
Feirar startskotet for lærarutdanninga og studiestaden Sogndal
1. september er det 50 år sidan Sogndal fekk sin eigen lærarskule. – Dette var starten på høgare utdanning i Sogndal og skapte ein heilt ny dynamikk i bygda, seier Frode Fretland, instituttleiar ved idrett, kosthald og naturfag.
Det gjekk ikkje mange vekene etter at Sogndal lærarskule hadde opna dørene, før studentaktivitetane var i gang.
– Elevsamfunnet, som seinare vart Studentsamfunnet, starta ei rekkje lag og organisasjonar, mellom anna kor, leikarring, teater, foto og skuleteater. Blant dei første lærarstudentane var fleire også med på fotballaget og skapte grunnlaget for den positive utviklinga i Sogndal Fotball, seier Frode Fretland.
Har bygd bruer mellom høgskulen og samfunnet rundt
Når 50-årsjubilieet blir markert denne veka, er både noverande og tidlegare studentar og tilsette invitert, i tillegg til pensjonistar og samarbeidspartnarar i regionen.
Lenke til heile programmet 1. september, finn du i denne lenken.
– Lærarutdanninga i Sogndal har sikra solid kompetanse lokalt og regionalt og har alltid vore ein del av ein systematisk samarbeidskultur, seier Fretland.
Han påpeikar at lærarutdanninga i Sogndal har vore tett på skulen sine reelle utfordringar, bygd bruer gjennom teori og praksis, og blitt ein relevant kunnskapsutviklar gjennom godt samspel med utdanningsdirektør, KS, Utdanningsforbundet, fylkeskommunen og lærarar i Sogn og Fjordane.
– Ein har, ganske enkelt, lukkast med å utvikla kunnskapar saman i tillitsfulle relasjonar som over tid har skapt engasjerande, kritiske og gode læringsvilkår for alle partar – elevar, lærarar, studentar, førelesarar, forskarar og andre som brenn for barn og unge si læring og utvikling i skulen, seier Fretland.
Foto frå formingsundervisning ein gong på 80-talet.
Markerer jubileet både i september og november
Arrangementa 1. september vil skje både på dagtid ved Bragebygget, og på kveldstid i Høgskulebygget. Mellom anna blir det helsing frå rektor Gunnar Yttri, grunnskulelærarstudent Nora Lindblad og tidlegare rektor ved høgskulen i Sogn og Fjordane, Johs Thaule.
Det blir også ein konsert for studentane med Kamelen på Studenthuset Meieriet 2. september. Dette er ei gåve frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett til studentane i Sogndal, og konserten er utsolgt.
I november vil feiringa av Sogndal lærarskule halde fram. Då inviterer Høgskulen på Vestlandet og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett til to-dagers konferanse med innlegg om mellom anna fysisk aktiv læring, kunstfagleg samspel og diskusjonar om framtidas lærarutdanning.
Lenke til konferanseprogrammet finn du i denne lenken.
Lærarstudentar i klasserommet, 1976.
Lærarstudentar på ekskursjon, 1978