
Perspektivrik bok om lærarutdanninga i Bergen
Takka vere ildsjeler sin store innsats, har historia til lærarutdanninga i Bergen no kome mellom to permar. – Ein kraftprestasjon, seier rektor Gunnar Yttri.
Utviklinga og framveksten av lærarutdanninga i Bergen har ei rik og spanande historie. Mykje har skjedd sidan dei første studentane starta i 1953 ved Bergen lærerhøgskole under namnet Statens lærerskoleklasser - til dagens lærarutdannig på Kronstad som ruvar i det nasjonale landskapet i kraft av tal på studentar, sterke fagmiljø og aktivt samspel med eit breitt praksisfelt.
Slik startar rektor Gunnar Yttri forordet til boka "Høgt under taket lærarutdanning i Bergen, 1953-2016".
Ein gledens dag
Redaktørane Josten Saakvitne og Egil Ertresvaag har fått med seg mange sentrale personar frå lærarutdanninga som bidragsytarar til ulike kapittel i boka. Her blir særtrekka frå kvart fagmiljø fortalt gjennom både ord og fotografi.
– Dette er ein gledens dag! No har vi landa, og vil ha landa godt, fortalde redaktørane under boklanseringa.
Viktig å stoppe opp og sjå tilbake
Også byråd for skole, barnehage og idrett, Linn Katrin Pilskog var med på boklanseringa.
– Det er godt å kunne ta oss tid til å stoppe opp og sjå oss tilbake. Det er ein stor styrke at vi har ei slik solid lærarutdanning i byen vår, sa ho.
Boka kan kjøpast i alle bokhandlarar.
Les også meir om boka på Bodoni forlag si nettside