Nytt og spennande campusprosjekt tar form på HVL Stord

Ein kreativ verkstad med brei deltaking har gitt gode innspel til korleis Høgskulen på Vestlandet sin campus Stord kan vidareutviklast. No skal det sjåast meir mot havet.

Godt over 60 personar frå lokalsamfunnet og regionen, HVL-tilsette og studentar var denne veka samla for å jobbe fram idear til korleis campus Stord kan vidareutviklast inn i framtida. HVL campus Stord har som kjend hatt lærarutdanning i over 180 år og sidan midten av 70-tallet har også campusen hatt tilbod innan helsefag. Desse studieprogramma og forskingsaktiviteten skal sjølvsagt òg med, når campusen no skal utviklast vidare med blikk mot naturressursane som omgjev han.

 – Vi har eit mål om  å gjere campus Stord meir attraktiv for studentar og tilsette, og tydeliggjere campusen sin profil. Vi ønskjer i større grad å involvere studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar i dette arbeidet. I tillegg forventar Kunnskapsdepartementet at vi har strategi og planar for dei ulike campusane, seier rektor for HVL, Berit Rokne. Ho er svært nøgd med forslaga som kom ut av verkstaden.

– Det var så mykje bra å hente i alle forslaga, og alt arbeidet som låg bak. Sjølv om vi skal ta med oss eit spesifikt konsept vi skal jobbe vidare med, har vi likevel med oss dei andre gode innspela i det vidare arbeidet, fortel ho.

Tett på lokalsamfunnet og regionen

I løpet av to dagar blei fem nyskapande og gjennomarbeida idear for korleis campus Stord kan utvikle seg jobba fram gjennom ein digital verkstad. I juryen, som bestod av HVL si strategiske leiargruppe, studenttingleiaren og ein hovudtillitsvald, var det semje om vinnarkonseptet: Campus Stord – med havet som læringsarena.

Portrettbilde av Mariann Jacobsen HiltFleire av deltakarane som kom utanfrå HVL syntest det var spennande å vere med og utforme idear for den lokale campusen. Kommunalsjef i Stord kommune, Mariann Jacobsen Hilt, opplevde at verkstaden bidrog til mange kreative og gode prosessar. – Dette trur eg handla om at ein hadde sett saman personar med ulik bakgrunn, ulik kompetanse og ulik tilnærming, som alle hadde eit stort engasjement i campusen her på Stord. Gjennom ein godt organisert prosess kom det fram mange kreative og konstruktive forslag, det vert no opp til ansvarlege å fylgja dette opp. Stord kommune vil framover ha behov for mange nye kompetente tilsette, samtidig som me har behov for å stadig å fornya kompetansen til dei tilsette me har. Me er glade for å kunna ha ein campus med god og framtidsretta kompetanse her hos oss, fortel ho.

Leiar for Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre, Willie Wåge, synast òg det var spennande å vere med på utvikling av campusen sine framtidige tilbod. – For å få fart på det grøne skiftet og utvikla nye berekraftige energiberarar, treng næringslivet nytt mannskap med rett utdanning og røynsle. Det er stort å få ta ein liten del i det å staka ut kursen for dei kommande bedriftsleiarane våre.

Portrettbilde av Willie Wågen

Willie Wågen, leiar i Sustainable Energy Norwegian Catapult Centre. Foto: Marius Knutsen.

Genuin lokal interesse

Portrettbilde av Kjetil SømoeTilsette ved HVL var tilsvarande glade for å ha med lokale ressurspersonar i arbeidet med å meisle ut tenkelege retningar for høgskulen, som har ambisjonar om å bli universitet. – Det var veldig fint å delta i noko som handla om å skape noko unikt på campus Stord. Samarbeidet med dei eksterne var givande og det var fantastisk å oppleve at representantar for lokalt næringsliv og nærkommunane er genuint interesserte i å bidra til å utvikle studiestaden vår til å bli ein enda viktigare samarbeidspartner, seier Kjetil Sømoe, frå lærarutdanninga.

– Det kom opp mange gode idear som eg håpar vi fagtilsette blir invitert til å jobbe vidare med å realisere. Då trengast ei lokalt forankra prosjektgruppe med handlingsrom til å la Campus Stord gjere sine eigne strategiske vegvalg, også innanfor utdanningsprogramma.

Utviklast vidare som prosjekt i haust

Dei fem forslaga som blei jobba fram dreidde seg om Havet, Grøn Campus, Speed-master, Klima- og berekraftlæraren, og Industrimaster. No skal resultata frå verkstaden og vinnarkonseptet presenterast for HVL-styret over sommaren.

– Me vil starte planlegging i august og siktar oss inn mot oppstart i september. Det vil vere naturleg å inkludere breitt, både tilsette og eksterne, til å jobbe med å utvikle prosjektet vidare, fortel organisasjonsdirektør Tage Båtsvik.

– Me ser på deltakinga frå eksterne samarbeidspartnarar og lokale ressurspersonar at samarbeid med lokalsamfunnet er viktig uansett kva utvikling det er snakk om, seier han.

Frå rododendron til hav

Vinnarkonseptet foreslo mellom anna å dyrke Stord si unike plass ved havet som læringsarena i dei eksisterande studietilboda, og å integrere studentaktive læringsformer knytt til hav og kyst, som dykking og båtliv, i utdanningane og studielivet.

Det klang godt øyra til tidelegare Stordabu og no viserektor ved Universitetet i Tromsø, Sveinung Eikeland, som deltok på verkstaden som ekspert. Han synst det var interessant å følgje arbeidet og konklusjonane som blei gjort, og trur at det at HVL no koplar høgskulen med storindustri, hav og berekraft er noko nytt samanlikna med den historiske campusen på stord.

– Det beste sitatet frå verkstaden var: «No har me sett på dei store rododendronane i over 100 år, no må me sjå havet». Den fanga opp ei svært spennande utvikling på HVL på Stord, meiner han.

Konseptet som vann peika på korleis havet er eit av dei viktigaste satsingsområda i Noreg og ei vesentleg kjelde til verdiskaping. – Det er eit stort behov for å auke kunnskapen om hav, kyst og berekraftig forvaltning av havressursane. Å skape  eigarskap til naturen vår, nærområda våre, reint hav og sunt artsmangfald er essensielt å danne medvit om i barnehage og skule, argumenterte Kine Johnsen Aadland, rådgivar ved HVL Stord, i presentasjonen av vinnarforslaget.

HVL skal i gang med å utvikle ein campusutviklingsstrategi, og handlingsplanar for alle fem campusane. Verkstaden på Stord var først ut, og sånn sett ein pilot for dei andre campusane.

Her kan de sjå oppsummering av alle forslaga.