Styrepapira er klare

Torsdag 22. oktober handsamar styret i Høgskulen på Vestlandet saka om omfordeling av studieplassar mellom fakulteta. Rektor Gunnar Yttri tilrår ei omfordeling av 360 studieplassar frå Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) til Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS).

Omfordelinga utgjer om lag 20 millionar kroner og skal innfasast over ein 4-årsperiode frå og med 2027.

I saksutgreiinga (se sak 45/26-B https://opengov.360online.com/Meetings/hvl-uninett/Meetings/Details/905160) har rektor vurdert fire ulike alternativ for omfordeling opp i mot prinsippa som styret vedtok i styremøtet 10. september, konsekvensvurderingane til fakulteta og andre innspel.

Dei fire alternativa som er vurdert:

  • Alternativ 0: Ingen omfordeling mellom fakulteta.
  • Alternativ 1: Omfordeling av 180 studieplassar (om lag 10 mill. kr) frå FLKI til FHS.
  • Alternativ 2: Omfordeling av 360 studieplassar (om lag 20 mill. kr) frå FLKI til FHS.
  • Alternativ 3: Omfordeling av 540 studieplassar (om lag 30 mill. kr) frå FLKI til FHS (420 studieplassar/om lag 23,5 mill. kr) og Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS) (120 studieplassar/om lag 6,5 mill. kr).

Prinsippa for omfordeling

  • HVL skal ha mål om å fylle studieplassane og utdanne kandidatar som samfunnet treng og etterspør
  • HVL skal ha mål om å utnytte dei samla ressursane betre i møte med regionale og nasjonale kompetansebehov

  • HVL skal sikre betre samsvar mellom basistildelinga til fakulteta og den reelle studieaktiviteten og arbeide fram rimeleg like vilkår mellom fakulteta for å utføre heile samfunnsoppdraget

  • HVL skal ta omsyn til den regionale og nasjonale konkurransesituasjonen for utdanningar i HVL. 

Rektor skriv i saka at omfordeling av 360 studieplassar (alternativ 2) er det mest realistiske å gjennomføre. Det vil bidra til at HVL samla sett kan ivareta heile samfunnsoppdraget i tråd med HVL sin strategi og ambisjonane om å utvikla og styrka fem levande campus og tre sterke fakultet.

Ei omfordeling av 360 studieplassar vil bidra til at Fakultet for helse- og sosialvitskap kan utvikla seg gjennom ei betre basisfinansiering knytt til studieplassar. Omfordelinga vil og gi Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett føreseielege vilkår og tid til å gjennomføre nødvendige prioriteringar og tilpassingar for å trygge fagmiljø og sikre utdanningskvalitet.

I framlegg til vedtak legg rektor til grunn at det framleis er kring 500 ledige studieplassar ved FLKI. Saman med risikoreduserande tiltak, som å nytte eigne økonomiske reservar/avsetjingar ved behov dei næraste åra, gir det fakultetet grunnlag til omlegging av studieprogram og utvikling knytt til ny rammeplan for lærarutdanningane. Auka rekruttering og resultatinntekt kan og vera med å dempe effekten av reduksjon i basisinntektene dei neste åra, samstundes som fakultetet sine studieplassar blir betre fylt opp. 

Eit anna risikoreduserande tiltak i saka som famnar alle fakultet, er styringsprinsippa som styret har vedteke om at studieporteføljeutvikling skal ha ei hovudgjennomgang kvart fjerde år, men også ei årleg mindre omfattande vurdering. Det siste blir viktige stopp-punkt for å vurdere status og vidare utvikling undervegs.

Forventningar frå Regjeringa

I saka viser rektor også til dei nyaste signala i statsbudsjettet for 2027. Regjeringa skriv at dei forventar at universitet og høgskular omdisponerer eigne rammer for å møte nasjonale kandidatbehov i helsesektoren, samstundes som det slås fast at hovudoppgåva for lærarutdanningane er å fylle eksisterande plassar og heve gjennomføringa. Regjeringa viser til at det framleis er stor og vedvarande nasjonal mangel på barnehagelærarar og kvalifiserte lærarar i skulen, og HVL vert vidareført som vertskapsinstitusjon for Nasjonalt prosjekt for lærarrekruttering.

Avslutningsvis skriv rektor at det i samtalar med dekanane har blitt peikt på eit potensial for auka samarbeid om forsking, utvikling, innovasjon og utdanning på tvers av fakulteta. Rektor legg opp til at det vert arbeidd vidare med det gjennom evalueringa av høgskulen si rammefordelingsmodell. Men alt i budsjettet for 2027 ønskjer rektor å leggje til rette for ei slik finansieringsordning gjennom bruk av strategiske midlar. 

Rektor skriv at det i framhaldet av saka også blir viktig å sjå nærare på fakulteta si aukande resultatutsetjing, og at han legg opp til at det vert arbeidd vidare med det gjennom evalueringa av rammefordelingsmodellen. 

Statsbudsjett 2027 og utvikling av nordtomta på Kronstad 

Av andre saker høgskulestyret skal handsame i møtet torsdag 22. oktober er fleire knytt til utvikling av studieporteføljen. Arbeidet med etablerings-, nedleggings- og utgreiingsløyver for ulike utdanningar er eit stort og omfattande arbeid i høgskulen og følgjer faste prosedyrar i fakulteta. 

Under møtet i Haugesund skal styret også handsama:
- satsingsforslag 2028 - innspel til Kunnskapsdepartementet
- verksemdsrapport per 2. tertial 2026, inkludert rekneskap
- K3 Bergen - utvikling av nordtomta på Kronstad

Styret vil og få ei statusoppdatering for universitetsprosjektet og ei orientering om forslag til statsbudsjett for 2027 og hovudprioriteringar.

Strøyming av styremøte

Styremøte vil bli strøyma og køyreplan for møtet vil bli lagt ut på denne nettsida: i https://www.hvl.no/om/styret/styremoter-2026/  

Lenke til alle styrepapira: HVL – Møtebehandlinger - Møter - Høgskulestyret 2023-2027 - møte 06/2026 (21.10.2026)