Historikar bygger mellomalderen i Lego: – Eg har ein veldig tolmodig kjærast

Lurer du på korleis det såg ut då krossfararane invaderte Jerusalem? Eller då Erling Skakke gjekk på fylla i det bysantiske riket? Historikar Pål Berg Svenungsen har sett det føre seg.

Under pandemien var historikar Pål Berg Svenungsen i Sogndal mykje heime hos seg sjølv. Det blei kjedeleg i lengda. Han sakna å stå framfor studentane sine på Høgskulen på Vestlandet og snakke i timevis om mellomalderen – noko av det beste han veit. Særleg interesserer han seg for krosstoga.

Men keisemd gir god grobotn for nye idear. 

Tilfeldigvis hadde dessutan mor hans på denne tida teke eit tak for å tømme guterommet hans i Langesund. Dermed fekk den 38 år gamle akademikaren nokre kasser med gammal Lego i fanget. Gjensynet med eit høgt elska sjørøvarskip og ei imponerande borg utstyrt med hestar, tårn, vimplar og riddarar var gledeleg, men då desse var ferdig rekonstruerte, ville han berre bygge meir. 

Det blei eit kjærkomme nytt prosjekt som braut monotonien av korona-nedstenginga. 

Midt på vinteren tok han med seg nokre Lego-figurar ut i snøen på utsida av huset og stilte dei opp i eit tablå. Historikaren tok bilde av den vesle forsamlinga, som såg ut til å streve seg tappert fram gjennom eit ugjestmildt landskap, posta det på Instagram og skreiv at dette var kong Sverre og Birkebeinarane i ferd med å krysse Vossafjellet.

TUNG FERD: Kong Sverre og Birkebeinarane kjempar seg gjennom snøkavet. Foto: Pål Berg Svenungsen

Begeistra følgjarar på Instagram

Frå då av balla det på seg. Dei siste tre åra har Svenungsen posta eit hundretals Lego-tablå og -figurar på Instagram-kontoen sin, The Lego Medievalist

Følgjarskaren hans er relativt liten, kring 1.200, men dedikert. Nokre er historisk interesserte, andre er Lego-entusiastar, og dei historisk interesserte utmerker seg med å vere forelska i detaljane. 

Ein gong oppstod det til dømes ein diskusjon om ein for dei innvigde hårreisande anakronisme i ein mellomalderborg Lego hadde produsert. Der hadde designarane av settet gjort den historiske brølaren å inkludere eit graskar i ei scene frå 1100-talet. Graskar blei ikkje dyrka i Europa før ein gong på 1500-talet, då frukta blei importert frå Amerika, kunne dei historisk kyndige melde frå om.

LEGOHISTORIKAREN: Å rekonstruere mellomalderen i Lego har skapt ein drøss med nye forskingsspørsmål for Svenungsen. Foto: Katrine Sele

For Svenungsen sjølv har rekonstruksjonen av mellomalderscener endra forholdet hans til mellomalderen på grunnleggande vis. 

Først og fremst har ein drøss med nye forskingsspørsmål oppstått. Og det er nettopp desse spørsmåla som gjer historia så interessant for han:

– Eg er fascinert av det framande, det eg ikkje forstår. Når fortidas menneske handlar på måtar som verkar ulogiske eller rare, ønsker eg å finne ut kvifor.

Det rare med krosstoga

Eit spørsmål som især har stått i hovudet til Svenungsen som forskar, er: Kva får eit stort tal menneske til å forlate sine heimar og marsjere mange tusen kilometer mot det ukjente?

Vi snakkar om krosstoga. 

Dei blei annonserte av pave Urban II i år 1095. Frå kring år 800 til år 1000 hadde det kristne Europa vore under angrep, men no snudde det. Frå kring år 1000 ekspanderte den vestlege kristendommen til nye territorium, mykje gjennom misjon. Krossfararane drog frå nord mot Levanten for å frigjere Jerusalem frå islamsk herredømme, ein religion som folk i Vest-Europa visste lite om. 

HISTORISK VENDEPUNKT: Pave Urban II annonserer krosstoga. Foto: Pål Berg Svenungsen

Enkelte trudde at muslimane var kristne kjettarar. Nokre tolka pavens kall på sitt eige vis og angrep jødiske samfunn i Europa framfor å dra til det heilage landet. Jødane blei sett på som Jesu mordarar. Desse forfølgjarane var ikkje sanksjonerte av paven eller kyrkja.

– Krosstoga har ikkje vore spesielt populære å forske på. Norsk historieskriving starta på 1800-talet og då handla det mykje om å bygge opp norsk identitet. Då passa det dårleg for protestantiske historikarar at Noreg ein gong hadde vore ein del av den katolske kyrkja, seier Svenungsen.

I denne versjonen av norsk mellomalderhistorie blei mogelege ideologiske motiv tona ned. 

Krossfararane blei tolka som ein type kolonialistar og lykkejegerar. Målet deira om å erobre Jerusalem var ikkje å forstå som eit utslag av gudsfrykt, men heller som grådigskap, eit ønske om makt og rikdom. Det var hovudsynet blant mellomalderhistorikarar i lange tider. Dei gjekk ut ifrå at dei som reiste, gjerne var unge og eigedomslause riddarar med lite å tape og mykje å vinne.

