Klage på formelle feil

Dersom du har tatt eksamen og meiner det er gjort feil frå HVL si side, kan du klage på formelle feil. Du kan klage på formelle feil ved alle typar eksamenar.

Ved formelle feil skal sensurvedtaket opphevast og feilen rettast. Feilen kan anten rettast ved ny sensur av den innleverte eksamensoppgåva (om mogeleg) eller ved at du får tilbod om å avleggje ny eksamen. Ny sensur kan skje til gunst eller ugunst for deg. 

Dersom feilen kan ha påvirka fleire studentar på eksamen, kan feilen rettast hjå samtlege.

Formelle feil etter universitets- og høyskoleloven § 5-2 kan vere:

  • Feil ved oppgåva som kan ha hatt innverknad for resultatet.
  • Feil under avvikling av eksamen som kan ha hatt innverknad for resultatet.
  • Feil ved gjennomføring av sensur som kan ha hatt innverknad for resultatet.

Frist for å klage på formelle feil er tre veker etter at du vart kjend med eller burde vere kjend med det eller dei forholda som ligg til grunn for klagen. Dersom du har bedt om grunngjeving eller klaga på karakteren er klagefristen tre veker etter at du har mottatt grunngjevinga eller klagesensuren.

Her kan du lese om klage på formelle feil knytt til praksis. 

Medhald i klagen

Dersom klagen blir tatt til følgje, skal feilen rettast. Kva som blir utfallet, avheng av kva som må til for å rette opp feilen.

Dersom feilen kan rettast ved ny sensur, blir oppgåva di sendt til ny sensur og den opphavelege sensuren blir annullert. Dersom du allereie har klaga på karakteren blir klagesensuren òg annulert. Den nye karakteren blir ståande uavhengig av om den er betre, lik eller dårlegare enn den opphavelege karakteren.

Dersom feilen ikkje kan rettast med ny sensur, vil du få tilbod om ny eksamen i emnet. Det vil vere valfritt å gjennomføre den nye eksamenen, og det beste resultatet vil bli ståande. Dette forutset at feilen kan ha vore til ugunst for ein eller fleire studentar. Dersom det ligg føre ein formell feil som kan ha gitt ein eller fleire studentar ein fordel ved eksamen vil det ikkje vere valfritt å ta den nye eksamenen.

Når feilen ikkje kan rettast med ny sensur, kan høgskulen bestemme at det skal arrangerast ny eksamen. Ny sensur skal gjerast av minst to nye sensorar, kor minst éin er ekstern.

Oversending til klagenemnda

Dersom klagen ikkje blir tatt til følge, skal klagenemnda ved HVL gjere endeleg vedtak i saka. Klagenemnda avgjer om det er begått ein formell feil, og om feilen skal rettast med ny sensur eller ny eksamen. 

Korleis klagar du på formelle feil ved eksamen?

Klage på formelle feil skal vere skriftleg og sendast til post@hvl.no. I klagen må du forklare kva formelle feil som er gjort ved eksamen og korleis du ønskjer at feilen skal rettast.

Studenten kan trekke klagen fram til den er avgjort. 

Dersom det ikkje er gjort ein formell feil ved eksamen

Dersom det ikkje er begått ein formell feil ved eksamen, men du er misnøgd med sensuren kan du klage på karakteren.

Dersom det ikkje er begått ein formell feil ved eksamen, men du er misnøgd med undervisningsopplegget eller har tilbakemeldingar til fagtilsette kan du sende ei melding til sei ifrå eller sende ein e-post til instituttet.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med eksamenskontoret, så svarer vi deg så fort vi kan. Du kan også sjekke om du finn svaret hjå Mime, den virtuelle assistenten som du finn nede til høgre på sida.

Fyll ut kontaktskjema