Sensur ved digital eksamen

HVL gjennomfører digital vurdering i eksamenssystemet WISEflow.

Du loggar inn på wiseflow.hvl.no med Feide-brukarnamn og passord. Har du ikkje HVL Feide-konto, kan du logge inn med BankID eller MinID.

I WISEflow får du tilgang til plagieringsrapport av alle oppgåvene gjennomført av URKUND. Rettleiing for URKUND finn du her (trykk på spørsmålsteiknet øvst til høgre) (på engelsk).

Sensur skal førast direkte i WISEflow og sendast inn derifrå for publisering. Når du sender inn sensuren blir dette registrert som din digitale signatur og protokollført. Det er difor viktig at kvar enkelt sensor registrerer og sender inn sine vurderingar. Slik fører du sensur i WISEflow.

Du kan gi grunngiving til studenten direkte i WISEflow. Slik gir du grunngiving. 

Du kan bruke Wiseflow sitt sensurverktøy WISEflow Annotate. Her kan du legge inn kommentarar direkte i studenten sin tekst. Du kan sjølv velje om du ønskjer å gjere kommentarane synlege for studenten og eventuelle medsensorar, eller om dei berre er til eige bruk. Rettleiing for WISEflow Annotate.

Ved til dømes fleirvalseksamenar eller andre oppgåver som er laga i oppgåveverktøyet i WISEflow, kan du bruke FLOWmulti. Rettleiing for sensur i FLOWmulti.

Slik fungerer det!

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan.

Fyll ut kontaktskjema