Millionar til prosjekt om berekraftig sjømatproduksjon

Mohnsenteret ved HVL er ein av aktørane bak eit nytt innovasjonsprosjekt for meir bærekraftig sjømatproduksjon, som no har fått ei milliontildeling frå Forskningsrådet.

Saman med prosjektleiar Uni Research, Universitetet i Bergen og ei rekke næringsaktørar har Mohnsenteret fått støtte til prosjektet «KApasitetsløft for Bærekraftig og Innovativ Sjømatsproduksjon» (KABIS). Sigurd Handeland ved Uni Research, som har Professor II-stilling ved Mohnsenteret er prosjektleiar

- Dette er svært gledeleg for Mohnsenteret og HVL. Tildelinga styrkar samarbeidet mellom forsking og næring, noko som er eit viktig mål for oss, seier dekan Geir Anton Johannesen ved AIØ.

Nye stillingar

Prosjektet får 12 millionar dei tre første åra, og moglegheit for å få ytterlegare 15 millionar for dei tre neste. Det samla budsjettet er på omlag 52 millionar kroner. Tildelinga vil innebere nye faglege stillingar på HVL, og dette skal gjere det mogleg for Høgskulen å bidra til innovasjon og omstilling i havbruksnæringa.

- Prosjektet skal forsterke og målrette havbruksorientert forsking og undervisning på Vestlandet, for å styrke det pågåande innovasjonsarbeidet med å utvikle meir miljøvenlege metodar for å produsere laksefisk i oppdrettsystem, seier Jens Kristian Fosse, som er ansvarleg for å koordinere HVL sitt bidrag til prosjektet.

Eit kompetanseløft

Innovasjonsprosjekt i havbruksnæringa, som til dømes landbaserte resirkuleringsanlegg, og semi-lukka anlegg i sjøen, er allereie i gang i regionen. I det nye prosjektet skal ein vidareutvikle og styrke samspelet mellom næringsaktørar og utdanning/forsking på havbruk, for å gi ein berekraftig og konkurransedyktig vekst i norsk havbruksnæring. Eit særleg fokus er å utvikle ny kompetanse gjennom å styrke forskinga på området.

- For Mohnsenteret vil tildelinga forsterke innsatsen med å vidareutvikle eit praksisorientert masterprogram i innovasjon og entreprenørskap. Prosjektet støtter også opp under HVL si satsing på eit nytt ph.d-program i innovasjon, seier Fosse.

I tillegg til å utvikle eit velfungerande regionalt innovasjonssystem innan havbruk, vil prosjektet også styrke havbruksnæringa nasjonalt og internasjonalt gjennom å utvikle framtidsretta kompetanse knytt til meir miljøvenleg og bærekraftig oppdrettsteknologi.

Styrkar samarbeidet

Det nye KABIS-prosjektet blir finansiert av Forskningsrådets FORREGION-program, som er Forskningsrådets satsing på forskning og innovasjon i norske regionar. Mohnsenteret er frå tidlegare av sentrale i ein annan del av FORREGION-programmet, gjennom MobiFORSK-programmet.

KABIS-prosjektet er det andre prosjektet på høgskulen som denne veka har fått støtte frå Forskningsrådet. Det nye Fakultet for ingeniør og naturvitskap ved HVL er involvert i to av sju store prosjekt som no får nasjonal støtte.