Rettleiar for bacheloroppgåva ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS)

Denne rettleiaren gjeld for studentar som startar arbeidet med bacheloroppgåva frå og med studieåret 2021-2022.

Rettleiaren gir utfyllande retningslinjer til studentar og rettleiarar for arbeidet med bacheloroppgåva i ingeniør- og teknologiutdanningar ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS), jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet, § 11-18 (3).

Mål med bacheloroppgåva

Bacheloroppgåva er den avsluttande delen av bachelorstudiet. Studentane skal integrere kunnskapar og ferdigheiter dei har opparbeida seg gjennom studiet, og vise at dei evner å tileigne seg ny kunnskap i løysing av ei problemstilling.

Oppgåva skal vere forankra i reelle problemstillingar frå samfunns- og næringsliv eller forskings- og utviklingsarbeid. Bacheloroppgåva skal gje studentane trening i bruk av relevante metodar og prosjektgjennomføring.  

Tildeling av bacheloroppgåve og gruppestorleik

Institutta har ansvar for å tildele studentane ei bacheloroppgåve. Der to eller fleire grupper ønskjer same oppgåve, gjeld enten førstemann til mølla-prinsippet, eller det vil bli gjennomført loddtrekking om ikkje anna rangering er gitt i emneplanen. Studentar kan innhente oppgåver i samarbeid med eksterne aktørar. For nokre studieprogram er dette den vanlege framgangsmåten. Slike oppgåver må godkjennast av instituttet før ei eventuell tildeling.

Ordinært undervisningssemester er vår. For fleire utdanningar startar arbeidet med å førebu bacheloroppgåva i semesteret før og studentane må då registrera undervisningsmelding i det semesteret for å få tilgang i Canvas.

Bacheloroppgåva er eit prosjektarbeid med rettleiing, der normalt 2-3 studentar arbeider saman. Ein kan ikkje vere meir enn 3 studentar i ei gruppe.  

Forkunnskapar

Krav til forkunnskapar er gitt i emneplanen.

Institutta kan nytte utdanningssamtalar til å vurdere dispensasjon frå forkunnskapskrava for bacheloroppgåveemnet. 

Vurderingskriterium:

  • Høve til å bli ferdig på normert tid eller innan påfølgjande semester.
  • Eigenart til oppgåva som er påtenkt.
  • Tilrettelagt studiesituasjon.

Arbeidet med bacheloroppgåva er krevjande og for at studenten skal kunne bidra til gruppearbeidet som forventa, bør studenten maksimalt melde seg opp til vurdering i 40 studiepoeng (inkludert bacheloroppgåva) i det semesteret bacheloroppgåva skal avsluttast.

Rettleiing

Alle bachelorstudentar skal inngå ein rettleiingsavtale, jf. Forskrift om studium og eksamen ved HVL, § 11-18 (1).

Last ned rettleiingsavtalen her.

Rettleiar blir tildelt av utdanninga utifrå tema for oppgåva. Hovudrettleiaren skal vere tilsett på HVL og skal som hovudregel arbeide ved instituttet. I tillegg til fagleg rettleiing, vil hovudrettleiaren ivareta dei administrative sidene rundt oppgåva. Det kan oppnemnast fleire interne rettleiarar. Ved eksterne oppgåver vil studenten gjerne ha rettleiar(ar) frå det eksterne miljøet i tillegg, som då ofte vil stå for mykje av den faglege rettleiinga.

Rettleiingsavtalen skal signerast av studentar og rettleiarar ved oppstart av bacheloroppgåva.

Rammer for rettleiinga

Rettleiinga skal omfatte faglege, vitskapelege og praktiske sider ved gjennomføringa av bacheloroppgåva. Studentgruppa skal ha god oppfølging og bør ha minimum fem møter med rettleiar(ane) gjennom arbeidet med bacheloroppgåva.

Utover rettleiingsmøter med studentgruppa inneber rettleiinga frå rettleiaren si side:

  • Oppfølging av studentgruppa (førebu rettleiingsmøter, gjennomlesing av utkast og liknande), men rettleiaren skal ikkje vere medforfattar av bacheloroppgåva.
  • Rettleiar kan innføre prosjektdagbok, logg eller andre verktøy for å halde seg oppdatert på arbeidet i gruppa. Gruppemedlemmane dokumenterer der kontinuerleg aktivitetane og brukte timar i prosjektet.
  • Oppfølging av eventuelle laboratorieeksperiment, feltarbeid og liknande.
  • Eventuell fagleg oppdatering.

