Professor med hjarte for naturen

Økolog Stein Joar Hegland likar aller best å studere blåbær, humler og hjort. No er han nyslått professor ved HVL.

Stein Joar Hegland fekk nyleg brei omtale i media over heile landet for forskinga si på blåbær og den dårlege blåbærhausten. Effekten av klimendringar på dyr, insekt og planteliv er noko som opptar forskaren. 

Kva forskar du på?

– Forskinga mi spenner frå det grunnleggande til det anvendte innan økologien og passar også godt inn i den undervisninga eg har i grunnleggande økologi, i landskapsøkologi og i Climate Change Ecology. Mine favoritt-studieobjekt er blåbær, humler og hjort, alle vanlege artar som spelar ei viktig økologisk rolle. Desse kan eg studere med nærområdet som laboratorium, der eg både gjer observasjonar og eksperiment.

– Eg likar å jobbe heilt i frå det store kollektive vitskaplege puslespelet og ned til forsking som kan nyttast lokalt og regionalt. Eg er oppteken av at vi forskarar har eit samfunnsoppdrag, då kan vi ikkje berre sitje på eit kontor bak ein pc. 

Korleis starta forskarkarriera di?

– Då eg jobba med masteroppgåva mi hadde eg ein svært god rettleiar ved Universitetet i Amsterdam. Han hjelpte meg med å få publisert masteroppgåva i eit godt tidskrift. Når eg kom heim til Norge, i 2001, trefte eg tilfeldigvis Tarald Seldal (noverande instituttleiar ved Miljø- og naturvitskap) i gangane på høgskulen. Han «adopterte» meg og trudde på meg som forskar og sette meg i praksis til å leie eit stort forskingsprosjekt på Svanøy der eg fekk god hjelp av fleire. I 2003 blei eg tilsett som doktorgradsstipendiat på NMBU, med Ørjan Totland som stimulerande rettleiar, og følgde forskarutdanning i eit kreativt fagmiljø på Ås. Etterkvart kom eg tilbake til Sogn og no har eg halde forskinga mi i gang i omlag 20 år.

– Samla sett er det ein blanding av tilfeldigheiter, arbeidslyst og kreativitet, men like mykje at eg har truffe dei rette folka for å samarbeide med, bli inspirert og lære av. Ein blir ikkje betre enn laget ein har rundt seg.

Om du fekk frie tøylar, ubegrensa med midlar og tid, kva ville du forska på då?

– I fleire år har eg sysla med idear som, ja, krev store ressursar. Eg skulle gjerne leia eit forskingsprosjekt som tok for seg sentrale delar av økologien frå botnen av fjorden til toppen av fjellet, frå havet til indre fjordkyst. Då skulle vi funne ut meir om korleis heile fjordlandskapet, både på land og til vanns, er kopla saman og påverkar kvarandre. Mennesket si rolle i dette, slik som arealbruk, ureining og klimaendringar, ville vore ein sentral del, og forskinga skulle leie fram til ein god og samla forvaltningsplan for heile fjordlandskapet til beste for alle organismar som lever her.

– Formidlingsdelen av prosjektet skulle vore ein interaktiv film der besøkande på det nye vitensenteret ViteMeir skulle få oppleve og lære noko om alt det vi kan, og ikkje kan, om naturen rundt oss og kva vi gjer med den på godt og vondt. Alt eg treng er omlag 100 millionar og ti år, samt mange stipendiatar og masterstudentar, og gode samarbeidspartnarar!

Kan du trekke fram eitt eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

– Vi jobbar med å samle ein fleirårig tidserie langs høgdegradientane i indre Sognefjord for å forstå påverknad frå klima, temperatur og snø spesielt, på korleis artar som blåbær, tytebær og humler responderer. Her jobbar eg saman med ein dyktig kollega som heiter Mark Gillespie, og fleire andre. Vi treng data over mange år, og så skal vi nok søke meir midlar for å kunne forstå meir om klimaendringane sin effekt på heilt vanlege, men viktige, artar i økosystema. Økologisk forsking krev mykje teljing og tid!

Kva forskingsgrupper er du med i?

– Forskingsgruppa vår heiter Landskap og består av andre økologar samt planleggarar. Den er tett kopla på arbeidet i bachelorprogrammet i landskapsplanlegging og masterprogrammet i Climate Change Management, og eit av måla er å få til gode, anvendte og tverrfaglege bachelor- og masterprosjekt.