Mannen med det gode blikket

Overalt der han vankar, har Gunnar Yttri (54) ein hang til å falle i snakk med folk. Den nye rektoren ved HVL er ekstremt nysgjerrig på andre menneske.

 

Dottera Maria brukte alltid å åtvare vener ho tok med seg heim gjennom ungdommen: Han kjem til å spørje deg grundig ut om kva planar du har for framtida di! Og så kjem han til å prøve å overtyde deg om å studere eit fag ved høgskulen, sa ho til dei.

Det slo aldri feil. Faren sette seg ned og intervjua den besøkande ungdommen. Akkurat det same skjedde om han var visevert i eit bryllaup og møtte unge menneske der - med ein gong fatta han interesse, spurde dei ut om kva veg dei ville velje i livet. Til foreldra var han heilt klar på kva utdanningsinstitusjon dei burde sende sine unge håpefulle til. Men det var ikkje berre fordi han ville rekruttere dei, forklarer han sjølv: Han er jo oppriktig interessert i menneske, og ikkje minst, i draumane deira. Dessutan ville han også fortelje dei unge noko viktig:

- Famling og tvil høyrer med, og det er ikkje farleg å trakke feil undervegs. Vi kan ikkje unngå det, når vi deltek og handlar ute i verda! Det viktigaste er at du er med og bidreg med det du kan, for vi har kvar og ein av oss noko heilt særeige å bringe til samfunnet, seier Yttri.

- Slik vil eg også at alle som jobbar ved HVL opplever at høgskulen er deira prosjekt, og at måten dei jobbar på, gjer ein skilnad. For det gjer det.

Lite nervar, mykje glede

Å sjå kvarandre og å bli sett – det er nøkkelen til eit godt arbeidsmiljø, meiner Yttri, og det er det han vil jobbe for, først og fremst. Så er det mykje anna også. Han vil halde fram med å bygge fag og administrasjon på tvers av geografien og auke den felles krafta som den nyfusjonerte høgskulen har bygd til no. Samstundes vil han få til meir nærvær. Nokre føler det har blitt vel langt til topps i den nye, digre institusjonen, og dette vil han gjere noko med. Tydelege, sterke campus er eit anna stikkord – og universitetsambisjonen.

- Vi er ein institusjon som skal romme mange paradoks og motsetnader. Vi vil vere særs gode på utdanning, vi vil dyrke ein nærleik til arbeidslivet, og samstundes vil vi vere sterke på forsking, seier Yttri.

- Men motsetnaden mellom desse retningane er langt mindre enn før – vi har fått eit arbeidsliv som er mykje meir oppteke av å vere kunnskapsbasert, og ei forskings- og utdanningsverd som stadig finn nye måtar å flette seg inn i arbeidslivet på.

Famling og tvil høyrer med, og det er ikkje farleg å trakke feil undervegs

Gunnar Yttri

Han gler seg til alt saman. Merkeleg nok verkar han svært lite nervøs for dette store ansvaret han har teke på seg.

- Eg syntest det var nifst nok berre å vere leiar for 17. mai-feiringa på Vassenden. Korleis torer du å vere rektor for ein heil høgskule?

 - Jammen 17. mai er jo digert! Då tok du ansvar for heile Noreg! svarer han.

Eit typisk Yttri-svar: å gi æra til den andre, same kva.

Ei skeiv fotballbane og skarpt grøne gardin

 Sjølv om han er imøtekommande og enkel å prate med, kan det vere lett å få prestasjonsangst i møte med Gunnar Yttri. Alt ved han verkar så gjennomført: kvar e-post perfekt formulert på vakraste nynorsk, argumentasjonen i kvar styresak grundig førebudd, ein akademisk klesstil som er elegant men aldri prangande, eit grunnleggande alvor i møte med alle oppgåver han tek på seg. Då kan det vere ein trøyst å få innsikt i andre sider ved han som også finst, om enn meir i det private.

Til dømes: Gardina han i si tid sydde i høve prosjektet «Rommet mitt» i Lerka 4H var fine på framsida, men ikkje så fine bak, for der hadde han gløymt å klippe av trådane. Elles var dei skarpt grøne med fartsstripar på og hang på rommet hans i mange år, framleis utan at han hadde klipt trådane.