– Denne materielle historieforståinga har stått seg heilt til denne dag. Men ho stemmer ikkje. Ved nærare ettersyn viser det seg at mange av dei som reiste, var landeigarar og velfødde herrar. Det ideologiske var faktisk ein sterk motivasjon på den tida. Folk ville gjere sjelebot og sikre seg ein plass i himmelen gjennom krigføring, seier Svenungsen.

– Dei hadde ein klar tanke om at Gud syntest at dette var ålreit.

Hårsveisar i mellomalderen

Men tilbake til dei andre spørsmåla – dei som har oppstått frå å visualisere mellomalderen gjennom Lego. Dei er mange, ikkje minst fordi kvardagsmenneska stort sett er fråverande i dei skriftlege kjeldene. 

Der er det hovudsakleg dei store mennene og dei store slaga som får plass, mens kvardagslege gjeremål og levemåtar er vanskelege å få auge på.

– Dette heng saman med den høge kostnaden av skrift på den tida. Å finne nokon som kunne skrive og lese, og dermed føre historia i pennen, var vrient og dyrt. Få hadde dessutan ressursar til å lage pergament. Ei bok hadde i periodar like høg verdi som ei ku, seier Svenungsen.

Korleis dekte folk på eit bord? Kva åt dei, korleis kledde dei seg, korleis møblerte dei husa sine? Og ikkje minst, kva hårsveis hadde dei? 

Alt slikt er det lite spor av i skriftlege kjelder, men desse spørsmåla har teke til å oppta Svenungsen meir og meir idet han har jobba med å rekonstruere scener frå mellomalderen. 

GLADE I Å PYNTE SEG: Vikingar hadde ikkje horn på hjelmen, var veldig reinslege og likte fargerike, rikt broderte klede – i motsetnad til korleis dei ofte blir framstilte i populærkulturen. Denne legohjelmen er det næraste ein kjem korleis vikinghjelmar truleg såg ut. Vikingfrua har fått ein nokså pønkete sveis, utan historisk belegg men utifrå fantasien. Foto: Katrine Sele

Med eitt blei det viktig for han å kunne sjå føre seg eit middagsbord frå tusentalet. Han vil så gjerne forstå alle slags mellomaldermenneske – ikkje berre menn, kongar og pavar, men også kvinner, barn og såkalla vanlege menneske.

I små glimt er det likevel råd å få auge på gjenkjennelege, kvardagslege hendingar frå den tida. Til dømes ved hjelp av runepinnane som blei grave fram då Bryggen i Bergen brann i 1955. 

På ein pinne, truleg overlevert til ein mann som var ute og drakk med vener, står det: «Gyda seier at du skal gå heim.» 

Ein annan pinne vitnar om eit trekantdrama: «Eg elskar den kvinna så høgt at elden kjennest kald. Og den kvinna er kona til venen min».

Å leve seg inn i fortidas menneske

Inntil han blei The Lego Medievalist, heldt Svenungsen seg til tradisjonelle historiske metodar. Han var trufast mot det han kunne tolke utifrå kjeldene og dikta aldri. 

Men legobygginga hans har forandra på dette. No kjenner han seg langt meir fri til å bruke fantasien når han ser føre seg historiske hendingar.

– Eg har teke til å leve meg inn i mellomaldermenneska. Når eg bygger slagscener, til dømes, er eg veldig glad for at nyare Lego byr på mange ulike ansiktsuttrykk. Så eg plottar inn frykt, glede, avsky og meir til, seier han.

– Eg tenkjer på korleis mange må ha vore kjemperedde.

SLAGET PÅ STIKLESTAD: Slik ser historikaren føre seg Olav den heilage sin død. Foto: Pål Berg Svenungsen

Fortida var langt ifrå noko teselskap, reflekterer han. Og akkurat dette synst Svenungsen byr på dilemma når han fortel om det via Lego. Han ønsker ikkje å glorifisere verken vikingar eller krossfararar. 

Invasjonen av Jerusalem då dei første krossfararane nådde fram i 1099, etter nærare tre år med vandring, var brutal. Plyndringa av byen varte i tre dagar. Eit stort tal jødiske og muslimske innbyggarar blei massakrerte.

Ifølgje geistlege kjelder var det så mykje blod at det gjekk opp til oklene på dei heilage krigarane. Nokre seier det gjekk heilt opp til bisla på hestane deira.

– Så mykje blod er det sjølvsagt ikkje mogleg å få til å flyte, ut ifrå innbuartalet i byen. Dei som skreiv historia ned, ville nok berre skape ideen om at Jerusalem no var reinsa med blodet til heidningane. Likevel er det heilt klart at overtakinga av Jerusalem var ekstremt valdeleg og ein katastrofe for dei som budde der.

Å prøve å forstå dei likevel

Korleis kunne krossfararane tenkje på dette som ein type kristen nestekjærleik: å gå til krig for å sikre det heilage? 

