Kva kan barn lære av troll som kastar stein?

I dag er det ikkje mange som trur at sinte troll kastar små fjell på kvarandre for å avgjere feidar. Likevel kan troll og segn lære barn noko nyttig.

Segn, desse korte forteljingane som har levd eller lever på folkemunne, er ei gullgruve for læring i barnehage og skule.

Tradisjonsforteljingane har mange fellestrekk med eventyr. Dei blandar fantasi og røyndom på ein måte som ofte er forlokkande for barn.

Til skilnad frå eventyra, som i stor grad distanserer seg frå tilhøyraren, nærmar segnene seg tilhøyraren ved å knytte seg til bestemde stader, personar og hendingar i lokalmiljøet.

Såleis tilfører dei det lokale landskapet innhald og meining, gjerne med både dramatisk og mytisk karakter.

I fleire tiår har dosent Nils Tore Økland og førsteamanuensis Bjørn Bjørlykke frå Høgskulen på Vestlandet samla slike lokale tradisjonsforteljingar. Dei har forska på korleis dei kan nyttast i barnehage, skule og andre pedagogiske opplegg.

Samlinga består no av over 2000 segner frå heile Vestlandet. Den er nettopp gjort tilgjengeleg for eit verdsomspennande publikum.

Nære og besynderlege forteljingar

Ei av dei mange forteljingane som dei to undervisarane har samla, fortel om Agdesteinen. Dette er ein stor stein som ligg på tuppen av Agdesteinfjellet på Stord, høgt oppe, med utsikt mot Hardangerfjorden. Den er eit typisk val for folk som leitar etter gode motiv til sosiale medium.

Segna om steinen fortel at den hamna på fjellet etter ein kamp mellom trollkjerringane i distriktet. Dei hadde ikkje mykje til overs for kvarandre og fauk stadig i tottane på kvarandre.

Usemja førte til at dei byrja kaste småstein, men til slutt heiv trollkjerringa på Tysnes, som er ei øy i Hardangerfjorden synleg frå Agdesteinfjellet, ein diger stein over til trollkjerringa der.

Segna seier ikkje noko om kven som vann, men den store steinen ligg framleis på Agdestein den dag i dag.

Segner kan lære oss om språk, kultur og motstridande verdsbilete

Dei to meinar at det er uendeleg mange måtar ein kan nytte segner på pedagogisk, særleg i barnehagelærar- og grunnskulelærarutdanningane.

Segn speglar den lokale kulturen, sjølvforståinga, identiteten og tilhøyrsla. Slik kan dei gje innblikk i fag som geografi, botanikk, historie, religion, og ikkje minst ulike aktivitetar i barnehagen.

Men det er andre tenkelege innfallsvinklar òg.

– Det er mange relevante og aktuelle inngangsportar til å nytte segnene pedagogisk, til dømes i språklege, litterære, folkloristiske eller sosiologiske studium. Eller korleis folk fortolkar røyndomen, til dømes som i segnene om Jutasteinen, fortel Økland.

Jutasteinen er ein annan stein i lokalmiljøet på Stord som har vore gjenstand for mytiske forteljingar, som visstnok skal vere sanne.

Steinen er på størrelse med ein stor kassebil. Den ligg åleine på ei slette, omringa av åkrar i kilometers omkrins, i nærleiken av Høgskulen på Vestlandet sin campus på Stord.

Ifølgje segnene som Økland og Bjørlykke har samla, finst det to historier bak steinen. Den eine fortel at når vinden blåste frå sør, og ein kunne høyre kyrkjeklokkene frå Stord kyrkje fire kilometer lenger sør, då snudde Jutasteinen seg etter klokkene.

Den andre segna fortel om ein rise, eit bergtroll, på Englafjell i Kvinnherad, på andre sida av Hardangerfjorden frå Stord, som ein gong vart rasande og kasta steinen dit i fullt sinne.

– Desse segnene om jutasteinen er dømer på ein spennande inngang til å studere maktkampen mellom to verdsbilete, det kristne på den eine sida og folketrua, som var basert på førkristne forestillingar, på den andre, forklarer Økland.

