Oddmund Løkensgard Hoel har fått opprykk til professor i historie

Han forskar på nyare norsk språkhistorie og lokalhistorie. Saman med fagfolk frå heile Norge har han bidratt til storverket «Norsk språkhistorie» som nylig ble lansert og er den største norske språkhistoria som nokon gong er skriven.

No har Oddmund Løkensgard Hoel fått opprykk til professor i historie. Han har hatt ei fagstilling i historie sidan 2007, fyrst ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, seinare HVL og er i dag programansvarleg for historie og samfunnsfag ved Institutt for samfunnsvitskap i Sogndal.

Kva forskingsgruppe tilhøyrer du?

Forskingsmiljøet med dei strålande kollegaene mine på Institutt for samfunnsvitskap blir no tydelegare formalisert som Forskargruppa for samfunnsendring, mobilitet, ungdom, kultur og kunnskap (SMUKK). Elles er eg med i forskargruppa for historie, politikk og samfunnsutvikling (HIPOLS) som er etablert ved samfunnsfag i lærarutdanninga ved NTNU.

Dei viktigaste forskarkollektiva eg har delteke i, er elles ikkje eigne forskingsgrupper ved høgskulen, men nasjonale og internasjonale grupper bygt opp kring dei større forskingsprosjekta eg har vore med på. Det gjeld både TRAUM, «Soga om Sogn og Fjordane» og «Norsk språkhistorie».

Kva forskar du på?

Det eine sentrale forskingsområdet mitt er nyare norsk språkhistorie med vekt på språkpolitikk, språkstrid og språket si rolle i samfunnet, det som gjerne blir kalla ytre språkhistorie. Ulike periodar i den norske språkstriden var emne både for hovudoppgåva mi i nordisk språk og litteratur og doktorgraden i historie. Eg har også vore med på det store firebandsverket «Norsk språkhistorie» som vart lansert no i januar og som mest 40 forskarar har delteke i.

Det andre sentrale feltet mitt er region- og lokalhistorie. Me gav i 2017 ut «Soga om Sogn og Fjordane» der eg skreiv eitt av fire band og var prosjektkoordinator. Eg bur i Jostedalen, som eg vil kalle mitt vesle historielaboratorium. Dei lokalhistoriske emna eg skriv om, vekkjer stor interesse lokalt, samstundes som lokale nærstudium også er verdfulle for å kaste lys over meir generelle historiske prosessar. Så eg har også skrive fleire vitskaplege artiklar med utgangspunkt i historia til Jostedalen, Luster og Sogn. Perioden i norsk historie eg har arbeidd mest med, er 1800-talet og fyrste halvdel av 1900-talet, men eg har også funne det gjevande å arbeide med lokalhistoriske tema på 16- og 1700-talet.

Korleis byrja di forskarkarriere?

Mitt fyrste skikkelege møte med forskingsverksemd var på nordisk hovudfag i Oslo i 1990-åra der eg fekk vere med på eit stort prosjekt leia av historieprofessor Øystein Sørensen om utviklinga av ein norsk nasjonal identitet på 1800-talet. Det var avgjerande for å vekkje interessa mi ikkje berre for forskinga i seg sjølv, men for at forsking er ein kollektiv aktivitet også i våre fag som framleis er prega av monografiar og eineforfattarskap. Deretter gjorde eg andre ting før eg i 2003 fekk ei stipendiatstilling ved Høgskulen i Volda, og så viste vegen seg å vere kort til Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kan du trekkje fram eitt eller fleire forskingsprosjekt som du jobbar med no?

Dei siste åra har eg kunne kombinere bakgrunnen min frå nordisk språk og litteratur med nyare kulturhistorie gjennom det internasjonale TRAUM-prosjektet (Transforming Author Museums), der tidlegare HVL-historikar (no UiO) Ulrike Spring er ein av initiativtakarane og prosjektleiarane. Her er eg med på eit delprosjekt som studerer korleis nynorske forfattarmuseum og senter har oppstått og endra seg. Elles er eg med på eit jubileumsprosjekt for Sogndal folkehøgskule som er 150 år i 2021 som vil gje eit nytt høve til å studere den svært fascinerande utdanningshistoria til Sogn og Fjordane.

Dersom du fekk uavgrensa med midlar og tid – kva ville du forska på då?

Eg må då fyrst seie at eg tykkjer eg tykkjer eg har hatt gode vilkår og stor fridom til å drive forsking gjennom dei elleve åra eg har vore tilsett ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og seinare HVL. Så det er ikkje sikkert uavgrensa med midlar og tid hadde gjort den store skilnaden.

Men lista over artiklar eg gjerne skulle hatt tid til å skrive, er lang og endrar seg stadig. Skal eg peike på eit par tema det hadde vore interessant å følgje opp gjennom større forskarfellesskap, er det for det fyrste norsk språkpolitikk og språkhistorie i eit breiare internasjonalt komparativt perspektiv. Det andre er ei nærare kartlegging av og forklaring på historiske regionale skilnader i Noreg, både kulturelt, politisk, sosialt og økonomisk, no som mange regionhistorieprosjekt er fullført.

Vi gratulerer med opprykket!