Studieprogramråd

Studieprogramråda skal gje studieprogramansvarleg og fakultetsleiing råd om utvikling av kvaliteten i studieprogramma og læringsmiljøet.

Mandat

Felles mandat for alle studieprogramråd

Studieprogramråd skal gje dekan, institutt- og studieprogramleiing råd om:

  1. Kvalitetsutvikling av studieprogramma slik at desse held høg kvalitet og relevans, har god rekruttering og gjennomstrøyming og tilfredsstiller forskrifter og rammeplanar,
  2. Korleis kontaktflatene til ulike eksterne aktørar som har relevans for studieprogramma kan vidareutviklast,
  3. Utvikling av det overordna læringsmiljøet ved studieprogrammet,
  4. Val av oppfølgingsform for studieprogrammet.

Medlemmer

Tal medlemmer frå dei ulike gruppene blir fastsett for kvart einskilt studieprogramråd. Dersom ein ynskjer det, kan ein ha andre funksjonar inn i studieprogramrådet, som t.d. institutt-/fakultetsleiing. Ved oppnemning skal campus og kjønnsbalanse ivaretakast. Alle medlemmer skal ha vara.

  • Studieprogramansvarleg
  • Fagleg tilsette
  • Studentar
  • Eksterne; representant (ar) frå samfunns-og arbeidsliv og /eller andre universitet og høgskular 
  • Administrativt tilsett(e)

Normalt leiar studieprogramansvarleg studieprogramrådet. Dersom fleire studieprogram er knytt til studieprogramrådet, utnemner dekan leiar. Ein av dei administrativt tilsette har sekretærfunksjon. Leiar og sekretær sett opp saksliste for møta i fellesskap.

Årshjul

Sakene i årshjulet for studieprogramrådet er knytt til krava i rammeverket for systematisk arbeid med kvalitet i utdanningane ved HVL. Ein fastsett tal møter og tidspunkt for handsaming av dei ulike sakane for kvart einskild studieprogramråd.

Studieprogramansvarleg skal kvart studieår leggje fram ei sak for studieprogramrådet der ein drøftar korleis ein følgjer opp studieprogrammet og emna. Saka skal innehalde følgjande vurderingar:

  • Val av oppfølgingsform på studieprogram- og emnenivå
  • Rulleringsplan for anonyme undersøkingar
  • Rulleringsplan for ekstern sensur
  • For studium med praksis: krav til førebuing, avtalar, vurdering og oppfølging av praksis
  • Vurdering av om det er behov for særskilt oppfølging på enkeltområde med bakgrunn i resultat og tilbakemeldingar frå studentar, fagtilsette og arbeidsliv/praksisfelt.

 

Godtgjersle

Studentar og eksterne vert honorert for deltaking i studieprogramrådet. 
Les meir om retningslinjer for honorar og lønn her.