Eg vil at alle som jobbar ved HVL opplever at høgskulen er deira prosjekt, og at måten dei jobbar på, gjer ein skilnad. For det gjer det.

Gunnar Yttri

Yttri blei fødd bak Domus i Sogndal. Viss det høyrest ut som han var fødd i ei grøft, stemmer ikkje det, for bak Domus låg det på den tida ei sjukestove. Han kom frå ein lærarheim i grenda Kvam litt utanfor Sogndal, med mange bøker i hyllene og mange gardsbruk rundt. Elles hadde han ein typisk syttitalsbarndom – var mykje ute og leika, fiska på fjellet i tjerna (eller tjødni, som dei kallast lokalt) og spelte fotball på ei grasbane som var så skeiv at ballane stadig hamna på fjorden. Landbruksjord var heilag, så ingen i grenda ofra ein flat bø til idretten.

Fotballen er framleis viktig. Ein gong i veka speler han five-a-side-fotball med kameratar, men har vore ute av spelet ei tid på grunn av ein kneskade. Når han er med og speler, er det like viktig å treffe med den rette kommentaren som med pasningar og skot. Viss det er ein i gjengen som har gått på ein smell, særleg ein som ikkje toler så godt å tape, kan vedkommande vere sikker på å få høyre det på SMS etterpå. Då køyrer dei fellesmeldingar, grip fatt i bomskota med begge hender og utbroderer mykje. Stadig set dei kvarandre på såkalla «free transfer» - slikt som typisk skjer med eldre, avdanka fotballspelarar som blir tilbydd gratis til andre klubbar. Engasjementet er stort.

Ein skulle tru det var VM, meiner enkelte, som er spente på i kva grad han vil late denne typen rå humor bløme i rektor-samanheng.

Historikar med breitt interessefelt

Sjølv om han overfor unge menneske legg vekt på at det er både lov og naturleg å famle i livsvala sine, kunne Gunnar Yttri av og til ønske seg at han hadde hatt eit meir einsidig, tydeleg fagleg løp – at han tidleg skjønte at han ville bli det eine eller det andre. Slik har det ikkje vore. Nysgjerrigheita har leia han vidare til stadig nye tema.

Historie er faget hans, men han har også brukt mykje tid på å lese andre fag som økonomi, samfunnsfag og språk. Retorikk fascinerer han særleg. Han har publisert arbeid om det amerikanske hjelpeprogrammet (Marshallhjelpa) til Vest-Europa etter Den andre verdskrigen og han har skrive industrihistorie på oppdrag for Norsk Hydro. Han skreiv boka «Frå skuletun til campus: soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane». Seinare kopla han denne boka til ein studie av norsk høgare utdanningshistorie, og disputerte på dette arbeidet for graden dr. philos. ved Universitetet i Oslo.

Vi er ein institusjon som skal romme mange paradoks og motsetnader

Gunnar Yttri

Han tok del i forskingsprosjektet "Lærande regionar" og publiserte ein historisk studie av ulik geografisk rekruttering til læraryrket. I studieåret 2014-2015 hadde han eit forskaropphald ved Manchester Metropolitan University. Dei seinare åra har han forska på samfunnsverknader ved utbygging av norsk småkraft – dette i samband med eit større forskingsprosjekt (RELEASE) om fornybar energi.

Som ung student ved Universitetet i Oslo kom han tidleg inn i miljøet kring Francis Sejersted og var nokre år tilsett som forskar ved Senter for teknologi og menneskelege verdiar ved UiO. Møtet med denne giganten innan historiefaget betydde svært mykje. Sejersted var frå Oslo Vest og snakka sobert riksmål medan Yttri var frå vestlandsbygda Sogndal og snakka sognamaol. Likevel fann dei veldig godt fram til kvarandre.

- Han var alltid nysgjerrig på tankane mine og arbeidet mitt, og lærte meg at det eg hadde å komme med, var viktig, hugsar Yttri.

- Eg trur at vi som jobbar med utdanning, har lett for å halde studentane nede ei god stund – men Sejersted viste meg at både tankar og arbeid kan vere av stor verdi sjølv om dei kjem frå eit ungt hovud. Han fekk meg til å tru på at stemma mi var viktig. Det har eg aldri gløymt.

