Nærmar seg namnet på det nye universitetet

Om eit års tid sender HVL søknaden om å bli det nye profesjons- og arbeidslivsretta universitetet på Vestlandet. Arbeidsgruppa for namneprosessen peiker på fire moglege namn på det nye universitetet.

Rapporten frå arbeidsgruppa fortel at det har kome inn meir enn 130 namneforslag (ikkje unike) og grunngjevingar frå tilsette og studentar. Arbeidsgruppa har gått gjennom innspela no i haust, og valt ut fire namn som ein no går vidare med inn i sluttfasen.

Fire namn

Alle desse fire namna har med geografi å gjere, og tre av dei har med «vest» i ei eller anna form:Desse fire namna er:

  • Universitetet på Vestlandet
  • Universitetet i Vest
  • Vestlandsuniversitetet
  • Fjorduniversitetet

– Det har vore eit kjekt arbeid med mange innspel og gode diskusjonar. Vi har lagt til grunn at namneprosessen skal vere open og inkluderande, og at den skal bidra til at universitetsambisjonen har støtte og blir jobba fram av både tilsette, studentar og omgjevnadane våre, seier førsteamanuensis Ole-Gunnar Søgnen som har leia arbeidsgruppa.

– Vi leverer no arbeidet vårt vidare til leiinga i høgskulen, legg han til.

Grundig prosess

I rapporten kjem det fram at gruppa har arbeidd grundig og systematisk. Det fins mellom anna ulike namnetradisjonar for universitet og høgskular, og ulike kriterier å jobba langs når ein vel eit namn. Geografi, kjende og profilerte namn eller spissa fagleg aktivitet er nokre tilnærmingar. Andre viktige omsyn er godt språk; at namnet er enkelt og fungerer på begge målformer, at det fungerer internasjonalt, at det har ei god forkorting og at det har eit godt domene.

Vidare arbeid

Rektor Gunnar Yttri fortel at universitetsnamnet var ei orienteringssak i høgskulestyret sist veke i Sogndal, og der kom det nokre innspel. Saka skal opp i styret til handsaming og vedtak på vårparten. Innan den tid skal det gjerast eit vidare arbeid.

- Eg vil først få takka arbeidsgruppa for godt og grundig arbeid, seier Yttri

- No vil leiinga i høgskulen arbeide vidare med saka i samspel med viktige målgrupper og samarbeidspartnarar. Vi vil også ha dialog med Språkrådet.

Reint formelt er det regjeringa og Kongen i statsråd som avgjer namnet, når Høgskulen på Vestlandet har fått godkjent universitetssøknaden sin. I denne søknaden skal det nye namnet ligge.

- Å få godkjend det nye namnet reknar eg med skal gå fint, seier Yttri.

Her kan du lese rapporten