Menneskevennleg teknologi

Margareta Lützhöft ivrar for ein teknologi tilpassa menneska som bruker den. Ny teknologi kan gjere tunge arbeidsoppgåver lettare.

Margareta Lützhöft er professor i nautiske operasjonar ved Institutt for maritime studium på HVL i Haugesund.

– Forskergruppa mi vektlegg mennesket, fortel Lützhöft engasjert.

– Vi ønskjer eit menneskesentrert design, der ein etablerer system som er enkle og trygge å bruke. Gode system sikrer ein arbeidsflyt som ivaretek arbeidarane og bidreg til god HMS. Velvære i kvardagen er noko alle treng for å oppretthalde motivasjon og konsentrasjon. Gode rutinar kan sikrast med målretta utvikling i denne retninga.

– Ny teknologi kan gjere tunge arbeidsoppgåver lettare. Formålet er ikkje å ta arbeidet frå sjøfolk, men å forenkle og forbetre kvardagen på jobb. Automatisering av farlig eller belastande arbeid er allereie overteke av maskiner, utan at nokon ønskjer å ta eit steg attende og gjere slikt manuelt. Ei kvar utvikling som gjev tryggare tilhøve for dei tilsette er gode tiltak for HMS.

Testområde med sensorar

Eit nytt testområde på 22 nautiske mil strekker seg frå Føresvik i sør til Ryavarden i nord. Målsettinga er å utvikle betre teknologi for menneske og samfunn.

– I det nye testområdet kan ein prøve fartøy og tilknytta teknologiar. Heile 20 partnarar og leverandørar ønskjer å prøve autonome fartøy og teknologiar eller støtter testane i det nye testområdet, seier Lützhöft.

– Testområdet strekkjer seg over Sletta der storhavet kjem inn, til trange løp med mykje trafikk. Det er ein stor fordel at ein har både eit så røft og vidstrakt havområde og rolege sund innaskjers innanfor eit langt testområde. Testområdet vert tilrettelagt med sensorar for å samle data frå testobjekta og for å skape eit bilde av kva type miljø farkosten befinn seg i. Tidevatn, straum og vind påverkar farkosten. Vi kan også fylgje med droner for å få foto og video.

Store mengder data vert samla inn i testområdet, og ei utfordring er å lage eit heilt sikkert system.

Brukarane skal trygt kunne teste utstyr og vite at alle sensorane registrerer alt dei treng av informasjon. Desse dataa vert samla og utgjer eit viktig grunnlag for forsking og utvikling.

Det vert no utarbeidd ein strategi for korleis denne aktiviteten skal regulerast og testområdet skal drivast. Målet vert å etablere eit system som gir eit godt samspel og ny kunnskap.

Testområdet_Illustrasjon.jpg