IMG_5444.jpg

Forskarane Nils Tore Økland og Bjørn Bjørlykke har samla dei ulike forteljingane om steinen, saman med 2000 andre segner. (Foto: Hilde Zwaig Kolstad / HVL)

Folketru eller skrøner?

Segnene gir seg ut for å vere sanne. Likevel trur nok dei færraste på trollkjerringane på Tysnes og risen i Kvinnherad, for ikkje å snakke om ein levande stein som snur seg etter kyrkjeklokkene?

Men dei overnaturlege innslaga i segnene kunne faktisk vere uttrykk for folketrua som eksisterte i lokalsamfunna tidlegare. Og folk som trur på overnaturlege hendingar høyrer ikkje berre fortida til.

Framleis høyrer ein ofte om folk som fortel om opplevingar som dei sjølv trur fullt og heilt på, men som ikkje kan etterprøvast; om møte med gjengangarar og andre liknande fenomen. At nokon møtte på ei hulder for nokre hundre år sidan, er kanskje ikkje meir utruleg enn at nokon meiner dei har møtt på ein UFO i dag.

– Ein kan snakke om ei slags metaforisk sanning; at dei overnaturlege vesena kan vere ein metafor for ytre og indre krefter ein blir stilt overfor, fortel Økland.

– Om ein ikkje trur på segna direkte, så kan ein tru på poenget i segna, gjerne haldningar eller meiningar som ligg innafor teksten, seier han.

Meir presise detaljar om tidspunkt, stad og personar blei òg lagt til for å gjere forteljingane meir truverdige.

– Det er delte meiningar om i kva grad folk trudde på dette, men om det til dømes var ein slektning ein kjende til som hadde opplevd historia, så blei det lettare å tru på ho, legg Bjørlykke til.

Studentar har hjelpt med å samle inn

Segn-samlinga til Økland og Bjørlykke strekker seg over heile Vestlandet, frå Smøla og Aure nord i Møre og Romsdal til Sokndal sør i Rogaland.

Dei to forskarane starta innsamlinga i nærdistriktet i Sunnhordland. Sidan studentar heile vegen har vore delaktige i innsamlingsarbeidet, har det geografiske området vakse med høgskulen sine sammenslåingar – og studentane sine tilsvarande praksisområde.

I innsamlinga har studentane sine bidrag vore spesielt viktige. Dei har blant anna hatt kontakt med lokalpersonar som sit på kjelder og innhenta forteljingar frå arkiv, samlingar og ei rekkje andre kjeldar. Alt stammar likevel frå munnleg tradisjon.

«Austmennene» og andre folk

Segnene er no kategoriserte etter tema. Dei er søkbare etter geografisk stad, tema, lokalitet i landskap og kva for kjelde som er opphav til segna.

Databasen dei allereie hadde etablert gav Bjørlykke og Økland nye moglegheiter til å kategorisere segner i meir detaljerte undertema. Slik er det blitt enkelt å søke og finne spesielle handlingar, lokalitetar eller hendingar.

No er det mogleg å søkje etter langt fleire tema, på kryss og tvers i systemet. Til dømes om kjeltringar, folk som fell utanfor, folk som har spesielle eigenskapar – som til dømes «austmenn», som er folk frå Telemark og Hallingdal.

Tilgjengeleg for resten av verda

Heile samlinga med segner er no publisert som eit eige datasett på høgskulens opne søkemotor, som kan koplast opp til dei store, generelle forskingssøkemotorane.

Det betyr at forskarar over heile verda kan dra nytte av segnene, mellom anna via tenester som Google Research Data og Google Scholar.

Forskarane på Stord er glade for at segn-materialet er bevart på ein sikker måte og for at samlinga no er tilgjengeleg for så mange andre, og for fleire fagmiljø, inkludert for masterstudentar i arbeidet med masteroppgåver.

Referanser:

Bjørlykke, B. og Økland N. T. G. (2019). Segner som pedagogisk ressurs. Artikkel, Norsklæraren, 2019.

Bjørlykke, B. og Økland N. T. G. (2020, 28. juli). Litt historikk. Henta frå https://segner.no

Bjørn Bjørlykke, Nils Tore Gram Økland: Vestlandssegner, datasettet som ligg til grunn for www.segner.no. HVL Open Research Data, 2020. Doi.org/10.18710/XH0KCE