Marita og Ivan er klare for Forskar Grand Prix

Korleis formidle kompleks forsking på fire minutt? Marita Nygård og Ivan Tokheim tar utfordringa på strak arm når dei representerer Høgskulen på Vestlandet i Forskar Grand Prix.

– Eg er jo van med å halde føredrag, men å kombinere det med ‘performance’ og bli vurdert der og då blir noko heilt anna, seier HVL-kandidat Marita Nygård.

I Forskar Grand Prix får totalt ti stipendiatar fire minuttar kvar til vekkje engasjement for forskinga si blant publikum og dommarar. Den årlege formidlingskonkurransen går føre seg ved HVL Bergen under Forskingsdagane. Men dei unge forskarspirene blir ikkje kasta ut på scena heilt utan opplæring og øving i forkant.

– Vi har hatt samlingar kor vi mellom anna har lært om formidling, kroppsspråk og mimikk. Vi har fått coaching både individuelt og i grupper, og vi har finslipt og øvd på manus, fortel Ivan Tokheim.

Forskar på matematikk og historie

Både Ivan og Marita er del av doktorgradsprogrammet i danning og didaktiske praksisar ved HVL. Men temaa dei forskar på er ganske ulike. Ivan er matematikklektor og forskar på motivasjon i matematikkfaget ved hjelp av ulike former for populærvitskapleg formidling. Marita er historiedidaktikar og forskar på undervising i demokrati og medborgarskap på minnestadar, med undervisninga på Utøya som utgangspunkt.

Forsking kan utan tvil vere omfattande og vanskeleg for utanforståande å forstå. Å tilgjengelegegjere forsking for folk flest er difor ei viktig, men krevjande øving: 

– Å trene på å formidle forskinga mi på fire minutt har vore ein augeopnar for meg. Det er utruleg vanskeleg å vere kortfatta, men det har tvinga meg til å gå inn i kjernen av kva eg eigentleg forskar på og sy det saman på ein god måte, fortel Marita.

Ivan er einig, og understrekar at nettopp dette har vore veldig nyttig for sjølve doktorgradsarbeidet også.   

Gler seg til finalen

No ser begge fram til finalen 15. september. Ivan synest det er ekstra kjekt at konkurranse går føre seg på heimebane på HVL sin campus i Bergen.

– Sist gang eg sto på scena i Mimes brønn var faktisk i BTS-revyen og eg har spela eit par konsertar der, legg han til.

Denne gangen blir formatet litt annleis, men sceneerfaring kan alltid vere greitt å ha med seg.

Det er første gang HVL er representert med to kandidatar i konkurransen. Vinnarane av første og andre plass går vidare til den nasjonale finalen i Oslo 24. september.

Vi kryssar fingrane for både Marita og Ivan og ønskjer dei lukke til!

Les meir om alle kandidatane og bestill billett til showet på nettsida til Forskningsdagene i Bergen.

Fakta om Forskar Grand Prix

  • Forskar Grand Prix er gøyal og lett forståeleg forskingsformidling i konkurranseform.
  • Forskingsdagane henta Forsker Grand Prix-konseptet til Norge i 2010, og forskingsmiljøa i Bergen, Trondheim og Stavanger var med frå starten. Sidan har både Oslo, Tromsø og forskningsmiljøa i Agder og Telemark delteke.
  • Arrangementet går føre seg i Mimes brønn ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen 15. september kl. 19.00. 
  • Arrangementet blir også streama på nettsida til Forskningsdagane i Bergen.
  • Nasjonal finale er i Oslo 24. september.