Lytt og lær om ingeniørutdanninga si historie

Er du interessert i historie og samfunnsutvikling? Då er podcasten "Ingeniørane som bygde Vestlandet" noko for deg!

Saman med ulike gjester i studio, drar programleiar Anne Sofie Bjelland oss gjennom reisa frå etableringa av Bergen Tekniske Skole i 1875 og fram til i dag. Gjennom fem episodar får vi høyre korleis ingeniøryrket har vakse fram og utvikla seg i takt med store endringar i samfunnet.

Frå å vere ei utdanning for dei få og priviligerte, blir i dag fleire hundre ingeniørar utdanna ved Høgskulen på Vestlandet kvart år. Vi følgjer utdanninga gjennom oppturar og nedturar. Gjennom små og store historier får du eit innblikk i korleis den har tatt form.

Podcasten er laga i samband med ingeniørutdanninga sitt 150-årsjubileum i 2025. Den består av fem episodar:

  1. Teknikarane som bygde framtida
  2. Utdanningseksplosjonen 
  3. Brytningstid 
  4. Kvinner i ingeniørfag 
  5. Inn i framtida 

Du finn alle episodane der du lyttar til podcast (Spotify, Apple m.fl).

Du kan også lytte til podcasten her.

Gjester i serien er: Morten Hammerborg, Håvard Brede Aven, Trond Mohn, Ole Gunnar Søgnen, Steinar Jakobsen, Michelle Sæther, Kristin Fanebust Hetland, Lise Bjørkhaug Gundersen, Mathias Fischer og Jens Kristian Fosse. 

Podcasten er produsert av Medielab ved HVL.