Kunstfaga er minimumsfag i Hordaland

Ambisjonsnivået i kunstfaga er lågt samanlikna med andre sentrale skulefag, viser ein ny forskingsrapport. Mange skular manglar lokale læreplanar, lærarar får ikkje etter- og vidareutdanning og fleksible ressursar kjem i liten grad kunstfaga til gode. Men kunstfaga kan blomstre utan særbehandling.

Professor Catharina Christophersen har leia forskingsarbeidet som har resultert i rapporten Kunstfaga i grunnskulen i Hordaland – Tilstand og utfordringar i 2016. Rapporten er skriven på oppdrag frå Samspel Hordaland (2011–2016), som har vore ein samarbeidsallianse med mål om å styrke kunstfagopplæring på alle utdanningsnivå i Hordaland. Kunstfag er definert som musikk og kunst og handverk i denne forskingsrapporten sidan desse to er dei einaste kunstfaga som er eigne fag i skulen.

Positive haldningar – lite handling

Christophersen fortel at mandatet har vore å finne ut korleis det står til med kunstfaga i grunnskulane i Hordaland. Konkret handlar det om å sjå på lokale kunstfaglege satsingar, ressursbruk, spesialundervisning og tilpassa opplæring i kunstfaga, planarbeid, rammefaktorar osb.

– Sjølv om haldningsspørsmåla som vart stilte til lærarane og rektorane viser ei særs positiv innstilling til kunstfaga og den verknaden dei kan ha på elevane si læring, danning og mestring, ser ikkje desse positive haldningane ut til å bli omsett i lokale prioriteringar. Rapporten konkluderer med at få skular i Hordaland har kunstfag som satsingsområde, og kunstfaga får i liten grad nyte godt av fleksible og omdisponerbare ressursar på skulane, som til dømes delingstimar.

Spesialrom

Dei fleste skulane har spesialrom til kunstfagundervisning. Likevel går ein stor del av undervisninga føre seg i klasserom/base. Dette gjeld særleg musikkfaget. Mange lærarar melder om liten tilgang til grupperom og datalab i kunstfagundervisninga, særleg på småsteget.

Kunst- og handverkfaget ser ut til å kome litt betre frå det enn musikkfaget, og kunst- og handverkslærarane er også meir nøgde enn musikklærarane med romma dei har til disposisjon.

Ikkje noko etter- og vidareutdanning

Kompetansenivået til lærarane i denne undersøkinga ligg høgt samanlikna med tidlegare tal for Hordaland. Likevel stadfestar rapporten resultata frå andre undersøkingar: Dei lærarane som har høgast kompetanse, ser ut til å undervise på ungdomstrinnet, og heller ikkje i Hordaland får lærarar etter- og vidareutdanning i musikk og kunst og handverk.

– Dette er eit funn som ikkje berre gjeld i Hordaland. Tidlegare forsking viser at lærarar i Norge får systematisk ikkje etter- og vidareutdanning i kunstfag, seier Christophersen.

Utfordringar

– Ein av konklusjonane i forskingsrapporten er at elevane truleg får om lag det dei har krav på i kunstfagopplæringa i grunnskulane i Hordaland, sjølv om vi ikkje kan seie dette heilt sikkert, seier Christophersen. Men om vi samanliknar kunstfaga med andre, såkalla ”sentrale skulefag” ser ambisjonsnivået for kunstfaga ut til å vere lågt.

– Det ser også ut til at elevane i andre fag har krav på meir, til dømes lokale læreplanar og betre lærarkvalifikasjonar, seier Christophersen.

Kunstfaga kan blomstre utan særbehandling

Christophersen viser til ein casestudie av kunstfagundervisninga ved norske og svenske skular (Christophersen & Ferm-Thorgersen, 2015) som kan tyde på at kunstfaga ikkje ser ut til å trenge særbehandling. Tvert om ser det ut til at om kunstfaga får same status og behandling som andre fag (til dømes ved å ha kvalifiserte lærarar, tilstrekkeleg tid, lokale og utstyr, og ei systematisk tilnærming til planarbeidet), så kan kunstfaga vere likeverdige med andre fag i skulekvardagen.

– Dersom kunstfaga skal blomstre i skulane i Hordaland, tyder våre funn på at skuleeigarar og skuleleiarar må sjå utover det elevane har rett på som eit minimum i kunstfaga og få på plass lokale læreplanar og kvalifiserte lærarar – kort sagt: Gi kunstfaga same vilkår som andre fag, seier professor Catharina Christophersen.

Samspel Hordaland

Samspel Hordaland ønskte å markere avslutninga på prosjektet med ei kartlegging av tilstanden for kunstfaga i Hordalands-skulane og gav forskingsoppdraget til dåverande Høgskolen i Bergen (no Høgskulen på Vestlandet), Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon ved professor Catharina Christophersen.

Christophersen har samarbeidd med seniorrådgjevar Kristin Iversen og rådgjevar Martin Tvedt om datainnsamlinga, dataanalyse og skriftleg framstilling av materialet i denne rapporten. Sekretariatet for samarbeidsalliansen har vore lagt til Senter for kunstfag, kultur og kommunikasjon, Avdeling for lærarutdanning i Bergen, og styringsgruppa vart leia av tidlegare rektor ved Høgskolen i Bergen, Ole-Gunnar Søgnen.

Dei samarbeidande partane var forutan Høgskolen i Bergen, Høgskulen Stord/Haugesund, Universitetet i Bergen, Kunst- og designhøgskolen i Bergen, Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, Norsk kulturskoleråd, avdeling Hordaland og fylkesmannen i Hordaland.

Samarbeidet vart avslutta i si eksisterande form i samband med fusjonane ved årsskiftet. Samspel Hordaland har vore prosjektorientert. I perioden 2011–2016 har Samspel arrangert nasjonale kunstfagkonferansar så vel som lokale og regionale seminar, og har også bidrege med medieoppslag og kronikkar om kunstfaga i skule og i lærarutdanning.