Ønsker meir samarbeid om havvind

Deep Wind Offshore (DWO) føreslår fleire samarbeid med HVL innan teknologi, maritime operasjonar, digitalisering og miljø.

Den lokale bedrifta, som i partnarskap med den franske energigiganten EDF, tek sikte på å vinne fram i konkurransen om å bygge ut havvind i Norge. Dei venter no på fastsetting av tildelingskriteria frå regjeringa før dei kan fullføre søknaden om konsesjon for utbygging.

Ein viktig møteplass

Den 17. juni var Petter Sveindal og Henrik Kirkeby frå DWO tilstade i Haugesund då havvindforumet, som er starta opp av Senter for sjøsikkerhet, hadde sitt andre møte.

havvindforum2,1.jpg

Forumet, som har sitt utspring frå campus Haugesund, er meint å være ein møteplass på tvers av fagmiljø der ulike tema innan havvind blir diskutert.

Det er også ønskeleg at andre relevante fagmiljø ved HVL blir inkludert etter kvart. Per no deltek fagfolk frå datateknologi, elektroteknologi og realfag (IDER), institutt for maskin og marin, organisasjonsfag, innovasjon, mikrobiologi og maritime operasjonar.

Under møtet 17.juni presenterte førsteamanuensis Mahdi Ghane ved IDER frå sitt forskingsfelt innan vindenergi, feildiagnostisering og tilstandskontroll. Han inviterte då DWO til samarbeid innan ulike former for optimalisering og digitalisering for havvindoperasjonar.

havvindforum2,2.jpg

Sveindal og Kirkeby understrekte at dei var interesserte i å lære meir om fagmiljøa ved HVL og ønskte samarbeid innan teknologi, maritime operasjonar, digitalisering og miljø i framtida.

Senter for sjøsikkerhet vil følge opp initiativa frå møtet og koordinere fram mot ein eventuell søknad om finansiering av eit forskings- og innovasjonsprosjekt.

Nyttig med fleire perspektiv

Sjølv om fokus innan havvind ofte er på teknologi og energi, så viser deltakarane i havvindforumet at dette er eit område som spenner breitt.

- Det er ein styrke i slike diskusjonar at ein får løfta fram fleire perspektiv. På denne måten kan ein bidra til meir berekraftige og heilskaplege løysingar – for eksempel i samarbeid med Deep Wind Offshore, seier prosjektleiar Kristoffer F. Sortland ved Senter for sjøsikkerhet.

Kristoffer, Senter for sjøsikkerhet.jpg
Han meiner det er naturleg at det var oppretta eit slikt forum for nettopp havvind.

- Når ein samla region peikar på havvind som ein ny, stor og viktig næring, så må sjølvsagt utdanningsinstitusjonane vere framoverlente og bidra med relevant kunnskapsformidling, seier Sortland.