Det er vanskeleg å forstå. Likevel må vi prøve å forstå kvifor dei gjorde det dei gjorde ut ifrå den tidas tankegods og verdsbilde, meiner Svenungsen. 

Mellomaldermennesket hadde eit langt nærare forhold til religion og det overnaturlege enn det vi har. I dette tilfellet tyder mykje på at dei såg på det som ei kristen plikt å frigjere det kristne arvelandet.

– Viss vi berre avskriv krosstoga som ei villfaring, så lærer vi jo ikkje noko om kva krefter og idear som skapte desse hendingane. Dei som invaderte, var overtydde om at deira kamp var rettferdig – nett som vi i dagens verd også ser på mange krigar som rettferdige, til dømes med utgangspunkt i menneskerettane. Vi har berre ulike måtar å grunngi dei på.

Erobring blei følgd av forvirring

Men kva skulle skje når dei kristne frå nord først hadde erobra landet som ifølgje Bibelen flaut av mjølk av honning? 

Det hadde paven ikkje sagt noko om, så dei fleste av krossfararane reiste berre heim igjen.

BRUTALT: Etter ei nærare tre år lang vandring, kom dei første krossfararane til Jerusalem sommaren 1099. Etter ei månadslang beleiring storma dei over bymuren og inntok byen i ein blodig massakre 15. juli 1099. Foto: Pål Berg Svenungsen

Det latinske kongedømmet, som varte i kring 200 år, blei heller kaotisk. Men med tida voks det fram ein type grensesamfunn sett saman av folk frå mange ulike trusretningar. Før hadde den austlege verda kalla alle europearar for frankarar, mens dei frå vest kalla alle frå aust for sarasenarar. Begge partar putta kvarandre i bås og dyrka ville fordommar om kvarandre. Men no tok dei til å bli kjent, og dei tok til å handle med kvarandre. 

Krig blei dermed avløyst av periodar med fred, aukande toleranse og kulturell utveksling.

– Handelsrutene mot aust blei opna for europearar, og dei fekk tilgang på Silkevegen. Inntil då hadde kontinentet vore ein utkant, ein bakgard, men no gjekk Europa inn i ein periode der det søkte utover. Den vitskaplege utviklinga blei veldig rik som følge av dette, fortel Svenungsen.

– Vi ser på oss sjølve som etterslekta av desse menneska. Då er det viktig å forstå korleis kulturen og levemåten deira blei drastisk omforma som følgje av krosstoga.

Jarlen i gjørma

Ein av favorittepisodane hans frå denne historiske tida handlar om jarlen Erling Skakke. Namnet fekk han mens han var på krosstog saman med Orknøyjarlen Ragnvald Kale Kolsson i 1150-åra. 

Under ein kamp med eit stort muslimsk skip utanfor Spania fekk han eit hogg i halsen. Det gjorde at han frå då av heldt hovudet litt skeivt. Historia hans er godt skildra i Orknøysagaene.

Han drog også til det heilage landet, men utan å slåst sidan det store offisielle krosstoget alt var over då. På heimvegen stoppa Erling Skakke og mannskapet hans innom ein plass i det bysantiske riket der dei gjekk på ein ordentleg rangel. Det var i eit veldig gjørmete område der dei brukte bordplankar til gangveg. 

Ein full Erling Skakke møtte ifølgje sagaen på nokre grekarar som kom i motsett retning. Då han nekta å flytte på seg for å sleppe dei fram, dytta dei han ned i gjørma. Dagen etter lo mannskapet mykje av han og gjorde narr av denne lite stolte episoden.

– Kvifor har dei teke med dette i sagaen, som eigentleg skal heidre mannen han handlar om? undrar Svenungsen.

– Eg heng meg opp i alt slikt som er rart eller morosamt. Anten det er større fenomen eller at nokon drikk seg fulle i Konstantinopel. Det er fort gjort å tenke at fortida er så høgtideleg og høgverdig. Men så viser det seg at ho full av menneskelege tabbar, ho også.

Ein ny livsstil

Nett som legobygginga har fått han til å undre seg over nye sider av historia, har den også leia til ein ny livsstil for Pål Berg Svenungsen. 

Dessutan også: for kjærasten hans. Å stadig kjøpe inn legofigurar med antrekk og tilbehøyr som passar inn i mellomalderen, har blitt ein temmeleg kostbar affære, noko han iblant får høyre heime. Men han må berre.

Ein annan ting han berre må no, er å orientere seg grundig i framkant av reiser. Finst det nokre ruinar, kyrkjer eller katedralar dei kan oppsøke der dei skal? Han har teke med seg vikingar og pilegrimar i legoform kringom i heile Noreg og teke bilde framfor alle stavkyrkjer mellom Sogn og Austlandet.

– Då er eg heldig med at eg har ein veldig tolmodig kjærast som er villig til å stoppe ved sju, åtte kyrkjer på vegen. Ho held legofiguren mens eg tek bilde. Men eg må vite når nok er nok.

Artikkelen har også vore publisert på forskning.no