
Mellom surfing og sjølvdisiplin
Freistingane er mange og sjølvdisiplinen vert kraftig utfordra når elevar jobbar på internett i skuletida. HVL-stipendiat Thomas Arnesen på campus Stord forskar på desse utfordringane. Denne veka var han gjest i programserien undring og mangfald på NRK.
Kva er bodskapen din?
- Skulen må ta på alvor at ein relativt stor del av elevmassen ikkje klarer å jobbe så konsentrert som dei ønskjer i klasserom med nettilgang.
Utfordringane må møtast på fleire nivå samstundes, meiner Arnesen.
- For det første må elevane få tilgang til strategiar og øve opp evna til sjølvregulering.
- For det andre må lærarane få høve til å styre nettilgangen til elevane for å optimalisere arbeidet med faginnhald.
- For det tredje er klasserommet eit pedagogisk fellesskap der alle må bidra konstruktivt. Utanomfaglege nettaktivitetar distraherer ikkje berre utøvaren, men også medelevar. Det smittar.
- Dette gjer problemet ikkje berre personleg, men sosialt. Løysingane må dermed ikkje berre vere personlege på elev eller lærarnivå, men og sosiale i det pedagogiske fellesskapet.
- Mellom anna må formelle reglar stemme overeins med uformelle normer i klasserommet. Dei må ikkje vere i konflikt, poengterer Arnesen.