Rettleiinga er eit felles ansvar, og bachelorstudenten skal vere ein aktiv part:

  • Studenten har plikt til å møte førebudd på avtalte rettleiingsmøter, slik at ein mellom anna kan ta stilling til innspel frå rettleiar.
  • Studentgruppa har ansvar for å skrive eventuelle referat frå rettleiingsmøta som i etterkant skal sendast til rettleiar(ane) for godkjenning.
  • Studentgruppa skal ta ansvaret for form og innhald i oppgåva.

Arbeidskrav

Arbeidskrav skal gjennomførast og ferdigstillast innan gitte fristar. Sjå emneplan og i Canvas.

Språk

Bacheloroppgåver skal normalt skrivast på norsk, jf. språkpolitiske retningslinjer ved HVL.

Andre skandinaviske språk eller engelsk kan nyttast etter avtale med rettleiar, med mindre noko anna er fastsett i emneplanen.

Oppgåver som blir skrivne på norsk, eller andre skandinaviske språk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Oppgåver som blir skrivne på engelsk skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk med mindre Dekan gjev unntak frå dette, jf. Forskrift om studium og eksamen ved HVL, § 11-21 (2).

Struktur

Strukturen og omfanget på oppgåva skal drøftast med rettleiar, og vil vere avhengig av oppgåva si art.

Bacheloroppgåvene er ofte basert på IMRaD-modellen (Introduksjon, Metode, Resultat og Diskusjon), men for fleire fagområde er det utarbeidd eigne malar. Desse finn ein på Canvas.

Bacheloroppgåva skal innehalde følgjande punkt:

  • HVL si framside med tittel på bacheloroppgåva (norsk og engelsk), kandidatnummer (ved anonym sensurering) eller fullt namn, namn på bachelorprogrammet (fakultet/institutt/program), namn på rettleiar og dato for innlevering
  • Eit samandrag/abstract av oppgåva på to språk, jf. avsnittet om språk
  • Innhaldsliste med kapittelinndeling og sidetalstilvising.
  • Referanseliste.
  • Vedlegg skal nummererast og førast opp i innhaldsoversikta. Vedlegg som har fleire sider skal nummererast.

Kjeldetilvising

Siteringar og referanselista følgjer referansestilen som blir nytta innan det aktuelle fagfeltet (til dømes IEEE, APA, Harvard eller Vancouver), sjå nettsida Søk & skriv for rettleiing i bruk av stilen.

Når ein skriv oppgåver har ein alle hjelpemiddel tilgjengeleg. Det er likevel viktig at arbeidet som blir levert er ditt eige sjølvstendige arbeid. Dersom arbeidet er nokon andre sitt, må det gå tydeleg fram av tekst og litteraturliste, elles kan det reknast som plagiat/forsøk på plagiat.  Sjå også HVL side om retningslinjer for behandling av fusk.

Forskingsetikk

Studenten har eit sjølvstendig ansvar for at arbeidet med bacheloroppgåva følgjer forskingsetiske normer, reglar og retningslinjer som gjeld for prosjektet og fagområdet. Rettleiar skal og ha fokus på dette, og bidra til at dette blir oppfylt.

Alle prosjekt som tar i bruk personopplysningar, skal vurderast av Norsk senter for forskningsdata (NSD) på førehand. Sjå Oppstart av studentprosjekter under personopplysningsloven.

For meir detaljar, sjå HVL sine retningslinjer om forskingsetikk.

Innlevering

Innleveringsfristen skal vere kunngjort på Studentweb innan oppmeldingsfristen til vurdering (1. september/1. februar).

Oppgåva skal leverast i Wiseflow. Tittelen på oppgåva skal førast på vitnemålet og studenten må sjølv registrere tittelen i StudentWeb ved leveringa.

Sjå meir om innlevering av bacheloroppgåva på hvl.no.

Eksamen og sensur

Frå kapittel 13 i forskrift om studium og eksamen ved HVL:

  • Ved sensurering av bacheloroppgåve skal det oppnemnast to sensorar og minst ein av desse skal vere ekstern (§13-3).
  • For bacheloroppgåver kan intern rettleiar oppnemnast som den eine av dei to sensorane, men ekstern rettleiar kan ikkje være sensor ut frå krava til ekstern sensor i  13-5.
  • Sensor skal minimum ha bachelorgrad innanfor relevant fagområde, eller gjennom yrkespraksis vere særleg kvalifisert innan fagområdet (§13-4).
  • Ved fastsetjing av karakteren har ekstern sensor det avgjerande ordet (§13-7 (2) a).

