
Økonomi har stor merksemd i styret
Budsjett, rekneskap og livslang læring var sakene styret ga mest merksemd til og retning på i dagens styremøte.
Den økonomiske situasjonen for HVL er solid. Det kom fram i presentasjonen som direktør for økonomi og areal i HVL, Helge Skugstad, gav styret i dagens digitale møte. Men Skugstad minna også om at 2020 har vore eit annleis år.
– På nokre område som til dømes reiser har vi hatt eit mindreforbruk. På andre felt har vi fått utsetjingar. Det underliggjande drifts- og kostnadsbiletet må takast omsyn til.
Laga investeringsplanar
Styreleiar Arvid Hallén understreka det same.
– Kunnskapsdepartementet har auka merksemd på avsetjingane våre. Det vil seie ubrukte midlar som må overførast til seinare år. Mykje av dette er utsett aktivitet der midlane er bundne, men det er også viktig at ein utnyttar det handlingsrommet som avsetjingane gir og at det vert utarbeidd gode investeringsplanar for dette.
Styret vil få slike planar på sitt bord i juni.
Kopla mot kjerneoppgåver
Hallén seier HVL-styret vil ha ei offensiv tilnærming til økonomisituasjonen.
– Høgskulen skårar godt på fleire av dei områda og kvalitetsindikatorane som gir oss utteljing og inntekter både innan utdanning og forsking. Viktigast for styret er at vi har ei offensiv tilnærming og samstundes prioriterer godt. Handlingsrommet må koplast til kjerneoppgåvene våre, og heilt sentralt står satsingar som byggjer opp under ambisjonen om å bli universitetet på Vestlandet.
Ros til tilsette og studentar
I handsaminga av årsrapporten og styrets fråsegn gav styret stor ros til tilsette og studentar for godt arbeid i ei svært krevjande tid.
Studiebaromenteret viser at det har vore ei vanskelig tid for mange studentar og dette må følgjast godt opp, peika styret på.
– I det store og heile skårar HVL jamt bra. Resultata har vore stabile over fleire år. Samstundes bør me ha klare ambisjonar om å skåra betre på fleire indikatorar.
– Rapporten viser tydeleg at vi må ha høgare mål på fleire område. Dette er sjølvsagt eit komplekst og ikkje heilt enkelt og beint fram arbeid. Men gjennom å ta dette ned, gjere gode analysar og dele på tvers og lære av kvarandre, så bør det vere rom for å løfte oss, seier styreleiar Arvid Hallén.
Set fart i livslang læring
Saka om livslang læring fekk ros frå styret.
– Dette er ei sak som styret har vore involvert i ved fleire høve. Rapporten som ligg ved saka er grundig og god. Dette er eit høgt prioritert område som HVL skal lukkast med. I dag ga styret eit klart signal om å sette kraft og fart i arbeidet langs dei hovudlinjene som er teikna ut.