Kreativ eksportvare

Det byrja i det små og har etter kvart vakse seg større og større – og langt ut forbi landegrensene. Write a science opera er blitt ein ekte HVL eksportvare. Sjå video.

Med utspring i campus Stord og fagmiljøet har førsteamanuensis Oded Ben-Horin gjennom fleire år bygd opp eit koppel av tverrfaglege og kreative prosjekt knytt til lærarutdanning. Eitt av dei er Write a science opera. Her miksar og utforskar ein møtet mellom kunstfaga og naturfaga i skulen.

Mange elevar både her i landet og i resten av verda er kopla på, og prosjektet har fått midlar frå EU og Horisont 2020 (Creations), UH-nett Vest og fleire andre finansieringskjelder. 

No i haust går fleire skular i gong med nye oppsettingar både her på Vestlandet og i Europa.

Oded Ben-Horin fortel at ein og losar prosjektet meir og meir inn i forskinga, og ein vitskapleg artikkel er under utarbeiding.

Write a science opera er ein del av porteføljen til CASE-senteret i HVL