
Nybygg løftar studentmiljøet på Stord
Studenthuset Granheim midt på campus Stord har fått nytt tilbygg med betre plass, moderne fasilitetar og universell utforming.
- Vi håper og trur at nye Granheim vil gi ein ny dimensjon til det å studere på campus Stord. Ein god stad som er ope og inkluderande for alle, seier einigsleiar Haakon Georg Grung Moe i avdeling for arealforvalting, drift og utvikling i HVL
Han fortel at nybygget er kopla til det eldre studenthuset med ei flott glasbru. Det er og bygd eit nytt inngangsparti med heis.
Det er Statsbygg som har stått for nybygget og opprustinga både ute og inne.
– Det er viktig at alle kan bruke bygga våre. Alle skal ha like moglegheiter, og eit studenthus betyr svært mykje for det sosiale samværet når ein studerer.
- No gler vi oss til at det blir tatt i bruk, sa avdelingsdirektør Jennie Bakke i Statsbygg under den offisielle opninga 10. mars.
Ho fortel at uteområda òg er blitt universelt utforma, mellom anna med ein gangsti ut på baksida som bind uteområda saman.
Bygginga av det nye tilbygget starta i desember 2020 og prosjektet stod ferdig til semesterstart i fjor haust, men sjølve opninga blei utsett grunna pandemien.
- No er det opp til studentane å fylle huset med liv og røre, sa Haakon Georg Moe og overlevert eit gåvekort til Studentersamfundet på Stord.
FEIRA OPNINGA AV NYE GRANHEIM: Gro Nesheim frå Studentsamskipnaden (tv), avdelingsdirektør Jennie Bakke i Statsbygg, prosjektleiar Sverre Øgaard i Statsbygg, einigsleiar Haakon Georg Grung Moe i avdeling for arealforvalting, drift og utvikling i HVL, Marthe Holmedal frå Studentersamfundet Stord, Grethe Nygård frå Studentersamfundet Stord, Per Steinar Leirvik frå Engelsen Bygg AS og Emilie Haukefær frå Studentersamfundet Stord var alle med på opninga 10. mars.