
Nye medisinstudentar i Haugesund kan gi positive ringverknadar for HVL
Kan få viktig betydning for samhandling under praksis, styrka fagutvikling og forsking.
I 2026 blir det oppretta 20 nye studieplassar i medisin øremerka Haugesund og Helse Fonna gjennom UiBs desentraliserte studiemodell Vestlandslegen. Nyheiten vart kjend fredag då helse-og omsorgsminister Jan Christian Vestre besøkte campus Haugesund saman med UiB-rektor Margareth Hagen, dekan Marit Bakke (UiB), Kari Nådland og Helse Fonna-direktør Anders Hovland. Vestlandslegen-studiemodellen er eit viktig verkemiddel for å bidra til rekruttering av leger på Vestlandet. Tidlegare er det oppretta slike studieplassar i Stavanger og Førde.
I forslaget til stadsbusjett for 2026 vil regjeringa at det skal bevilgast pengar til oppretting av 20 nye studieplassar øremerka Haugesund og Helse Fonna. Studenter som velg dette løpet, vil først gjennomføre tre år av utdanninga i Bergen og dei tre siste åra i Haugesund. Dermed vil dei første medisinstudentane tilknytta denne ordninga komme til Haugesund frå 2029.
HVL gratulerer med utviding av satsinga og ønsker medisinstudentane velkomen til Haugesund.

Dekan Else Cathrine L. Rustad tok imot helse- og omsorgsminster Jan Christian Vestre då han besøkte campus Haugesund. Foto: Terje Rudi
Dekan Else Cathrine L. Rustad ved Fakultet for helse- og sosialvitskap meiner det tette samarbeidet HVL har mellom utdanning, helseføretak og kommune lokalt vil kome Vestlandslegen til gode og også legge grunnlag for ei god og berekraftig medisinutdanning.
- Det er viktig at studentane som skal samarbeide i sine framtidige yrker lærer å samhandle med kvarandre gjennom utdanninga. Sjukepleiarar og legar vil framleis vere grunnstammen i helsetenestene, og det er studentane i dag som skal forme framtidas helsevesen. Vi i HVL ser fram til eit godt samarbeid med UiB og gler oss til viktig fagutvikling som her kan koma både ved campus i Haugesund, seier ho.