Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet

Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet er eit lovpålagt organ, jf. lov om universiteter og høyskoler § 14-1. Samansetting av nemnda er regulert av lova.

Mandat

Nemnd for studentsaker ved Høgskulen på Vestlandet behandlar følgjande saker:

  • Fusk og forsøk på fusk.
  • Skikkasaker etter innstilling frå Skikkavurderingsnemnda ved HVL
  • Utestenging frå praksis på grunn av merknad på politiattest.
  • Bortvising.
  • Falskt vitnemål eller falske dokument ved opptak til studium. 
  • Klager på høgskulen sine enkeltvedtak. Til dømes formelle feil på eksamen og praksis, tilrettelegging og opptak til studium. 
  • Klagesaker etter forskrift for graden philosophiae doctor (Ph.d) ved HVL.
  • Klager i samband med val av representantar og ombod ved HVL.

Nemnda sine vedtak i klagesaker er endelege. Desse vedtaka kan ikkje kan klagast på.

Samansetting

For perioden 1.9.2024–31.8.2028:

  • Leiar: Tingrettsdommar Bjørg Kvelstad
    Vara for leiar: Tingrettsdommar Tone Raaen
  • Fagtilsett: Dosent Hanne Kristin Tuntland 
    Personleg vara: Professor Catharina Renate Christophersen
  • Fagtilsett: Førsteamanuensis Sven Olai Høyland
    Personleg vara: Høgskolelektor Alfred Limstrand

For perioden 1.8.2024–31.7.2025:

  • Studentrepresentant: Alexander Papas
    Personleg vara: Otto Thorbjørnsen. 

  • Studentrepresentant: Janne Fagerland Sjursen 
    Personleg vara: Maren Gullvåg Aasen 

Møteplan vårsemesteret 2025

  • 27. januar. Innsendingsfrist: 10. januar. 
  • 28. februar. Innsendingsfrist: 7. februar.
  • 28. mars. Innsendingsfrist 7. mars.
  • 25. april. Innsendingsfrist 4. april.
  • 23. mai. Innsendingsfrist: 2. mai.
  • 27. juni. Innsendingsfrist: 6. juni.

NB: Innsendingsfrist er interne fristar for fakultet og einingar ved HVL. 

Søkjarar og studentar skal sende klage til Høgskulen på Vestlandet, postboks 7030, 5020 Bergen eller e-post til post@hvl.no. Klagefrist er tre veker frå dato søkjar eller student mottok vedtak frå HVL. 

Vi anbefalar å sende klage per post om klagen inneheld sensitive opplysningar

Kontaktinformasjon

Spørsmål som gjeld klagesaker kan rettast til sekretariatet for nemnda: nemnd.studentsaker@hvl.no

Kontaktpersonar:

Rådgivar
Høgskulen på Vestlandet