Ny styremedlem i UHR
Rektor Gunnar Yttri er valt inn som fast styremedlem i samarbeidsorganet Universitets- og høgskolerådet (UHR).
- Eg er glad for å bli valt inn og takkar for tilliten. Her står samarbeid med mange dyktige leiarar føre.
- Høgskulen på Vestlandet er ein stor og viktig institusjon og vi har ei sentral rolle i UHR og utviklinga av høgare utdanning og forsking.
Ny leiing i UHR
Representantskapsmøte i Universitets- og høgskolerådet valte denne veka rektor Sunniva Whittaker ved Universitetet i Agder som ny leiar, og rektor Svein Stølen, rektor ved Universitetet i Oslo blir nestleiar.
- Dei representerer breidda i sektoren vår. Det er bra og viktig. Vår sektor består av eit stort mangfald og det må speglast att.
Mangfald i sektoren
Yttri fortel at den nasjonale politikken innan høgare utdanning og forsking er i endring.
- Me er mange som ser at UHR vil få ei viktigare og sterkare rolle framover som interesseorganisasjon. Kunnskapssektoren er i endring og omstilling. Det ligg mange viktige og aktuelle saker kring oss av stor tyding, mellom anna finansiering og styring av høgare utdanning og forsking, ny UH-lov, arbeidslivsrelevans, kompetansereforma lære heile livet, internasjonalisering og innovasjon.
- Fleire av sakene står me saman om i sektoren, og så vil det vera saker som me har ulikt syn på.
- Det at HVL no stig fram som eit nytt universitet med vår eigenart og profil bidreg til eit godt og naudsynt mangfald i sektoren. HVL har ei sentral stemme og kraft her på Vestlandet, men og nasjonalt og internasjonalt.
Fleire HVL-leiarar deltek
Yttri fortel at fleire andre i toppleiinga ved HVL har og har hatt viktige roller og funksjonar i UHR.
- Me er godt representert med fleire av våre dekanar og direktørar i ulike nasjonale arbeidsgrupper, arbeidsutval og einingar. Eit omfattande arbeid vert lagt ned frå vår side og eg er stolt over at HVL markerer seg og tek nasjonalt ansvar.
- Sameleis har me prorektorar som har viktige roller innan UHR-forsking og UHR-utdanning. No kjem det og opp eit nytt område kalla UHR-innovasjon. Her vil det og vera naturleg at me tek ein tydeleg plass.