Ny masterutdanning gir funksjonsdyktige spesialsjukepleiarar

Dei første studentane på master i klinisk sjukepleie - intensivsjukepleie ved campus Førde starta opp i vår. Det nye mastertilbodet er eit viktig kompetanseløft for helsesektoren i Sogn og Fjordane.

– Mastergrad bidrar til funksjonsdyktige spesialsjukepleiarar med endrings- og utviklingskompetanse. Dette seier Gro Hovland, som er førstelektor ved HVL og  koordineringsansvarleg for masterutdanninga ved campus Førde.

Frå vidareutdanning til master

Tidlegare har campus Førde mellom anna hatt tilbod om vidareutdanning i intensivsjukepleie og anestesisjukepleie. I samarbeid med campus Bergen har vi no fått desse spesialiseringane som masterutdanningar. 

– Ei oppgradering av vidareutdanningane til masternivå vil auke den enkelte studenten sin evne til kritisk og analytisk tenking. Sjukepleievurderingane skal gjerast på grunnlag av oppdatert forsking for å sikre at pasienten bli ivaretatt på ein god måte, seier Hovland. 

Vil ha pasientane raskt opp av senga

Tove Eikeseth Klakegg blir ein av dei første intensivsjukepleiarane i Førde med mastergrad. Tema for masterprosjektet hennar er korleis intensivsjukepleiarar, legar og fysioterapeutar ser på tidleg mobilisering av intensivpasientar.

– Tidleg mobilisering vil seie at vi vil ha pasientane opp av senga og trene dei så tidleg som mogleg, forklarar Klakegg. – Det er mykje som ligg i mobilisering, alt frå passive rørsler, der fysioterapeutane beveger på armar og bein, til at pasientane skal ut av senga og opp å gå. Det er også viktig å starte mobiliseringa av dei sjukaste så tidleg som mogleg, for å unngå at pasientane skal få uønskja komplikasjonar av medisinsk behandling. Døme på dette kan vere tap av muskelmasse, trykksår, delirium og redusert funksjon i ledd.

I masterprosjektet skal Klakegg omsette eit spørreskjema som blir brukt på intensivavdelingar i Canada til norske forhold, og teste dette ut.

Ønskjer praksisnære masterprosjekt

Tove Eikeseth Klakegg tar masteren på sida av jobben sin på intensivavdelinga på sjukehuset i Førde. Ho har fått stipend frå Helse Førde for å gjennomføre masterprosjektet sitt.

Avdelingssjef i Helse Førde, Robert Brennersted, ser gjerne at sjukepleiarar og andre gjennomfører praksisnære masterprosjekt som dette.

– Når ein av våre tilsette gjennomfører eit slikt prosjekt, bidrar det til at praksis på intensivavdelinga blir forankra i forskingsbasert, akademisk kompetanse, seier Brennersted. – Samstundes ser vi at tidleg mobilisering av intensivpasientar har stor positiv påverknad på helsa til mange kategoriar pasientar.

Godt utrusta sjukepleiarar

Gro Hovland meiner at masterutdanninga er eit viktig bidrag til livslang læring, karriereutvikling og utvikling av helsetenestene.

– Klakegg sitt masterprosjekt er eit godt døme på at masterutdanninga vil ruste sjukepleiarane til avansert klinisk arbeid, samstundes som den gjer det mogleg for sjukepleiarane å forske på eige felt, seier Hovland.