Oddmund Løkensgard Hoel er ny statssekretær i Kunnskapsdepartementet

Hoel, som er professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet, gler seg til jobben med å gjennomføre regjeringa sine ambisjonar i Hurdalsplattforma. Desentralisering av høgare utdanning blir ei hjartesak.

- Eg er veldig glad for å ha blitt spurt! Eg har sagt ja til dette ikkje minst fordi eg kan stå 110 prosent inne for dei premissa den nye regjeringa har lagt for sektoren, seier Hoel.

I dagens statsråd blei han utnemnd til statssekretær for forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp).

Hoel har jobba for HVL sidan 2007 og er del av historiemiljøet i Sogndal. Han har vore aktiv i styrearbeid for tidlegare HiSF, har klare meiningar innan utdanningspolitikk og sit i Luster kommunestyre som representant for Senterpartiet. I departementet sit også Tonje Brenna (Ap) som kunnskapsminister, og statssekretær Signe Bjotveit (Sp), student ved UiO og jølstring. Hoel bur i Jostedalen, men liks med statsråden kjem han opphavleg frå Trondheim.

Brenn for desentralisering

- Det som blir sentralt i arbeidet, er å styrke høgare utdanning over heile landet. Ei desentralisert satsing på høgare utdanning er den grunnleggande retninga i Hurdalserklæringa, ut ifrå ei innsikt i at høgare utdanning speler ei veldig viktig rolle for arbeidsliv og busetnad, seier Hoel.

Eit konkret grep den nye regjeringa tok med det same, var å love attreisinga av eit fullverdig høgare utdanningstilbod på Nesna. Campusen på Nesna, som har vore ein del av Nord universitet, blei i 2019 bestemt nedlagt som eit ledd i omstrukturering av universitetet og ny studiestadstruktur.

- Vi ønsker dessutan å gå gjennom høgare utdanning i heile landet, og sjå korleis desentraliseringa kan styrkast med eit meir samla grep. Det er eit arbeid som begynner no, seier Hoel.

- På same tid formulerer også regjeringserklæringa tydelege ambisjonar på forsking. Vi skal ha verdsleiande forsking i våre institusjonar, og den akademiske fridomen er grunnleggande å hegne om.

Vil styrke norsk språk i akademia

Ei anna hjartesak for Hoel og regjeringa han går inn i, er det norske språket. Saman med statsråden vil han jobbe for å styrke norsk språk i høgare utdanning og forsking, der engelsk har vore dominerande. Dette er også ein tydeleg ambisjon i plattforma. Sjølv har Hoel vore leiar i Noregs mållag og tidlegare forlagsredaktør i Det Norske Samlaget.

- Vi må jobbe for at sektoren tek eit større ansvar for norsk språk, seier Hoel.

- Den tidlegare regjeringa var sterkt oppteken av ei satsing på livslang læring og arbeidslivsretting i høgare utdanning. Kva betyr dei sakene for deg?

- Noko av det første vi skal gjere som ny regjering, er å sjå nærare på grunnlaget som er lagt av den førre regjeringa. Så må vi sjå korleis vi held oss til det. Der er vi heilt i startfasen.

Stor forandring i kvardagen

Hoel tok til i den nye jobben klokka 12 i dag. For historikaren og jostedølen blir det ei stor overgang frå kvardagen han har hatt til no. Førre gong han var i Oslo, sat han på Riksarkivet i tre dagar og forska i gamle dokument frå Justisdepartementet frå 1821, noko som han ser på som ein draum – å få sitte heilt avskore frå omverda elles og fordjupe seg i fortida.

- Det å drive med forsking er nerding i ekstrem grad! Lidenskapen min er å gå på oppdagingsferd i historia, og finne ting eg ikkje visste om før. Korleis livet arta seg for folk i fortida, korleis kvardagen deira var, korleis dei tenkte, seier Hoel.

- Å komme over alle dei lagnadene, er noko av det som har drive meg mest som historikar.

Nasjonsbygging og identitetshistorie har vore sentrale tema Hoel har jobba med. Då han jobba med eit bind i Soga om Sogn og Fjordane, var det særleg utdanningshistoria han såg på, i perioden 1875-1945.

Tidlegare fusjonsmotstandar

 - Eg har sett gjennom historia kor viktig utdanning har vore i samfunnsbygginga. Den høgare utdanningsrevolusjonen frå dei siste femti åra er utruleg – på den tida gjekk vi frå at nokre veldig få tok høgare utdanning, til at om lag halve ungdomskulla gjer det, seier Hoel.

Dei siste få åra har også utdanningslandskapet endra seg raskt, med fusjonar og framveksten av nye arbeidslivsretta universitet. Undervegs har Hoel ikkje berre vore glad for endringane han har sett. Som styremedlem i den tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane markerte han seg som ein sterk fusjonsmotstandar.

- Eg trur framleis at gamle HiSF ville hatt ei god framtid aleine. Men då vedtaket var gjort, såg eg meg aldri tilbake. Då hadde vi komme inn i ein ny fase, og eg har jobba for å gjere den nye institusjonen så bra som mogleg. Eg er nøgd med å vere med på det!

Professoren er inspirert av å skulle vere med på å forme sektoren vidare. Han trur det blir artig og meiningsfylt.

- Høgare utdanning og forsking er ein utruleg viktig sektor for framtida, for korleis Noreg vil sjå ut om 50-70 år. Vi utdannar dei som skal stå i arbeid fram til 2070, så vi jobbar med langsiktige perspektiv. Det er ei stor glede for meg å få jobbe politisk med dei spørsmåla eg har jobba profesjonelt med til no, seier han.