På god veg til å rette opp einskilde manglar i kvalitetssystemet

HVL har som kjent vore gjennom eit tilsyn av det systematiske arbeidet med kvalitet. I juni kom rapporten som viste einskilde manglar, og før helga handsama NOKUT-styret rapporten og tilsvaret frå HVL. – Tilbakemeldinga var som forventa. Vi har frist til 1. juni 2020 med å rette opp einskilde manglar i kvalitetssystemet. Det skal gå fint, seier prorektor for utdanning i HVL, Bjørg Kristin Selvik.

- Som vi også sa i juni er rapporten god og viktig for oss. 

- Vi opplever at vi får tilbakemelding på at vi har eit kvalitetssystem som i all hovudsak fungerer på ein god og systematisk måte, og som hjelper oss i å sikre og vidareutvikle kvaliteten i utdanningane våre.
 
- Samtidig ber NOKUT oss om ei betre tydeleggjering av kven som er ansvarleg for kontroll av krava til fagmiljø og korleis dette bli følgt opp.

- Vi er godt i gang med dette arbeidet, og vi vil mellom anna implementere ressurs- og personalplanleggingsverktøyet TE-plan. Dette blir eit viktig tiltak her. 

- Tilbakemeldingane elles frå NOKUT er heilt i tråd med eigne vurderingar, og vi vil bruke tilrådingane frå rapporten i vårt vidare arbeid med det systematiske kvalitetsarbeidet på HVL, seier Selvik. 


Sjå nyhendesak: Positive tilbakemeldingar i NOKUT-rapport (26.06.19)

Sjå nyhendesak NOKUT: Godt kvalitetsarbeid ved fusjonerte fler-campus institusjoner (25.10.19)