Grunngiving og klage

Grunngiving

Før du leverer klage på eit eksamensresultat kan det vere ein fordel å få ei grunngiving på karakteren. Du kan be om grunngiving på karakter innan ei veke etter at eksamensresultatet er publisert.

Dersom du har hatt eksamen i WISEflow kan det vere at sensor har lagt inn kommentarar til oppgåva der. Desse er tilgjengelege når sensurfristen er over, på same side som du gjennomførte eksamen på. Sjekk derfor om du finn kommentar der før du ber om grunngiving.

Ved munnleg eksamen må du be om grunngiving umiddelbart etter at resultatet er klart.

Skjema for studentar i Bergen

Skjema for studentar i Førde, Sogndal, Stord og Haugesund

Du finn emnekode og kandidatnummer i Studentweb.

Klage

Du har rett til å klage på karakteren innan tre veker etter at karakteren er publisert i Studentweb.

Klage på karakter skal behandlast utan ugrunna opphald. Dersom krav om grunngiving for karakteren eller klage på formelle feil er sett fram, blir klagefristen tre veker frå du har mottatt grunngivinga eller endeleg avgjerd av klagen ligg føre. 

Klagekommisjonane behandlar mange klagesaker, og dei fleste klagene kjem i periodar med ferieavvikling. Du må derfor pårekne mellom 3 til 8 veker saksbehandlingstid.

Når klagen er ferdigbehandla, får du melding på student-epostadressa di om at resultatet er tilgjengeleg i Studentweb. 

Det blir oppnemnt to sensorar ved klagesensur, der minimum ein er ekstern. Sensorane får ikkje opplyst din opphavelege eksamenskarakter. Du kan ikkje klage på den nye karakteren, og det er denne som blir ståande som endeleg resultat. Den nye karakteren kan bli betre, lik eller dårlegare enn den opphavelege karakteren. Det er derfor viktig å vurdere grundig om du ønskjer å klage. Du kan trekkje klage på karakter inntil klagen er avgjort. Klagen blir sett på som avgjort når protokollen er signert.

Det er berre klagerett på karakterfastsetting som ut frå sitt slag lar seg etterprøve, det vil seie skriftleg vurdering. Du kan ikkje klage på karakteren du får på ein munnleg eller praktisk eksamen, men du har rett på grunngiving for karakteren. Som hovudregel skal karakteren gjerast kjend og kravet om grunngiving setjast fram på eksamensstaden eksamensdagen.

Vi anbefaler at du les UHR si karakterbeskriving før du sender inn klage.

Skjema

Skjema skal fyllast ut elektronisk og sendast til post@hvl.no.

For gruppeeksamen må klagen signerast av alle studentane i gruppa for å vere gyldig, jf. § 11-3 (8) i forskrift om studium og eksamen ved HVL.

Du finn emnekode og kandidatnummer i Studentweb.

Viss du ønskjer å ta eksamen på nytt, gjeld oppmeldingsfristen 1. februar i vårsemesteret og 1. september i haustsemesteret sjølv om du har klaga på karakteren.