkåra for at ein sensor er ekstern, er at sensoren dei siste 12 månadane ikkje

    a. har vore student eller tatt eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, eller
    b. har vore fagleg rettleiar i emnet, eller
    c. har fått eller opparbeida seg rett til vederlag frå Høgskulen på Vestlandet for anna enn vederlag for sensurarbeid.

  • Ekstern sensor skal gjere seg kjend med gjeldande emneplan, eventuell sensorrettleiing for emnet og gjeldande forskrift om studium og eksamen ved HVL og eventuelt forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d)

  • Ekstern sensor har, saman med intern sensor, ansvaret for at eksamenssvara blir sensurerte og at digital vurderingsprotokoll blir levert til Eining for eksamen inntil 15 arbeidsdagar etter at eksamen er avslutta. Ved masteroppgåver er sensureringstida inntil 6 veker.

  • Sensorane har ansvar for at sensurvedtaket blir grunngitt. Spørsmål om grunngjeving blir sendt til intern sensor. Slik gir du grunngiving til studentane i WISEflow. Sensorane avgjer om grunngivinga skal bli gitt skriftleg eller munnleg. Grunngiving skal normalt bli gitt innan to veker etter at kravet er framsett.

  • Ekstern sensor som tar imot sensoroppdrag skal som hovudregel automatisk vere sensor ved eventuell ny eksamen i same fag, emne eller kurs i påfølgjande semester.

  • Alle oppgåver som blir levert i det digitale eksamenssystemet WISEflow blir sendt til kontroll for plagiat. Det er sensorane sitt ansvar å sjekke oppgåver for plagiat og melde til Eining for eksamen dersom ein mistenker plagiat/fusk. Startguide til plagiatrapporten i Ouriginal. Ved mistanke om fusk skal sensorane setje sensur på oppgåva uavhengig av mistanken så langt det lar seg gjere.Ta kontakt med eksamen@hvl.no dersom du har spørsmål om dette.  

  • HVL vil gjerne ha tilbakemelding frå deg som ekstern sensor på korleis du vurderer eksamen, og om du har innspel til forbetringar. Vi ber deg difor fylle ut skjema for sensorrapport og sende denne til intern sensor/emneansvarleg. 

    Ved munnlege eksamenar skal intern og ekstern sensor snakke om gjennomføringa og eventuelle innspel til forbetring. Intern sensor skriv ned eit kort referat og sender til emne-/studieprogramansvarleg. Du kan lese meir om HVL sitt arbeid med utvikling av kvalitet i studieprogramma her.

Informasjon om handsaming av klager på karakterfastsetting.

Informasjon om sensorkontrakt og honorar for eksterne sensorar

Det er mange formalitetar knytt til bruk av eksterne sensorar. Her finn du ei oversikt over HVL sine rutinar knytt til dette.

Har du spørsmål?

Spørsmål om eksamen og sensorkommisjonar sender du til eksamen@hvl.no

Send spørsmål om kontrakt og lønnsutbetaling til sensorkontrakt@hvl.no 

 

Nyttige lenker