(Teksten held fram under bildet)

Gunnar Yttri grønn bakgrunn.jpg

Veldig mange verv

I åra då barna Maria og Eirik budde heime, hadde Yttri det svært travelt. I sin første periode som dekan ved høgskulen sat han også i kommunestyret og i soknerådet, samstundes som han var trenar for eit fotballag og oppmann for eit handballag. Då han og kona, Anita Svedal, var på foreldremøte på denne tida, heldt han på å bli valt til klassekontakt i tillegg, sjølv om dei begge alt hadde vore det - men då reiste ho seg opp og annonserte at ho var der for å hindre at han tok på seg fleire verv. Alle lo, og han slapp for ein gongs skuld unna.

Fleire omtalar Yttri som ein typisk dugnadsmann, men sjølv vil han ikkje vere med på det. Han synst det er så mange rundt omkring som gjer langt meir dugnad enn han sjølv. Likevel innrømmer han at han har ein tendens til å tiltrekkje seg ansvar. Eit døme som han sjølv tykkjer er ganske komisk, er at han starta som fjerde varamann i soknerådet, steig raskt i gradane og blei sekretær, heilt utan å vere ein som vanka særleg hyppig i kyrkja. Men han set pris på alt slikt som bygger fellesskapet, til dømes dei gode rituala kyrkja tek hand om, og då kan det vere det same om ein trur mykje, lite eller ikkje i det heile.

Eg trur at vi som jobbar med utdanning, har lett for å halde studentane nede ei god stund – men Sejersted viste meg at både tankar og arbeid kan vere av stor verdi sjølv om dei kjem frå eit ungt hovud

Gunnar Yttri

- Folk likar heilt enkelt å bli leia av Gunnar. Difor går det ikkje an å ha han som listefyll eller på varaplass, for han berre stig oppover uansett, seier kollega Lillian Bruland Selseng ved sosialarbeidarutdanninga i Sogndal.

Han får andre til å stige oppover, også: Då Selseng var temmeleg ny høgskulelektor, var Yttri dekan på Avdeling for samfunnsfag og oppmoda henne til å ta doktorgrad. Sjølv hadde ho ikkje sett føre seg noko slikt, men etter at frøet blei planta, tok ho til å tru på at dette var noko ho kunne klare. Og det gjorde ho. Kollega Joar Sande ved ingeniørutdanninga i Førde har på si side opplevd at han og Yttri ikkje alltid har vore einige, men har arbeidd for interessene til ulike utdanningar og ulike campus.

- Men Gunnar er utruleg reieleg. Viss han er usamd med deg, tek han gjerne kontakt på førehand for å greie ut om synet sitt og kva han kjem til å seie om det. Det er veldig fint.

Samanhengen mellom rock og arkivarbeid

At musikk er sentralt i livet til Yttri, er noko dei fleste raskt får med seg. Heimen er full av gitarar - så mange at det ifølge enkelte familiemedlemmar er uråd å finne seg ein plass å sitte. På fritida har han i eit par tiår vore songskrivar, gitarist og songar i bandet Billa and the Kid. Musikksmaken hans heller mot det rufsete og råe.

I åra då Yttri jobba for Fylkesarkivet på Leikanger, var han ein del ute i alle dei dåverande 26 kommunane i Sogn og Fjordane for å hjelpe dei med å ta vare på den immaterielle kulturarven. Jobben dreidde seg mykje om å ordne, systematisere og verne gamle, gulna papir. Ein gong hadde han møtt ein kommunearbeidar på dagtid, for så å møte den same mannen igjen på kveldstid på eit arrangement der han hadde ein spelejobb.

- Mannen frå kommunen var sjokkert, og erklærte: Du må faktisk vere schizofren! hugsar Yttri lattermildt.

Men det er faktisk ikkje så stor avstand mellom rock og arkivarbeid som ein skulle tru, seier rektoren. Sjølv eit rufsete uttrykk krev kunnskap og førebuing. Og skal du stå på ei scene, anten det gjeld musikk eller undervisning, gjeld nett det same: Du må vere budd og ha ein god bodskap å framføre - noko som er verdt å nemne. Då har du ingenting å vere redd for. Då blir du høyrt.

