Omslagsfelt for oppgåve

I tillegg til forsida på bachelor- eller masteroppgåva di må du fylle ut eit omslag når du leverer oppgåva i WISEflow. Dette gjer du ved å svare på nokre spørsmål.

Nokre av felta er markert med stjerne* i WISEflow. Det er felt du må svare på for å få levert. Andre felt er valfrie.

Dette er felta du må ta stilling til eller fylle ut:

Tal ord

Her fyller du inn med tal kor mange ord oppgåva består av. Dersom du ikkje har fått anna informasjon frå faglærar skal du telje tal ord i sjølve oppgåva. Tittelside, innhaldsliste, samandrag, referanseliste og eventuelle vedlegg skal ikkje reknast med.

Eigenerklæring

Avkryssing på eigenerklæringa er påkrevd for å få lov til å levere i WISEflow

Ved å krysse av boksen, stadfestar du at du har gjort deg kjent med forskrift for studium og eksamen og retningslinjene om handsaming av fusk ved HVL.

Sett hake dersom svaret kan brukast som døme i undervisning

Dersom du set kryss på dette feltet kan faglærarar bruke oppgåva di i undervisning for noverande og seinare studentar uten å spørje deg spesifikt om lov i kvart tilfelle. Dette er ikkje eit påkrevd felt.

Er bacheloroppgåva/masteroppgåva skriven som del av eit forskningsprosjekt ved HVL?

HVL rapporter kvart år til Kunnskapsdepartementet kor mange bacheloroppgåver som er skrivne i samarbeid med eit forskningsprosjekt. 

Er bacheloroppgåva/masteroppgåva skriven ved bedrift/verksemd i næringsliv eller offentleg sektor?

HVL rapporter kvart år til Kunnskapsdepartementet kor mange bacheloroppgåver som er skrivne i samarbeid med ei bedrift/verksemt i næringsliv eller offentleg sektor. 

Eg stadfestar at eg har registrert oppgåvetittelen på norsk og engelsk i Studentweb og veit at denne vil stå på vitnemålet mitt.


Det er påkrevd å stadfeste at du har registrert oppgåvetittelen på norsk og engelsk på Studentweb.

Eg godkjenner avtalen om publisering av bacheloroppgåva/masteroppgåva mi

Dersom du ønskjer å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre tilbyr vi publisering i HVL Open.

Å få publisert oppgåva di kan vere nyttig i jobbsøkjarsamanheng. I ein CV eller jobbsøknad kan du leggje ved lenke til oppgåva di.

Du svarer ja eller nei til publisering når du leverer bachelor- eller masteroppgåva di. HVL publiserer bacheloroppgåver med karakter A og B, og alle masteroppgåver som er bestått.

Informasjon om HVL Open og avtale om publisering.

Inneheld svaret konfidensielt materiale?

Ja/nei-spørsmål