Ekstern/intern rettleiar (om intern rettleiar ikkje er sensor) kan vere med på eksamen og vere tilgjengeleg for eventuelle spørsmål frå sensor, men må gå ut når karakter blir fastsatt.

I retningslinjene til rammeplanen for ingeniørutdanning (avsnitt 4.4), er det gjeve ei sensorrettleiing for bacheloroppgåver i ingeniørfag som kan nyttast.

Studenten sin rett til grunngjeving og klage på karakterfastsetting er heimla i Forskrift om studium og eksamen ved HVL og Lov om universiteter og høyskoler.

For meir informasjon om vurderingsform for bacheloroppgåva, sjå emneplanen.

Særskild ved gruppeeksamen

Sjå § 11-17 om gruppeeksamen i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet:

"(1) Ved gruppeeksamen skal alle deltakarane i gruppa bidra til eit felles produkt. Karakteren på produktet skal vere lik for heile gruppa. Oppstår det tvil om ein student bidreg eller har bidrege tilstrekkeleg til å få utteljing for eit felles produkt skal det hentast inn skriftleg individuell fråsegn frå alle gruppemedlemene og fagleg rettleiar eller emneansvarleg. Høgskulen kan gjere vedtak om at studenten skal reknast for ikkje å ha møtt under eksamen".

"(2) Ved innlevering av gruppeeksamen må alle studentar godkjenne at gruppeleiar i gruppa leverer eksamensoppgåva på vegner av heile gruppa. Dette skjer når ein aksepterer gruppeinvitasjonen i eksamenssystemet. For bachelor- og masteroppgåver gjeld godkjenninga for heile gruppa òg dersom gruppeleiar godkjenner avtalen om publisering i høgskulen sitt vitenarkiv."

Og § 13-13 om Ny vurdering ved klage på karakterfastsetjing:

"(2) Det er individuell klagerett på karakterfastsetjing ved gruppeeksamen. Ei eventuell endring i karakteren etter klagesensur får berre verknad for den som har klaga."

Forbetring av karakter på bacheloroppgåve

Sjå § 11-19a om Oppattaking av bachelor- og masteroppgåve i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet:

(1) Ein student som har fått bachelor- eller masteroppgåva si vurdert til ikkje bestått, kan levere forbetra versjon til sensur i løpet av dei to påfølgjande semestera. Ved særs tyngande sosiale eller medisinske tilhøve kan studenten søke fakultetet om å levere forbetra versjon etter dei to påfølgande semestera. Krav til dokumentasjon etter § 11-5 (3) bokstav c gjeld tilsvarande. Det er berre mogleg å levere forbetra versjon éin gong.

(2) Det er ikkje høve til å forbetre karakter på ei bestått bachelor- eller masteroppgåve innafor same studieprogram. Det kan gjerast unntak viss studenten skriv heilt ny oppgåve med ny problemstilling.

(3) Ved innlevering av ny eller forbetra versjon av bachelor- eller masteroppgåve, kan rettleiinga til studenten bli avgrensa.

Ein student som har fått bacheloroppgåva, masteroppgåva eller ei anna oppgåve annullert på grunn av fusk, kan ikkje levere ein forbetra versjon av oppgåva, jf § 12-3 (4).

 

Publisering

Bacheloroppgåver som er bestått med karakteren A eller B, kan leggjast ut i HVL Open. Studenten bestemmer sjølv om oppgåva skal leggjast ut eller ikkje, med mindre noko anna er avtalt med eventuell oppdragsgjevar.

For meir informasjon om avtalevilkår ved publisering finn du på HVL sine nettsider om Publisering av oppgåver og Avtalevilkår for publisering i HVL Open.

Opphavsrett

Studentane i gruppa har opphavsrett til bacheloroppgåva. Rettleiaren har ansvar for at eigarskap av data er diskutert og avtalt før arbeidet med bacheloroppgåva startar opp. Dette inkluderer òg samarbeid om data etter at bacheloroppgåva er levert.

Revidering av rettleiaren

Denne rettleiaren vil reviderast etter behov, som når emneplanar endrast eller det kjem endringar i aktuelle lover og forskrifter. Redaksjonelle endringar vert utført av studieadministrasjonen, medan større endringar må godkjennast av dekan ved fakultetet.