
Universitetssøknaden: Sakkunnige til faggrupper
NOKUT har oppnemnt følgjande åtte sakkunnige til dei fire faggruppene som skal støtte hovudkomiteen i vurderinga av HVL sin universitetssøknad.
– Det er godt å sjå at NOKUT har funne fram til dyktige sakkunnige som har høve til å gjera det arbeidet som står føre. Me ser fram til eit godt samarbeid i det vidare, seier rektor Gunnar Yttri i HVL.
Relaterte sak: 29. september 2025: Sakkyndig komité er klar
Her er oversikta over dei sakkunnige i dei fire faggruppene:
Ansvarleg innovasjon og regional utvikling
Professor Åsa Lindholm Dahlstrand, Lund Universitet
Lindholm Dahlstrand er professor i innovasjonsstudium ved Lunds universitet sitt forskingssenter «CIRCLE». Forskinga hennar omhandlar teknologibasert entreprenørskap, koplingar mellom universitet og industri, regional utvikling og entreprenøriell eksperimentering i innovasjonssystem. Ho har lang erfaring frå internasjonalt evalueringsarbeid.
Professor Rune Dahl Fitjar, Universitetet i Stavanger
Dahl Fitjar er professor i innovasjonsstudium. Han har ph.d. i statsvitskap frå London School of Economics og arbeider tverrfagleg innanfor fagområde som regionale studium, innovasjonsstudium og økonomisk geografi. Forskinga hans undersøker kva som skaper innovasjon og utvikling i regionar, og ser mellom anna på samarbeid og konkurranse mellom bedrifter, utvikling og implementering av innovasjonspolitikk, arbeidsmobilitet og verdien av universitet og høgare utdanningsinstitusjonar.
Datateknologi
Professor Lars Imsland, NTNU
Imsland er professor i reguleringsteknikk ved Institutt for teknisk kybernetikk, NTNU, og er også instituttleiar. Forskinga hans fokuserer på optimalisering og modellbasert styring, og datadrivne metodar, med særleg vekt på bruk i prosessindustri og fornybar energi. Han har hatt sentrale roller i forskingsprosjekt, både gjennom NFR og EU. Imsland har lang erfaring som rettleiar for master- og doktorgradsstudentar og har bidratt aktivt til fagmiljøet gjennom nasjonale og internasjonale verv.
Professor Petter Nielsen, Universitetet i Oslo
Nielsen er professor i informasjonssystem ved Institutt for Informatikk. Forskinga hans ser på store og komplekse informasjonssystem – relatert til design, arkitektur og styring. Han har gjennomført studium av digital innovasjon, digitale plattformer, digitale økosystem i Norge og globalt. Nielsen er programansvarleg for forskarutdanninga ved Institutt for Informatikk. Han har mellom anna deltatt som ekspert i evalueringa av ph.d.-spesialiseringa i informasjonssystem ved Universitetet i Agder.
Studiar av danning og didaktiske praksisar
Professor Emeritus Ingrid Maria Hanken, Norges musikkhøgskole
Hanken har ein dr. philos.grad i pedagogikk og er professor em. ved Norges musikkhøgskole. Der har ho mellom anna vore prorektor og leiar for Musikkhøgskolens Senter for framifrå utdanning «CEMPE». Hennar forskingsområde er utdanningskvalitet, læring og undervisning i høgare kunstutdanning. Hanken har vore leiar for NOKUT-tilsyn ved Universitetet i Agder og Norges idrettshøgskole, og ho har gjennomført akkrediteringar og tilsyn i Skandinavia, Europa og Asia.
Professor Kirsten Sivesind, Universitetet i Oslo
Sivesind er tilsett ved Institutt for pedagogikk, Universitetet i Oslo og har omfattande forskingskompetanse innan didaktikk, læreplanstudium og utdanningspolitikk. Ho har publisert breitt i internasjonalt anerkjente tidsskrift kor ho har skrive om danning i eit komparativt-historisk perspektiv. Sivesind har hatt ei rekke institusjonelle verv, melom anna som hovudkoordinator for eitt av spora i den nasjonale forskarskulen NATED.
Helse, funksjon og deltaking
Professor Karsten Vrangbæk, Københavns Universitet
Vrangbæk er professor i statsvitskap og folkehelsevitskap ved Københavns Universitet. Han har også vore leiar for «Center for Health Economics and Policy (CHEP)» ved Københavns Universitet i same periode. Forskinga hans ser på helsesystem og helsepolitikk i eit komparativt perspektiv. Han har leia større forskingsprosjekt og tidlegare vore sakkyndig for NOKUT i samband med akkreditering av ein ph.d. i helsevitskap, samt deltatt i evalueringar for norske, svenske og finske forskingsråd, og i evalueringar av utdannings- og forskingsmiljø i Nederland.
Professor Silje C. Wangberg, UiT Norges arktiske universitet
Wangberg er psykolog og er professor i folkehelse. Ho har mellom anna forska på korleis mobiltelefonar kan brukast til å støtte helseåtferd, og sosial ulikskap i korleis befolkninga brukar Internett til helseformål. Dei siste ti åra har ho jobba som leiar ved UiT Norges arktiske universitet, mellom anna som prodekan forskarutdanning og praksis ved Det helsevitenskapelige fakultet.