Starta høgskulens første vitskaplige tidsskrift

Tidsskriftet NORDVEI tek føre seg temaet rettleiing, som er sentralt for mange profesjonar. Tidsskriftet blei nyleg godkjent som publikasjon på nivå ein.

 - Vi er svært glade for å ha fått til dette. Rettleiing er eit relativt ungt fagfelt, og det har vore lite forsking på det. No trur vi at feltet vil få eit stort løft, seier Dorthea Sekkingstad, høgskulelektor ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

- Vi vil oppfordre kollegaene våre ved HVL til å sende inn bidrag til tidsskriftet.

Saman med Ingrid Fossøy, dosent ved same fakultet, har ho vore primus motor innanfor feltet rettleiing gjennom fleire år. Alt på nittitalet var dei, saman med fagtilsette frå helse- og sosialutdanningane, sentrale i etablering og drift av Rettleiarnettverket i Sogn og Fjordane. Gjennom dette nettverket har dei hatt eit tett samarbeid med Universitetet i Agder. For to år sidan starta dei tidsskriftet NORDVEI i samarbeid med dosent Carl Christian Backhe og Johanna Quarles Van Ufford, Universitetet i Agder. Saman utgjer dei redaksjonen i tidsskriftet.

Sentralt for læring og utvikling

Rettleiing er sentralt for utdanning av studentar og ikkje minst i utøvinga av ulike yrke, spesielt innan profesjonar som lærar, helsefag og sosialfag. 

Læring og utvikling dannar utgangspunkt for all rettleiing. Litteraturen framhevar rettleiing som læreprosess, kompetanseutvikling og som innfallsvinkel til å utvikle ulike yrkesgrupper sin profesjonalitet. Rettleiing kan og opne opp for å verdsetje og utvikle yrkesutøvarane sine erfaringar og kunnskap, og ikkje minst skape vilkår for kritiske vurderingar av eigen praksis.

Eit vedvarande kritisk blikk på eigen praksis og mulegheiter til å inngå i kollektive læringsprosessar på arbeidsplassen ser og ut til å vere ein føresetnad for å fremje kvalitet i profesjonsutviklinga. Rettleiing kan slik og medverke til å utvikle organisasjonar som lærande. 

NORDVEI er ei forkorting for Nordisk tidsskrift i veiledningspedagogikk. Formålet med tidsskriftet er å bidra til kompetanseutvikling i dette feltet, på tvers av profesjonsgrupper. Det skal også gi folk som jobbar med rettleiingspedagogikk eit felles talerør som styrkjer forskingsaktivitet og tilhøyrigheit på feltet. Artiklane blir publiserte på norsk, dans, svensk og engelsk, og alt innhald har open tilgang. Universitetsbiblioteket i Bergen driftar sida, og det er gratis både å publisere og laste ned artiklar på den. 

Fleire sjangrar

I tillegg til vitskaplege artiklar, publiserer NORDVEI også fagartiklar, essay, bokmeldingar, praksisforteljingar og praksisnarrativ. Målet er å nå ut til målgrupper også utanfor det vitskaplege feltet, og tidsskriftet har ein nordisk profil.

- Interessa for å publisere har vore merkbar frå første stund. Vi har teke imot artiklar frå anerkjente forskarar og fagmiljø i heile norden. Etter godkjenninga som vitskapleg tidsskrift på nivå 1, har vi merka eit ytterlegare løft i innsendinga av artiklar, seier Ingrid Fossøy. 

- Vi trur dette vil hjelpe stort med å synleggjere eit sentralt og viktig felt for fleire profesjonar.