Sentrum og periferi i utdannings-Noreg

Nett som han har sett sine spor i enkeltpersonar og i historiefaget, har Yttri også sett spor i nasjonal politikkutforming. Rapportane som nyleg blei leverte frå Distriktsnæringsutvalet og Demografiutvalet lener seg begge på forsking som han var med på å få fram – forsking som såg på sentrum-periferi-dimensjonen i norsk utdanningspolitikk. Yttri viste kor avgjerande høgskulane kringom i landet er for rekruttering til både offentleg sektor og næringslivet i distrikta.

- Dette er ein veldig kapital for ein høgskule som vår, med fem campus spreidd over eit stort område: å vite at vi bygger menneske og samfunn alle desse plassane. Riggar vi oss godt og klokt er storleiken ein enorm ressurs i utviklinga av utdanninga og forsking og formidling på kryss og tvers av campus, seier han.

Viss han er usamd med deg, tek han gjerne kontakt på førehand for å greie ut om synet sitt og kva han kjem til å seie om det

Joar Sande

- Du var fusjonsskeptikar før HVL blei til. Kva gjorde at du snudde?

 - Eg kritiserte offentleg ein rapport NIFU laga hausten 2015 – ein rapport som greidde ut grunnlaget for å fusjonere dei tre tidlegare høgskulane våre i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane. Eg syntest den var mangelfull og overflatisk, og prega av hastverk. Men avtalen vi sidan forhandla fram for fusjonen, blei solid, så når dei tre høgskulestyra vedtok denne, blei det lagt eit heilt nytt grunnlag for å bygge utdanning og forsking i vår del av landet, eit grunnlag eg har stor tru på.

- Kva tenkjer du om å skulle jobbe for heile HVL – og frå Bergen?

 - Eg har arbeidd for å bygge heile HVL heilt sidan 2016, då eg la ned mykje arbeid i interimstyret og seinare i styret for høgskulen. Difor kjenner eg høgskulen godt. Hovudarbeidsplass blir Bergen og der har eg kjøpt meg ein fin leilegheit i gangavstand til Kronstad. Eg vil vere mykje der, og så gler eg meg til å bli godt kjent med alle fem campus. Dei er alle mine, dei er alle mitt ansvar.

- Du har vore oppteken av at HVL skal vere ein synleg høgskule og har sjølv ein stor populærvitskapleg produksjon – kva tenkjer du kring dette framover?

- Vi er inne i ei fin utvikling og eg vil at vi frametter skal ta ein vesentleg sterkare posisjon i det offentlege ordskiftet. Som rektor vil eg gjere mitt.

- Kva tenkjer du om bygginga av høgskulen så langt?

 - Her vil eg takke avtroppande rektor Berit Rokne for det omfattande arbeidet ho har utført for å bygge den nye høgskulen vår. Etter at eg blei tilsett som rektor, har Berit dertil vore førebiletleg imøtekommande og hjelpsam slik at eg kan komme godt i gang med arbeidet mitt.

Nye vener, nye oppgåver

Etter fusjonen, har Yttri ifølgje ein kollega «susa rundt i heile HVL» og blitt kjent med folk frå ulike fakultet og campus på rekordtid. Slik har den utprega sosiale vesenet hans verkeleg fått bløme. For ein del har den høge aktiviteten bakgrunn i arbeidet med «Danning og akademisk handverk», det nye fellesemnet i høgskulen. Yttri har vore emneansvarleg og leia ei stor prosjektgruppe med tilsette frå alle fakultet, administrasjonen og biblioteket. Over 1100 studentar fordelt på ni bachelorutdanningar, tre fakultet og fem campus har teke del.

- «Danning og akademisk handverk» er ein del av bygginga av det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet, og det er nært i slekt med ex. phil. ved dei gamle universiteta, seier Yttri.

Tidleg i  emnet skriv studentane eit notat der dei reflekterer kring seg sjølv og eigen bakgrunn og ståstad heilt i starten av studiet. Slik kan dei bli medvitne om kva dei tek med seg inn i utdanninga – og slik kan dei sjå at dei alt har ressursar, i kraft av kven dei er og kva dei har opplevd i livet. Så mykje av det han har lese frå desse studentane, både vaksne med lang yrkeserfaring og heilt unge folk, har vore utruleg interessant og godt skrive, synst Yttri:

- Vi blir danna og utdanna heile livet. Og vi må alltid vite med oss sjølve at det vi har med oss, er verdt noko.